Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– No har eg liksom skrive på denne boka i 4 år, og plutseleg eksisterer ho på ekte!

Sunniva Roligheten fortel at det først og fremst er merkeleg å debutere som forfattar med romanen Når alt er av papir, som er eit tilbakeblikk på ein barndom skildra gjennom minner.

Men 20-åringen frå Larvik legg til at det jo også er utruleg kult – spesielt fordi ho ha fått så mange fine tilbakemeldingar. NRK sin meldar kalla debuten «eit utsøkt stykke kunst».

Sjølv les Roligheten mykje, kanskje ei bok i veka:

– Kjærasten min trudde eg begynte å bli gal då han såg meg lese medan eg gjekk, fortel ho på e-post til Framtida.no.

 Vi har kika i bokhylla hennar: 

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Menn som ingen treng av Frode Grytten (men eg las ho ferdig denne morgonen, så no skal eg byte ho ut med Før plogen over de dødes knokler, som er neste i bunken).

Foto: Helge Skodvin/Forlaget Oktober, Harald Krichel/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0. Kollasj: Framtida.no

Kva bøker les du helst?

Gjerne litteratur fra dei seinaste åra (typ 70/80-talet og seinare). Eg les nok mest nordisk litteratur, men likar godt bøker fra heile verda eigentleg. Det er ein veldig fin måte å lære om ein annan kultur eller eit anna land.

Dei siste vekene har eg òg lese ein del skodespel, fordi ei venninne spurde om vi skulle skrive ein musikal, og då var eg nøydd å lese meg litt opp.

Dette er bøkene som fekk Sunniva Roligheten til å verte trist, le, verte sint og tenkje. Heile Mino-serien av Gert Nygårdshaug gjorde ho sint.

Kor les du?

Over alt! Bussen, badekaret, senga, kjøkkenet, skogen, hengekøya eller medan eg går ulike stader.

Svenske Sven Nordqvist har både skrive og illustrert bøkene om Gubben og Findus. Han har vunne både Elsa Beskowplaketten og Astrid Lingrens pris for bøkene sine. Illustrasjon: Sven Norqvist/Cappelen Damm

Kva bøker vart lesne til deg som liten?

Mamma (og besteforeldra mine) las mykje for meg og lillebroren min då vi var små. Mykje Astrid Lindgren og Elsa Beskow, eller for eksempel Gubben Pettersen og Doktor Proktor.

I etterkant har ho fortalt meg at eg kunne mange av dei utanåt, og sa tydeleg i frå om ho prøvde å hoppe over delar av boka.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

På barneskulen las eg serien om Molly Moon. Eg hugsar ikkje så mykje av bøkene no lenger, men eg hugsar eg elska dei!

På ungdomsskulen las eg mykje vampyrbøker, men Game of Thrones var kanskje den beste leseopplevinga trur eg.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Bikubesong! Eller Mengele Zoo kanskje? Eg veit ikkje, det er alt for mange bra bøker der ute.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Eg trur det viktigaste er at ho er skriven godt, at setningane flyt og at eg likar språket i boka. Eg trur sjølv ei bok om ein gråstein kan vere god, berre språket er godt.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Som liten ville det kanskje vere Lille My? Eg var eit litt sinna barn, har eg blitt fortalt. No veit eg ikkje heilt eigentleg.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Gert Nygårdshaug! Faktisk sykla eg heim til han i fjor sommar for å gi han ei brodert t-skjorte, men eg var så starstruck at eg ikkje torde å spørre han om alt eg faktisk lurar på om verda og livet og bøkene han har skrive.

Sunniva Roligheten sykla til Gert Nygårdshaug for å gje han ei t-skjorte ho hadde brodert sjølv. Ho fortel at det var kring 40-50 kilometer å sykle ein veg, så det var eit litt slitsamt påfunn. Foto: Privat

Men han er litt lettare å besøke enn for eksempel Agatha Christie, så kanskje eg vel ho i staden for.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Kanskje Sara Stridsberg? Ho har allereie gitt ut så mykje bra, og kan framleis kome med sinnsjukt bra bøker som eg kan gå og glede meg til.

Boka di vert filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

Lett! Det må bli Hanna Ardéhn frå den svenske serien Quicksand – Størst av alt.

Hanna Ardehn spelte «Maja» i den svenske Netflix-serien «Quicksand – Størst av alt», som handlar om ei skuleskyting på ein vidaregåande skule. Foto: Johan Paulin / Netflix


Forfattar Sarah Smith Ogunbona ville sett Issa Rae eller Zazie Beetz i hovudrolla til filmversjonen av sin debutroman: – Eg hadde elska Globus the movie

Sarah Smith Ogunbona har skrive boka “Globus”. Foto: Isak Martinsson

Sunniva Roligheten

Alder: 20

Frå: Larvik

Utdanning: Videregående (på UWC RCN) og 10 studiepoeng i Astronomi.

Yrke: Prosjekleiar i Ung Inkludering