Sametingspolitikar frå Frp vil legge ned Sametinget

Peder Skjelten
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Runar Myrnes Balto er leiar for Norske Samers Riksforbund. Han meiner eit Frp-exit gir regjeringa moglegheit til å redde sitt samepolitiske ettermæle.

I ei pressemelding frå NSR seier han:

– Framstegspartiet har i seks år fått fungere som ein bremsekloss for god samepolitikk i regjeringa. Frp-exit gir Høgre, Venstre og KrF moglegheita til å vise ein meir inkluderande og solidarisk samepolitikk.

Leiar i Norske Samers Riksforbund, Runar Myrnes Balto, gler seg over at Frp er ute av regjering. Foto: Marie Louise Somby

Frir til Høgre, Venstre og KrF

I sitt partiprogram går Frp inn for å legge ned Sametinget, noko Balto reagerer på. Han meiner at åra med Frp i regjering har vore krevande for det samiske samfunnet.

Realkuttet til Sametinget har òg vore ein urofaktor for samiske institusjoanar, ifølgje Balto. Han meiner det har ført til at dei ikkje lenger kan halde tritt med pris og lønnsvekst i resten av samfunnet.

Han ber regjeringspartia om å gripe moglegeiten til å betre samepolitikken, om dei er villige til å samarbeide med andre enn Frp.

– Venstre, KrF og Høgre må benytte moglegheita til å ta grep i nødvendige samepolitiske prosessar, og redde regjeringa sitt samepoltiske ettermæle. Eg vil trekke fram arbeidet med konsultasjonslova, endringar i reindrifts- og minerallovgjevinga, og finansiering av Sametinget og samiske institusjonar, men lista er lang, står det i pressemeldinga frå NSR.

Frp vil styrke samisk – men ikkje gjennom Sametinget

Arthur Tørfoss representerer Frp i Sametinget. Han fortel at partiet vil støtta samisk språk og kultur, men ikkje gjennom Sametinget.

I ein e-post til Framtida skriv han:

– Vi i Frp ønsker å legge ned Sametinget, i mellomtida er vi inne på Sametinget for å fremje Frp sitt syn på Sametinget. Vi ønsker samisk språk og kultur, og at lokaldemokratiet skal styre, men ikkje gjennom Sametinget.
Han meiner at Sametinget ikkje har lykkast med å fronte det samiske språket, og legg til at det har blitt færre som snakkar samisk.
– Vi ønsker mindre pengar til Sametinget, men meir penger til språk og kultur. Frp ønsker òg å bygge nytt Beaivvas teater i Kautokeino, men utan styring av Sametinget.

Nell Mathea Nygård Mjøen (15) og mora Lis Mona Mjøen (47) lærer seg samisk saman og er begge like ivrige over å finna tilbake til språket som oldemor og bestemor ikkje fekk snakka.