Ap fremjar eige forslag om å kople studiestøtta til grunnbeløpet

Arbeidarpartiet snur og vil likevel gå inn for å knyte studiestøtta til grunnbeløpet i folketrygda. – På høg tid, seier SV som fremja forslag først.

NPK-NTB-Peter Tálos
Publisert

Det såg lenge ut til at Arbeidarpartiet ville gå imot sitt eige partiprogram og stemme nei til SVs representantforslag om å knyte studiestøtta til grunnbeløpet.

Torsdag har likevel partiet valt å leggje inn sitt eige lause forslag , som med nokre unntak vil bety det same for studentane.

I alle fall på sikt. For medan SV foreslår endringa innført frå og med 2026, vil Arbeidarpartiet innføre dette i kommande stortingsperiode, altså innan utgangen av 2029.

Truleg fleirtal

– I ei tid der mykje er dyrare, vil vi på denne måten bidra til at studentane i større grad følgjer lønnsutviklinga i samfunnet. Eg gratulerer studentrørsla og AUF, som har kjempa for dette i mange år, seier utdanningspolitisk talsperson for Ap Elise Waagen.

Både SV og Sp signaliserer at dei kan støtte eit slikt forslag frå Ap. Det vil derfor kunne få fleirtal i Stortinget når saka skal opp til votering, truleg på måndag.

– Vi inviterer no Stortinget til å ta stilling til dette prinsippet og håpar på fleirtal, seier Waagen.

SV: Endeleg

Både Sp og Ap har vedteke at dei er for dette på landsmøta sine denne våren og har det inne i partiprogrammet for dei neste fire åra.

– Endeleg får vi Arbeidarpartiet med oss på ei viktig sak for studentane. Dette var på høg tid, og eg er glad for at dei omsider les eige partiprogram og bidreg til at alle som vil, kan studere, uavhengig av lommeboka, seier utdanningspolitisk talsperson i SV, Grete Wold, til NTB.

Grete Wold i SV er glad for at Ap likevel vil gå inn for å knyte studiestøtta til grunnbeløpet i folketrygda, sjølv om dei fremjar sitt eige forslag. Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB/ NPK

Indeksregulert støtte

SV har jobba for kople studiestøtta til grunnbeløpet i folketrygda i heile den inneverande stortingsperioden. Det vil innebere at støtta automatisk blir justert opp i tråd med prisveksten i samfunnet.

Studentar i Noreg har i fleire år bede om ei slik endring.

– I tolvte time kjem Arbeidarpartiet med ein slik manøver. Det er vagt og mindre forpliktande enn vi hadde ønskt, men sjølvsagt betre enn ingenting.