Politikk og samfunn

«Når livet er på sitt mørkaste, skal ein ikkje måtta venta i månadsvis på å få hjelp»

Fritt behandlingsval reddar liv og FrP vil gjeninnføre ordninga, skriv Hanne Frøyland (17) frå FpU.

Hanne Frøyland (17)
Leiar i Sandnes og Jæren FpU og styremedlem Rogaland FpU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I januar 2023 gjorde Arbeidarpartiet eit skjebnesvangert vedtak: Dei fjerna fritt behandlingsval. Ei ordning som gav pasientar fridomen til å velja kvar og kven dei ville få hjelp av – utan å måtta stå i endelause helsekøar. Resultatet? Rekordlange ventelister og færre behandlingstilbod. Det er eit svik mot pasientane.

Ein tredel av alle vaksne slit med psykiske lidingar kvart år. 8 prosent av barn og unge har så alvorlege symptom at dei kan få ein diagnose. Når livet er på sitt mørkaste, skal ein ikkje måtta venta i månadsvis på å få hjelp. Likevel viser tal frå 2024 at ventetida i snitt var 55,1 dagar for vaksne og 44 dagar for barn og unge. Det er fullstendig uakseptabelt.

FrP vil gjeninnføre fritt behandlingsval, fordi det reddar liv. Ordninga vart innført av Høgre og FrP i 2015 for å sikra at pasientar kunne få hjelp hos private aktørar på statens rekning. For mange var dette skilnaden mellom liv og død.

NRK fortalde i 2021 historia om Gro Børresen, som meinte at niesa hennar ville vore død utan fritt behandlingsval. Etter Ap sitt vedtak er slike tilbod lagde ned – mellom anna 46 døgnplassar i Kragerø og 3000 liggedøgn på Modum Bad. Det betyr færre behandlingsplassar, og pasientar som mistar livsviktig hjelp.

Arbeidarpartiet hevdar dei fjerna ordninga for å unngå «klasseskilje». Men sanninga er at dei sette ideologi framfor pasienten sitt behov. For FrP er det enkelt: Det viktigaste er at du får hjelp, ikkje kven som gir ho.

Dersom du meiner pasienten si helse og fridom til å velja må koma først, er det berre eitt parti som leverer: Framstegspartiet. 8. september kan du stemma for å gje pasientane fridomen tilbake.

Godt val.