Den nye leiaren i Elevorganisasjonen vil lære leiing og å lage burgar av Obama

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Eksamen blir avvikla.»

Om den påtroppande leiaren for Elevorganisasjonen vakna opp til si draumenyheit i morgon, hadde det vore at kampen for ei ny sluttvurdering, som Elevorganisasjonen har stått i sidan 60-talet, hadde vore over.

– Det å endeleg få gjennomslag for at eksamen blir erstatta med ei meir rettferdig vurderingsform ville vore ein stor siger for alle som har stått på i denne kampen i årevis og alle elevar, fortel Petter Andreas Lona (19).

Utstyrsstipend, fråværsgrensa og falleferdige bygg

Under Elevtinget førre helg vart Lona vald til ny leiar av Elevorganisasjonen (EO). I tillegg til å erstatte dagens eksamen, trekker han fram eit fullfinansiert utstyrsstipend og at fråværsgrensa blir fjerna som viktige saker for Elevorganisasjonen i 2023.

– Dette er alle tre saker som har vore viktige for elevrørsla lenge, og vi har dei siste tre åra sett mykje positiv bevegelse i alle tre. Det å få desse tre kjernesakene i hamn vil alle vere store sigrar for elevrørsla, skriv han i ein e-post til Framtida.no.

Petter Andreas Lona står framføre ein sennepsgul vegg. Han har armane i kors og smiler til kamera.

Petter Andreas Lona har tidlegare vore nestleiar i Elevorganisasjonen. Framover er det han om skal styre skuta. Foto: Elevorganisasjonen

Den neste store kampen for Elevorganisasjonen, trur han vil vere kampen mot forfallet av norske skulebygg.

– At over 110 000 elevar går på skule i bygg med alvorlege feil på luftanlegg og varmeanlegg er ein tragedie i mine auge.

19-åringen synest òg det var ein stor siger at yrkesfag blei sett på dagsordenen under årets Elevting.

– Vi vedtok mellom anna eit dokument som heiter «framtidas fagarbeidarar», som seier at vi skal prioritere å jobbe for lovfesta rett til læreplass, fullfinansiert utstyrsstipend og betre utstyrsparkar.

Kampen mot arbeidsbrakka

Petter Andreas Lona har engasjert seg for elevars rettar heilt sidan barneskulen.

– Det starta med at vi elevane blei trakasserte av bebuarane på ei arbeidsbrakke på skulevegen. Vi kjempa i fem år for å rive den arbeidsbrakka.

Etter at han byrja på ungdomsskulen, vart arbeidsbrakka fjerna. Det motiverte Lona til å stille som elevrådsleiar på ungdomsskulen, for å kjempe mot mobilfri skule.

Illustrasjon som syner at Petter føretrekker katt over hund, New York over hyttetur og taco over pizza.

Petter Andreas Lona er livredd store dyr, og ingenting slår tacofredag med familien i Trondheim.

No tar han steget opp, og representerer elevar i heile landet. Den påtroppande leiaren i Elevorganisasjonen vil vere ein leiar som møter medlemsmassen.

– Eg vil ha ein organisasjon der medlemmane kjenner seg att i våre talspersonar og at dei tør å ta kontakt. Då treng organisasjonen ein talsperson som kan kjempe dei sakene dei bryr seg om.

Elevar tar opp saker på TikTok

Lona ser opp til alle på hans alder som er aktive i media, anten som spaltistar eller kommentatorar, og som tør å stå i stormen uansett kva meiningane deira er.

Sjølv held han seg oppdatert ved å lese dei største avisene om morgonen. Han plar òg å google ord som «skule», «elev» og liknande, for å finne ut kva som blir mest lese for augeblinken.

– Eg følgjer også mykje med på TikTok og Instagram for å høyre kva problem som opptek einskildelevar. Det er overraskande kor mange saker elevar sjølv tar opp i sine sosiale medium før det når nasjonale medium.

@elevorg

Regjeringa har gitt mæd lægs #statsbudsjettet2023 #skole #elevtok #penger #lægs #politikk #utstyr

♬ original sound – Elevorg

Framtidas Noreg

Hjartesaka til Lona er at alle elevar sine ønske skal bli høyrde og respekterte, spesielt på lokalt og kommunalt plan. Han meiner dette er den viktigaste grunnsteinen som må på plass for å sikre demokratiet.

– Nettopp fordi det vil sørgje for at elevane, som er framtidas Noreg, har tru på og motivasjon til å delta i demokratiet.

Samstundes synest EO-leiaren at det er viktig at alle elevar har like føresetnader for å delta i skulen.

– Dette gjer vi ved å ha trygge klasserom som alle har råd til å lære i.

Burgar med Obama

På fritida likar elevleiaren frå Trondheim å spele piano og dataspel. Sistnemnde er den største tidstjuven i kvardagen hans.

– Dataspel tar opp ein del tid på fritida mi, slår han fast.

Petter Andreas Lona likar òg å gå tur i skogen, og dreiv med orientering då han budde i Trondheim.

Petter Andreas Lona sit i ei hengekøye ute i naturen.

Petter Andreas Lona trivst godt ute. Foto: Elevorganisasjonen

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag?

– Eg ville invitert Barack Obama over for å lage amerikansk smashburgar. Som tidlegare president trur eg Barack Obama ville kunne lært meg nokre tips om både burgar og leiing, noko eg trur ville kome godt med i ein kontorkvardag i Oslo.

Obama får servert ein burgar på restaurant.

Petter Andreas Lona trur USAs tidlegare president er god på å lage burgar. Foto: AP Photo/Charles Dharapak)

– Kva er idealsamfunnet og korleis skal vi nå det?

– Idealsamfunnet er eit samfunn der alle unge deltek i demokratiet. Då treng vi ein skule som ikkje seier til deg at di meining ikkje betyr noko. Vi treng eit reelt elevdemokrati som ikkje drep engasjement, men heller engasjerer ungdom til å delta i resten av samfunnet.


– Kva for ei bok burde alle lese?

Bokomslag Mengele Zoo

Omslag: Cappelen Damm

Opplæringslova, fordi då hadde ho kanskje blitt følgd på litt fleire skular. Nei da, men eg synest boka Mengele Zoo av Gert Nygårdshaug er ei viktig bok som tar for seg både rettferd og kva det å engasjere seg for noko betyr.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no? 

Lupin på Netflix. Det er ein fransk serie som handlar om ein tjuv som vil gjere hemn mot overklassa. I serien er Lupin alltid veldig innovativ i måten han gjer tjuveria sine på og serien er fylt med «plot-twists», noko eg synest er veldig fascinerande.

– Kva låt får deg alltid i godt humør? 

Fredag – Kjartan Lauritzen

 

Fakta

Alder: 19

Personleg pronomen: han

Frå: Trondheim

Yrke/utdanning: Påtroppande leiar av Elevorganisasjonen. Uteksaminert frå Thora Storm videregående i 2022.

Favorittfag på skulen: Kinesisk

Ulike verv: Har vore tillitsvald i Elevorganisasjonen sidan 2019. Var PR-sjef i Stormrevyen 21/22, Var elevrådsleiar på Thora Storm videregående i 20/21 og på Sunnland Ungdomsskole i 18/19