Korleis oppdagar du ein deepfake?

Teknologi i dag gjer det lettare enn nokon gong å faktasjekka det du ser og høyrer, men samstundes er det lettare enn nokon gong å bli lurt.

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.

Kunstig intelligens har gjeve oss tilgang på teknologi som kan laga lydklipp, videoar og bilete som kan overtyda dei fleste.

Lydklipp av amerikanske presidentar som er samla i ein Minecraft-server og bilete av pave Frans i designerjakke dukkar opp på internett og gjer oss forvirra.

Men korleis kan du passa på at det du ser faktisk stemmer? 

  • Ser det ut som ei glansbilete? Eit sikker teikn på at det du ser er blitt tukla med er at personen på biletet har heilt glatt hud, klåre auge og perfekt hår. DeepFakes ser ofte ut som unaturlege glansbilete. Sjå ekstra godt etter, så kan du sjå teikn til at biletet er laga av ein datamaskin.
  • Fem fingrar? Sjølv om DeepFakes har blitt veldig avanserte er det framleis mange ting den ikkje klarer. Dei gløymer ofte kor mange fingrar menneske har. Sjå om personen har så mange fingrar, armar, auge og øyrer som dei vanlegvis har.
  • Naturlege rørsler? I videoar bør ein sjå etter kor naturlege rørslene og oppførselen til personen er. Blinkar dei med auga? Blinkar dei for ofte eller ikkje ofte nok?
  • Sjekk detaljane! DeepFakes kan vera overtydande, men du kan finna svaret om du ser nøye etter. Sjå på føflekkar, hår og korleis auga rører på seg. Dei som lager DeepFakes håper på at du skal oversjå detaljane.
  • Søk det opp om du er usikker! Kanskje nokon andre har sjekka om biletet er ekte.
Pave Frans i boblejakke

Foto: NTB / Ali Zare, illustrasjon Framtida Junior


Les også: – Vi treng desperat reguleringar av kunstig intelligens