Burde russetida flyttast til etter eksamen? Dette meiner ungdomspartia

Edith Meek Allern
Publisert
Oppdatert 22.04.2023 19:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slutten av mange års skulegang nærmar seg for avgangselevar i vidaregåande. Over store delar av landet er russefeiringa er allereie i gang. Med andre ord står mange ovanfor fleire veker i spagat – mellom russetid på den eine sida, og eksamenar på den andre.

I Tromsø har russen bestemt seg for å gjere det annleis. Der har alle dei vidaregåande skulane flytta russefeiringa i år frå mai til juni. På den måten kan dei først fokusere på eksamen, og feire etterpå.

Tidlegare i vår tok Unge Høgre-toppar i Tromsø, Bergen og Oslo til orde for å flytte russetida til etter eksamen. Unge Høgre sin vedtekne politikk er å flytte skriftlege eksamenar til før 17. mai. Slik kan festen byrje etter eksamenstida.

Så kor går grensa mellom juss … orsak – russ og politikk?

Vi har teke ein runde med alle ungdomspartia for å høyre kva dei meiner saka, og forslaget om å flytte russetida.


Simen Velle, Framstegspartiets Ungdom: – Unge Høgre diltar etter

FpU-leiar Simen Velle minnast eiga russetid som morosam og koseleg. Han meiner russefeiring er ein stolt og lang tradisjon i Noreg. Foto: FpU

FpU-leiar Simen Velle seier forslaget om å flytte russetida er ein kjempeidé. Han understrekar at det opphavleg er eit forslag frå FpU:

Vi har argumentert for dette i over ti år. Eg set pris på at Unge Høgre no diltar etter. Det er flott at dei har funne dette i programmet vårt, seier Velle.

Han synest ikkje skuleåret skal styrast etter ein fest, men meiner betre harmonisering mellom eksamen og russetid ville ha hatt positive verknader for begge delar.

– Tre til seks veker med festing som opplading til eksamenar, er ei ordning som hemmar sluttresultata, seier Velle.

Sjølv hadde han skriftleg nynorsk-eksamen på andre dag av russetida:

– Det var ikkje veldig morosamt, fortel han.

Sjølv om Velle meiner tydinga for eksamen er det viktigaste, trekk han fram at ei endring av rekkjefølgja òg vil gi ei finare russetid:

Eg trur alle kan vere einige om at det er fint å vere ferdig på skulen når ein skal feire at ein nettopp er ferdig på skulen.

Velle understrekar likevel at dette ikkje er noko politikarar kan vedta, men at avgjerda ligg hos russen sjølv.

– Stortinget har ingenting med russefeiringa å gjere, seier Velle.


Tobias Stokkeland, Grøn Ungdom: – Ikkje Utdanningsdirektoratet eller Høgres hus som skal organisere russetida

Talsperson i Grøn Ungdom, Tobias Stokkeland gjekk vidaregåande i Eswatini, ved United World Colleges. Han hadde planlagt å dra heim for å vere med på russefeiringa. Det skjedde ikkje då han mista passet sitt. Foto: GU

Talsperson i Grøn Ungdom, Tobias Stokkeland, meiner det er gode grunner til å leggje russetida etter eksamen, men berre om russen vil.

Stokkeland seier det har vore fleire moglegheiter for russ til å endre tidspunktet for feiringa, mellom anna under pandemien, og at det i det store og heile ikkje har vist seg å gi gjenklang hos russen.

Då blir det feil av politikarar å bestemme

det annleis, meiner Stokkeland.

Russetida organiserast ikkje av folk i kontora på Høgres hus, Ola Svenneby eller Utdanningsdirektoratet – og det er kanskje like greitt, legg han til.

Blant mykje av det negative ein kan seie om russetida, meiner han at ei politisk endring av tidspunktet dessutan vil fråteke noko av det positive for samfunnet med tradisjonen: Det at unge får erfaring med planlegging og organisering.

Sjølv om han ser konsekvensar for eksamen som ein god grunn til å endre tidspunkt for feiringa, om russen vil det sjølv, meiner han vidare at det berre er å handsame eit symptom på det større problemet – eksamensordninga.

– Du blir trekt opp ein tilfeldig dag i eit tilfeldig fag med tilfeldig tema. Det du presterer då skal ha like mykje å seie som arbeidet heile resten av året, og det kan få store konsekvensar for framtida di. Det er minst like mykje uflaks i å ha ein dårleg dag fordi kjærasten slo opp eller at du ikkje fekk sove, som i å vere bakfull grunna russetid, meiner Stokkeland.

– Eg saknar at Unge Høgre ser dette. Dei har gifta seg med ei eksamensordning og slit med å tenkje nytt, eller eingong litt annleis, legg han til.


Ane Breivik, Unge Venstre: – Ikkje for politikarar å bestemme

Ane Breivik er leiar i Unge Venstre. Foto: Hanna Bakkelund/Unge Venstre

Unge Venstre-leiare, Ane Breivik, er samd i at det ikkje ligg til politikarar å bestemme tidspunkt for russefeiringa:

Det er eit privat initiativ, privat fest. På same måte som eg ikkje legg meg opp i kva øl dei drikk, legg eg meg ikkje opp i datoar. Politikarar skal ikkje bestemme når landstreffet i Kongeparken blir arrangert.

Breivik meiner det er andre skulepolitiske prioriteringar ein burde setje høgare. Ho nemner meir varierte vurderingsformer, fritt skuleval, meir valfridom i eigen timeplan og å fjerna fraversgrensa.

Alle desse sakene knyt seg til å styrke elevar sin fridom og makt over eigen skulekvardag, seier ho.

I forlenginga av dette vil vi heller ikkje detaljstyre datoane dei fester på, seier Breivik.

Med meir varierte vurderingsformer, meiner ho flytting av russetida uansett blir overflødig.


Alberte Tennøe Bekkhus, Rød Ungdom: Ikkje flytte, men fjerne

Alberte Tennøe Bekkhus, leiar i Raud Ungdom. Foto: Ihne Pedersen

– Eg skal ærleg innrømme at eg meiner lite om når eksamen skal vere, og det er fordi eg er mot eksamen, seier leiar i Rød Ungdom, Alberte Tennøe Bekkhus.

Ho meiner eksamensordninga er utdatert, urettferdig, og burde avviklast til fordel for til dømes mappevurdering.

– Om russ lokalt ser at tidspunktet blir dumt, må dei berre bestemme eit anna. For meg som politikar synest eg det er merkeleg å meine noko om datoar for russefeiring, og eg ser ikkje poenget i å bruke mykje tid på ei ordning som er så lite perfekt som eksamen. Det viktigaste for meg er at eksamen må vekk, seier Tennøe Bekkhus.


Håkon Einarsve, AUF: – Unge Høgre ser ut til å bry seg meir om eksamen

Håkon Einarsve, sentralstyremedlem i AUF.Einarsve fortel at han ikkje rakk fristen for å bestille russekort, og kan difor ikkje dele eit med Framtida.no Foto: AUF

Håkon Einarsve er sentralstyremedlem i AUF og leiar ressursgruppa for skule og arbeid. Han er samd i at det må vere opp til russen å endre tidspunkt for feiringa, og at det ikkje er til politikarane å planleggje:

Det speler ikkje noko rolle om Stortinget skulle vedteke dette, dei må bestemme sjølv når dei vil feste, seier han.

Einarsve meiner det offentlege kan og burde leggje meir til rette for russen, men meiner politikarar må prioritere andre endringar enn datoar. Særleg peikar han på tiltak for inkludering og mot kommersielle krefter som han meiner utnyttar russen.


Andrine Hanssen Seppola, Senterungdommen: Begge sider prøver å score billige poeng

Leiar i Senterungdommen, Andrine Seppola. Foto: Senterungdommen

Senterungdom-leiaren var russ i Tromsø i fjor, då feiringa òg blei vedteke utsett til etter eksamen. Dette blei avgjort før ein visste at eksamen skulle bli avlyst.

Ho fortel at det på ei personleg plan var noko kjipt å ikkje vere russ på 17. mai. Ho var lykkeleg for å sleppe eksamen. I eit samfunnsperspektiv, ser ho likevel annleis på det:

– På eit samfunnsplan tenkjer eg russen må bestemme når dei synest det passar å feire, og eg tenkjer at vi treng eksamen for å stille førebudd i høgare utdanning.

Seppola seier vidare at det er grunnleggjande uklokt å setje fest og skule opp mot kvarandre.

I denne saka synest eg både venstresida og høgresida prøver å score billige poeng. Høgresida veit veldig godt at politikarar ikkje bestemmer dette. Venstresida veit godt at eksamen er kome for å bli, meiner ho.


Synnøve Kronen Snyen, Sosialistisk Ungdom: Vil støtte elevar som har bedt om dette lenge

Synnøve Kronen Snyen, leiar i Sosialistisk Ungdom. Foto: SU

– Vi støttar å flytte russetida til etter eksamen fordi vi ønsker å støtte elevane som lenge har bedt om dette, seier Synnøve Kronen Snyen, leiar i SU.

Snyen seier russen i Tromsø viser at det er mogleg å få til feiring etter eksamen også i dag. Likevel etterlyser ho at politikarar og rektorar tek kravet på alvor og kjem på banen for å gjere ordninga gjeldande i heile landet.

At ein vil å fokusere på skule i eksamenstida og ha fest etterpå, meiner ho er eit veldig forståeleg ønske. Elevar burde ikkje måtte velje mellom å gjere sitt beste på eksamen, og å vere sosial og feire, synest Snyen.

Når oppgåver, eksamenar og russefeiring fell saman, meiner ho det bidreg til at russefeiringa blir prega av stress, press og dårleg sosialt miljø.

Å flytte feiringa til etter eksamen, kan difor bidra til nyskaping av russetida, til ei meir inkluderande, elevstyrt og mindre kommersielt definert tid.

Av desse grunnane støttar SU forslaget, sjølv om dei i utgangspunktet er mot eksamen, forklarar Snyen. SU vil erstatte eksamen med ei meir rettferdig sluttvurdering, men og denne må kome før russetida, understrekar ho.


Edvard Kunzendorf, Kristeleg Folkepartis Ungdom: Russetid utan sluttdato kan vere ei utfordring

Edvard Kunzendorf, 1. Nestleiar i KrFU. Foto: KrFU

– Dette er eit spennande forslag, fordi elevane kan sleppe å bli unødvendig dradd mellom valet om å vere del av eit fellesskap, vere sosial, og å gjere sitt beste på eksamen, seier Edvard Kunzendorf, 1. nestleiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom.

KrFU er for å behalde eksamen. Dei er også positive til forslag som kan minske konsekvensane av russetida for eksamen og det faglege. Kunzendorf understrekar at KrFU ikkje har handsama forslaget i organisasjonen, men seier det frå leiinga sitt syn er noko dei i utgangspunktet kan vere positiv til.

– Ei utfordring ein likevel må sjå på, er om det kan føre til at russetida blir endå større og utan sluttidspunkt, legg han til.

– KrFU ser med bekymring på fleire sider av russetida, som mellom anna alkoholbruken og utestenging. Om ordninga fører til at ein ikkje har sluttidspunkt, og vi framfor russetid får ein heil russesommar, meiner vi det kan vere uheldig, utdjupar han.


Nicolai Østeby, Unge Høgre: Interessert i å ha russetid fri for eksamen

Nicolai Østeby var sjølv russ i 2022. Foto: Privat

Nicolai Østeby er sentralstyremedlem i Unge Høgre med særleg ansvar for skulepolitikk. Østeby forklarar at Unge Høgre sin vedtekne politikk er at dei vil flytte alle skriftlege eksamenar til før 17. mai. Då kan russetida byrje etter det. Munnlege eksamenar meiner dei derimot skal kunne gå i slutten av juni. I tida etter russetida kan ein og jobbe med å fullføre standpunktkarakterar:

– Det er ikkje sånn at vi meiner det skal vere leirskole etter skriftlege eksamenar og russetida, seier Østeby.

Til kritikken om at Unge Høgre blandar seg inn i private arrangement, svarer Østeby at han er samd i at politikarar i utgangspunktet skal vere forsiktige med å blande seg inn. Likevel meiner han at det avgjerande er korleis ein går til verks for å leggje betre til rette:

– Det er ein vesensforskjell mellom å flytte eksamenar, og til dømes forbod mot russedressar på visse dagar eller mot russebussar i sentrum.

– Så kjenner eg meg òg ganske sikker på at dei fleste russ er interessert i å ha russetid fri for eksamen, og omvendt, legg han til.

Han er heller ikkje overtydd av forslag om å heller fjerne eksamen:

– Eg er redd ein då får større forskjellar i skulen. Utan eksamen blir det viktigare kva utdanningsnivå foreldra dine har enn kva du lærer. For gutar er det kanskje endå viktigare med ei vurderingsform utan trynefaktor, seier Østeby.

Han vil halde på eksamen fordi han meiner det er den mest rettvise vurderingsforma me har.

Østeby synest det er fint at russen i Tromsø har funne ein måte som fungerer for dei. Likevel legg han vekt på at så mange russ framleis har eksamen under russetida at dei burde jobbe politisk for å leggje betre til rette.

– Flyttar vi skriftlege eksamenar til før 17. mai, er eg sikker på at fleire vil gjere som russen i Tromsø å ta festen etterpå.


Kollasj av ymist ting som høyrer til knutane, inkludert øl, russebukse, pantelapp osv.