«Sametinget er eit leike-parlament»

Anders Yttervoll
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Norske samar vart diskriminert i nesten 150 år i demokratiet Noreg. Dette var ei forferdeleg behandling av Noregs urbefolkning og heldigvis har denne diskrimineringa opphøyrt.

Likevel kan då spørje seg: kvifor skal dei eigentleg ha eit eige parlament?

Symbolsk utan makt

Dagen Sametinget vart innført, vart Noreg litt mindre demokratisk.

Sametinget kan meine så mykje dei vil, men dei kan eigentleg ikkje bestemme noko.

Eg har blitt fortalt heile min skulegang at Sametinget ikkje har ekte makt, og det viste seg å vere sant. Sametinget har ei såkalla rådgivande makt til det norske Stortinget. Sametinget kan meine så mykje dei vil, men dei kan eigentleg ikkje bestemme noko.

Sametinget har blitt eit politisk verktøy for politikarar der dei kan besøke det og handhelse med sametingspresidenten for å vise at dei bryr seg, men etter Fosen-saka har det ikkje vist seg å funke like godt.

Så kvifor har vi då Sametinget?

Skader utviklinga i Finnmark

Sametinget er eit leike-parlament som vart gitt som «betaling» for den grufulle diskrimineringa samane vart utsette for. Denne løysinga er ikkje optimal, sidan dei forslaga som Sametinget legg fram vedtakast nesten utan å bli tenkt gjennom.

Forslaga sametinget kjem med har vist seg å vere hemmande for utviklinga i Finnmark. Reindrift framfor vegbygging og reindrift framfor gruvedrift og arbeidsplassar.

Dette leiar til at Finnmark i lengda blir uråd å bu i sidan det ikkje er rom for infrastruktur og næring. Sametinget seier dei beskyttar kultur, men realiteten er at dei skader regionen.

Eit demokratisk problem

Det demokratiske problemet Sametinget skaper er at ei folkegruppe får stemmerett i eit parlament som absolutt påverkar resten av befolkninga som ikkje har stemmerett.

Sametinget seier dei beskyttar kultur, men realiteten er at dei skader regionen.

Dette er ikkje demokratisk og skal heller ikkje vere toleleg i et demokrati.

Stortinget og politikarane må også følgje kva rettsapparatet seier. Då med tanke på Fosen- saka.

Ikkje på grunn av at eg er fan av sivil ulydnad, men på grunn av vindmøller. I staden for store vindmølleparkar som øydelegg store deler av naturområde i Norge, kan ein heller satse på kjernekraft.

Dette vil både løyse energiproblemet, beiteområde til reindrifta kan bevarast, og naturinngrepa blir ikkje like store. Kven skulle trudd at kjernekraft kunne beskytta den samiske kulturen?

Samisk kultur er noko som Sametinget skal ta vare på. Men det betyr ikkje at den samiske kulturen skal trumfe alt anna.

Kultur og næringsliv i harmoni

Framstegspartiet meiner det er fantastisk å sjå at det er private barnehagar som fokuserer på samisk kultur, i tillegg til mange andre utdanningstilbod som tar vare på den samiske levemåten.

Samisk kultur er noko som Sametinget skal ta vare på. Men det betyr ikkje at den samiske kulturen skal trumfe alt anna.

Kultur skal varetakast, men ikkje køyre over alt anna.

Sametingets tid er omme.

Sametinget har spelt ei sentral rolle i å sette samiske rettar på dagsorden, men som eit organ som sluker hundrevis av millionar av kroner som sørger for at Nord-Noreg går glipp av milliardar av kroner, er det på tide å plassere ansvaret hjå den norske stat.

Framstegspartiet seier nei til eit byråkratisk, dyrt, meiningslaust parlament. Vi seier ja til eit rettferdig samfunn der samisk kultur og norsk næringsliv kan leve i harmoni og demokrati.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Ella Marie Hætta Isaksen på siste dag av Fosen-demonstrasjonen. Foto: Jannicke Totland/Natur og Ungdom/CC BY-ND 2.0