Fpu-ar: «Sosialisme og sjørøvarar har fellestrekk»

Anders Yttervoll
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Sosialistar frå mange parti, spesielt SV, har ikkje spart på retorikken når dei angrip laksenæringa og kor forferdeleg det er at dei tener mykje pengar. Piratane reiste til sjøs for å stele med seg verdiar frå næringslivet – her manglar sosialistane berre ein lapp over auget og sabel i handa.

Fullstendig stopp for næringa

Dagen denne skatten blei annonsert, så gjekk børsverdiane i laksesektoren ned med 60 milliardar kroner. Det var 26 000 vanlege nordmenn som mista mykje pengar den dagen. Det er ikkje skitne kapitalistar som SV gjerne skal få̊ ein til å tru, men det var vanlege nordmenn som sparte pengane sine.

Lakseselskapa eksporterer for enorme summar kvart år, men det betyr ikkje at dei seglar over konkurransen. Selskapa konkurrerer på ein global marknad som gjer at dei er avhengige av å kunne konstant tilsetje fleire, produsere meir og utvikle nye metodar. Her er grunnrenteskatten ikkje berre ein fartsdump, det er ein fullstendig stopp for næringa sine moglegheiter.

Langemann lurer alle

Langemann lurer alle, men Vedum slepp ikkje unna så lett. Finansminister Vedum har nemleg blitt ein skikkeleg sjørøvar han også̊. Han påstår at staten treng meir pengar, for viss ikkje må̊ dei kutte i forsvar og sjukehus. Han har auka utgiftene i statsbudsjettet med over 100 milliardar kroner. Kunne ein kanskje kutta i kunstnar-subsidiane, byråkrati, bistand, NRK, kulturråd og religionsstøtte i staden for?

«Det gjelder å rappe penger og gull før de skjønner hvor slu jeg er».

Regjeringa seier ikkje nei til ein skikkeleg skatteauke. Korleis skal kystsamfunn overleve viss ein ikkje har eit insentiv til å utvikle? Det er nemleg slik at ein ikkje treng å skatte kystselskapa for at dei skal delta i fellesskapet. Dei betalar mykje skatt frå før, men dei sørger for at det faktisk er arbeidsplassar å gå̊ til. Hadde det ikkje vore for fiskeri, så hadde kysten vore like meiningslaus som partiprogrammet til SV.

Sosialisme og sjørøvarar har fellestrekk

SV skyver barnefamiliane framføre seg med SFO-rekningane i eit innlegg i Nordnorsk debatt. Barnetrygda blei auka for første gong på 22 år i 2018. SV var ikkje interessert i å auke den førre gong då dei sat i regjering. Men SV skal ha kred for å ha ei løysing på SFO-kostnadane. Sidan foreldra blir arbeidsledige som følgje av lakseskatten, så kan dei vere heime med barna i staden.

Sosialisme og sjørøvarar har fellestrekk som er umogleg å overgå. Det er tydeleg at dårleg retorikk er lett å gjennomskue. Det er ikkje dei som seier «fellesskapet» flest gonger i ein tale som er dei snille. Framstegspartiet seier nei til grunnrenteskatt, for vi likar ikkje sjørøvarar.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Natur og Ungdom-leiar Gina Gylver tek til orde for ein boikott av opprettslaks. Foto: Isabelle D. F. Poole. Redigering: Framtida.no