Inger Christin (17) og Wiktoria (15): – Unge burde få meir makt i klimapolitikken

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei unge si røyst er noko av det viktigaste når vi diskuterer klimasaka. Det er ei sak som engasjerer dei fleste, og vi har sett på klimastreikane korleis ungdommen har løfta saka opp og fram, seier Inger Christin Hystad Barane (17).

Ho meiner at unge bør få større plass i utforminga av klimapolitikken.

– Viss dei unge får påverke meir, trur eg meir vil skje. Vi er litt meir radikale i tankegangen enn dei vaksne, seier ho.

Ønsker høve til å påverke

Den andre helga i september møttest ungdommar frå heile landet til ein felles konferanse for fylkeskommunale ungdomsråd.

Eitt av punkta på programmet var å drøfte ønsket om eit nasjonalt ungdomsråd – altså ei gruppe med ungdommar med rett til å uttale seg til nasjonale politiske saker. Liknande råd er lovpålagde i lokalpolitikken i både kommunar og fylkeskommunar.

Inger Christin Hystad Barane frå Stord leia delegasjonen frå Vestland. Med seg hadde ho mellom anna Wiktoria Bujnicka (15) frå Gloppen.

– Samfunnet handlar ikkje berre om dei vaksne. Vi lever her òg, men har ikkje røysterett. Då må vi ha ein annan måte å påverke politikken på, seier Bujnicka.

Wiktoria Bujnicka (t.v.) er lei av at dei unge ikkje vert tekne seriøst av dei vaksne. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Ho seier at politisk engasjerte ungdomar ofte har ekstra fokus på dei sakene som råkar ungdommen sjølv, men at ein også har eit nasjonalt og globalt fokus. Eit sentralt poeng i ungdomsmedverknad er nettopp at ungdommen sjølv får bestemme kva saker dei vil engasjere seg i.

Ei av sakene som fleire ungdomsråd har fått gjennomslag for i fylka, er gratis sanitærprodukt på skulane.

– Som alle er så opptekne av å seie: Det er vi som er framtida. Det er vi som skal sitte i kommunestyre, fylkesting og på Stortinget i framtida. Og vi er ein stor del av folket. Då må dei vaksne høyre på kva vi har å seie, seier Barane.

«Du er berre ein tenåring, kva veit du om livet?»

Bujnicka er lei av å høyre vaksenpolitikarane snakke ned kvarandre og vere mest opptekne av å få fleire røyster, også når dei sjølve sit i regjering.

– I staden for å finne løysingar på problem, leiter dei etter problema i andre sine løysingar. Det er veldig frustrerande å sjå at utfordringar som vi kjem til å måtte leve med, blir sett til side. Og ofte blir ikkje vi unge tekne seriøst, men møtte med: «Du er berre ein tenåring, kva veit du om livet?», seier ho.

Ungdommar frå heile landet var samla til konferanse på Gardermoen. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Ho understrekar at dagens ungdom har hatt mykje meir fokus på klima og miljø på skulen, og har eit anna syn enn dei vaksne på problemet.

Samstundes er det nettopp dei unge som kjem til å måtte leve med konsekvensane av klimaendringane.

– I eit demokratisk land som Noreg, der ein skal høyre på kvarandre, er det litt patetisk at vi unge må stå i gata og skrike til politikarane for å få dei til å gjere noko, i ei sak dei sjølv har på planprogrammet sitt, seier Bujnicka.

– Det mest irriterande ein kan vere borti, er å stå og sjå på at ingenting blir gjort, utan at du får komme med eigne forslag eller røyste fram det du meiner, seier Inger Christin Hystad Barane.

– Høyrer på kvarandre

Samstundes er ikkje norsk ungdom ei uniform gruppe med like meiningar. Til dømes kjem både Barane og Bujnicka frå stader med ein sterk rånekultur, og i dei krinsane er ikkje elbilar og vegetardiettar særleg populære.

– Det er ein diskusjon som kjem mykje opp. Klimapolitikk kan både provosere og gjere folk glade, seier Barane.

Inger Christin Hystad Barane og Wiktoria Bujnicka understrekar at ikkje alle unge meiner det same. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Ho meiner det er viktig å ikkje berre lytte til dei som ropar høgast, men også dei som sit stille på bakarste rad.

– Unge burde få meir makt i klimapolitikken. Vi er flinke til å høyre på kvarandre og sjå fleire sider av saka. Ungdom har ofte mange idéar og gode forslag, som regel med gode tankar bak. Viss dei vaksne ser og høyrer ungdommen, ser på klimastreikane, les lesarinnlegga i avisa og høyrer på ungdommen i kommunestyret, kan det skje mykje, seier Barane.

Opplæring og klart språk

Det var organisasjonen UngMed som stelte i stand konferansen på Gardermoen. UngMed har utvikla 10 prinsipp for god ungdomsmedverknad:

 

Det er opp til ungdommane å sjølv bestemme kva saker dei vil seie noko om – ikkje dei vaksne.

 

Kommunikasjonen bør vere tilpassa ungdommane.

 

Ein må kunne la vere å gi innspel til ein del av ei sak, utan å bli ekskludert frå heile prosessen.

 

God medverknad krev god opplæring.

 

Ein bør avklare forventingane, så ungdommane veit kva dei faktisk har høve til å gjere ein skilnad på.

 

Dei som skal medverke, må ha nok informasjon til å gi eit godt svar.

 

Dei som skal medverke, må bli invitert inn i prosessen tidleg nok til å ha reell påverknad.

 

Å bruke eit forståeleg språk er viktig både for ungdomsmedverknad og for demokratiet.

 

Vaksne bør ikkje stille leiande spørsmål for å påverke ungdommane.

 

Den som har medverka i ein prosess, må kunne kjenne igjen innspela sine.

 


Les også: Dei har ikkje røysterett, men meiner klimasaka ikkje kan vente: – Me må gjera noko

 

Cinta Hondsmerk (20) og Andrine Grytvik Borbe (16) er begge med i Extinction Rebellion Ung, og har til felles at dei ikkje har røysterett. Dei meiner likevel klimasaka er for viktig til å stå på sidelina. Foto: Eirik Tangeraas Lygre