Politikk og samfunn

«Me treng ein velferdsstat som stiller opp for alle»

Skattelette høyrest fint ut når ting er dyrt. Det veit både Erna og Sylvi. Men når ein ser litt lenger fram enn neste straumrekning, ser ein kva det eigentleg handlar om, skriv Bjarte Tjensvoll frå Arbeidarpartiet Hordaland.

Bjarte Tjensvoll (18)
Sekretær i Bømlo Ap og 21.-kandidat for Arbeidarpartiet i Hordaland
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

No er me inne i ei tid der fleire og fleire slit med økonomien. Prisar stig, renta held seg høg og folk kjenner det i kvardagen. Då er det ganske oppsiktsvekkjande at løysinga til høgresida er å kutte formuesskatten. Som om det å gi dei rikaste i landet ein skattebonus plutseleg skal løyse utfordringane for folk flest.

Det som gjer det ekstra alvorleg, er at sjølv om partia på høgresida er usamde om mykje, så er dei heilt samstemte i éin ting. Dei vil fjerne formuesskatten. Det hastar visst.

I økonomisk vanskelege tider er det lett å bli freista av det dei seier. Skattelette høyrest fint ut når ting er dyrt. Det veit både Erna og Sylvi. Men når ein ser litt lenger fram enn neste straumrekning, ser ein kva det eigentleg handlar om. Det er eit spel som utnyttar folks uro for å presse gjennom kutt som berre gjer dei rikaste rikare.

Velferdsstaten gjer det mogleg å drive næring

Dei prøver å selje inn at formuesskatten hemmar økonomisk vekst, men eg kjøper ikkje det argumentet. Næringslivet i Noreg går faktisk bra. Det finst lite seriøs forsking som støttar påstanden deira.

Eg veit derimot noko anna. At velferdsstaten er ein grunnmur i det norske samfunnet.

Det er han som sørgjer for at du får barnehageplass så du kan gå på jobb. Det er han som sikrar utdanning og helse. Det er han som løftar nye næringar opp, slik at dei seinare kan bidra med verdiskaping. Det er velferdsstaten som gjer det mogleg å drive næring i Noreg.

Og det er universalisme som er nøkkelen. Alle skal ha lik rett til velferdsgoda, uansett kor mykje pengar dei har. Når høgresida vil behovsprøve alt, så betyr det at ein må vere fattig nok for å få hjelp. Det svekker fellesskapet. Det bryt ned det unike med den norske modellen. Kva skjer med tilliten når berre nokre få får delta i fellesskapsløysingane?

Politikk som verkar

Det handlar ikkje berre om prinsippa. Det handlar om kvardagen. Eg hugsar sjølv kor vondt det var å ikkje kunne gå på SFO. Alle dei andre fekk vere igjen og leike etter skuletid. Eg måtte gå heim. Det gjorde inntrykk. Difor betyr det noko når Arbeidarpartiet kjempar for gratis kjernetid i SFO og billigare barnehage. For det er ikkje berre lommeboka til foreldra som skal avgjere om du får vere med.

Dette er tiltak som verkar. Det er politikk som hindrar utanforskap og marginalisering. Det er politikk som gjer at barn får vere med i fellesskapet heilt frå starten. Og på lang sikt betyr det færre som hamnar utanfor. Færre som endar på trygd. Fleire som får bidra.

For meg handlar ikkje dette om teori eller tal. Det handlar om kva samfunn me skal ha. Skal me satse på fellesskap eller forskjellar. Skal me stille opp for kvarandre eller berre for dei som har mest frå før.

Eg meiner valet burde vere enkelt. Me treng ein velferdsstat som stiller opp for alle.