Ella Marie: «Vi har måtta tole enorme mengder drapstrugslar, hets og sjikane»

Ella Marie Hætta Isaksen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette innlegget blei lese opp av Lan Marie Berg (MDG) på talarstolen i Stortinget 13. mars, og er omsett til nynorsk og republisert med løyve. Innlegget er frå Ella Marie Hætta Isaksen, og er skrive under av heile Fosen-aksjonsgruppa.

Det er spesielt å vere same i Noreg om dagen. Anten ein deltok i Fosen-aksjonen, eller ikkje, så har vi, som folkegruppe, vore mykje omtalt og diskutert i media dei siste vekene.

Vi har opplevd ei overveldande stor støtte, frå heile landet og heile verda, men vi har også måtta tole enorme mengder drapstrugslar, hets og sjikane på grunn av vår etnisitet.

To samiske aktivistar omfamnar kvarandre og viser kjensler. Dei er kledde i samike klede. Den eine har på seg hornlue.

Fosen-aktivistar klemmer under demonstrasjonen ved Kultur- og likestillingsdepartementet. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Det er kanskje trist å seie, men dette hatet er vi vande med. For det hatet finst i alle krikar og krokar av dette landet, men no har ekstra mykje av det kome fram i lyset. Stortinget og regjeringa har eit ansvar for å kjempe mot samehets og halde seg til fakta.

Sitat: Vi har opplevd ei overveldande stor støtte, frå heile landet og heile verda, men vi har også måtta tole enorme mengder drapstrugslar, hets og sjikane på grunn av vår etnisitet.

Ei farleg misforståing

Fordommar og vrangførestillingar om det samiske folket florerer no rundt oss. I førre veke sa Sylvi Listhaug at Noreg må vurdere å trekke seg frå internasjonale konvensjonar for urfolk sine rettar, fordi dei ifølgje ho forskjellsbehandlar etniske grupper. Dette er ei farleg misforståing.

Urfolk har nedfelt rettar for å gje oss like moglegheiter som majoritetsbefolkninga, til å vidareføre vår kultur. Rettane er ei anerkjenning av at vi, som minoritet, i møte med storsamfunnet, og storkapitalen, alltid vil tape.

Ella Marie Hætta Isaksen kledd i kofte står framføre Slottet.

Ella Marie Hætta Isaksen demonstrerte framføre Slottet. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom/CC BY-ND 2.0

Så må vi hugse at det ikkje er desse internasjonale urfolksrettane, som Listhaug viser til, som er brukt i Fosen-dommen. Der er det dei alminnelege menneskerettane, etter konvensjonen om sivile og politiske rettar, som er brukt.

Listhaug stiller seg i så fall mot heile FNs konvensjon om sivile og politiske rettar, som skal sikre kvar einaste borgar grunnleggjande rettar som ytringsfridom og valfridom.

Sitat: Rettane er ei anerkjenning av at vi, som minoritet, i møte med storsamfunnet, og storkapitalen, alltid vil tape.

Viktig at det politiske Noreg tar avstand

Det er i seg sjølv ikkje overraskande at FrP kjem med slike utsegner, men når slike vrangførestillingar oppstår, er det viktig at resten av det politiske Noreg tar avstand.

Det er grotesk av FrP å føreslå ei kollektiv straff mot folket, ved å fjerne våre rettar, på grunn av eit statleg brot på menneskerettar. Det er staten Noreg, som konsesjonsgjevar, og Fosen Vind, som utbyggjar, som tok den enorme risikoen det var å bygge desse vindkraftanlegga på Fosen.

Sjølv om fleire ropte varsku om potensielt menneskerettsbrot, blei vindmøllene reist før saka var avklart i rettssystemet. Då er det Staten som må tole konsekvensane av å tape i retten, og ikkje vi som skal bere byrda av dommen.

Ein annan myte er at 40 prosent av Noreg er reinbeiteareal. Dette er eit misvisande tal som blir brukt for å styrke fordommane om at reindrifta har så stor makt.

I 2020 publiserte SSB ein analyse der det kom fram at 89 prosent av desse 40 prosent tvert imot ikkje er reinbeiteareal, men byar, tettstadar, isbrear, innsjøar og all anna infrastruktur. Det reelle talet på reinbeitearealet er dermed 4,4 prosent av Noreg.


  • Les også:

Fritt Ords Honnør til Ella Marie Hætta Isaksen