Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Eg har krangla med bestevennen min».

«Kjærasten min har oppført seg annleis i det siste, kvifor det?»

«Kjærasten min har byrja å snakke mindre med meg i det siste»

Dette er nokre av problema Mohammed Al-Karbawi typisk svarar på for ung.no. I spørsmål-og-svar-tenesta er det fagpersonar som svarar på spørsmål, men òg unge som svarar ut ifrå sine eigne erfaringar som ungdom.

Mykje av det som hamnar på 18-åringen sitt bord, eller i hans innboks, handlar om vennedrama eller kjærastespørsmål.

– Nokre gonger må vi vere litt ærlege og svare at viss dei snakkar mindre med deg, kan det hende dei byrjar å miste interesse. Snakk med kjærasten din, for kommunikasjon er veldig viktig i eit forhold, er eit råd Al-Karbawi gjerne gir.

Biletet syner Mohammed Al-Karbawi utanfor Ullern vgs. Han smiler mot kamera og har på seg vinterjakke.

Mohammed Al-Karbawi svarar på spørsmål på ung.no. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

110 000 spørsmål i 2022

Framtida.no møter Mohammed Al-Karbawi på eit arrangement på Ullern videregående skole i Oslo. Han er der som ein del av i ungdomspanelet til DigiUng, som jobbar med å samle offentlege tenester og informasjon for ungdom på ein stad, ung.no.

Nettstaden er det offentlege sin informasjonskanal for ungdom.

Ung.no har 90 000 besøkande dagleg. I 2022 vart det sendt inn om lag 110 000 spørsmål, noko som svarar til 300 spørsmål kvar dag, opplyser DigiUng på arrangementet.

Så langt i 2023 har tenesta slått alle rekordar. Det har variert frå 400 til 600 spørsmål om dagen, og auken held fram, fortel prosjektleiar i DigiUng Adélie Dorseuil.

Mobil med framsida til nettstaden ung.no.

Mohammed Al-Karbawi syner fram nettsida til ung.no. DigiUng jobbar for å samle mange digitale tenester for unge på tvers av sektorar. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

– Unges psykiske helse blir verre og verre

På arrangementet på Ullern vgs. var helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) til stades. Ho deltok i ein panelsamtale saman med Bianca Bysheim Voll (18), Emilia Nordsletta Aslaksen (15) og Lucas Storaunet (14). Dei er òg med i ungdomspanelet til DigiUng.

Dei tre ungdommane tok opp saker som dei er opptekne av, og som dei meiner kan styrkast gjennom digitale løysingar. Hjartesakene deira er høvesvis helsehjelp, samisk identitet og psykisk helse.

– Vi ser jo på til dømes Ungdata sine undersøkingar at unges psykiske helse blir verre og verre, fortalde Lucas Storaunet og oppmoda statsråden til å setje unges psykiske helse på dagsordenen kvar einaste dag.

Bilete av Lucas i auditoriet der arrangementet var. Han står farmføre ei rekkje blå stolar og smiler til kamera.

Lucas Storaunet er med i ungdomspanelet til DigiUng. Han brenn for betre psykisk helse blant ungdom, og syntest det var positivt å høyre at statsråden jobbar med problemstillinga. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Han meiner unge må få vite om dei digitale tenestene som ung.no på plattformer som når unge, i skulen og gjennom sosiale medium, og at psykisk helse må inn i læreplanen.

Helseministeren: – Ung.no er ein viktig aktør

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) synest innspela frå Lucas og dei andre ungdomsrepresentantane er inspirerande, og trur suksessoppskrifta ligg i at dei unge er med på å utvikle sitt eige tilbod.

– Vi er jo veldig opptatt av å prioritere psykisk helsehjelp i regjeringa, men også å førebyggje og drive helsefremjande arbeid, og der er ung.no aktuell innanfor begge dei to overskriftene, seier helseministeren til Framtida.no.

Deltakarane i panelsamtalen sit på stolar og pratar saman. I bakgrunnen er det plakatar med reklame for ung.no.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) i panelsamtale med Emilia Nordsletta Aslaksen (15), Bianca Bysheim Voll (18) og Lucas Storaunet (14). Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Kjerkol trekker fram faget livsmeistring, helsesjukepleiarar og ung.no som nokre tiltak.

– Berre det å lese kva andre ungdommar spør om kan bidra til ei større bevisstheit om eigne ferdigheiter. Og så er det det å gjere tilgjengeleg gode behandlingstilbod og lågterskeltilbod som kan leverast digitalt gjennom innlogga tenester. Så her meiner eg ung.no er ein viktig aktør, svarar ho, og legg til at regjeringa skal levere ein opptrappingsplan for psykisk helse-feltet.

– Kva er det viktigaste du tar med deg frå innspela til dei unge som var her i dag? 

– Dei er heldigvis opptekne av det same som meg, så eg tar med meg deira utolmod, og deira venlege dytt i ryggen når eg skal inn i regjering og kjempe for helsebudsjettet.

Helseministeren får oversekt ei oppmoding frå ungdomspanelet. Ho står framme i auditoriet saman med ungdommane, og held arket frå panelet i hendene.

Ungdomspanelet las opp og overrekte eit brev til helseministeren. Dei trekte mellom anna fram at det er viktig å førebyggje at unge fell utanfor, og at dei håpar regjeringa vil satse enda meir på DigiUng framover slik at alle får den hjelpa dei treng. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Hjelpe før det veks seg større

– Eg får veldig mykje om ung forelsking. Det er veldig mange som lurer på kva teikn dei kan sjå etter. Om personen likar dei, og sånne ting.

Bianca Bysheim Voll fortel at mange skriv til ung.no med utfordringar som kan verke små no, men som kan bygge seg opp over tid.

– Då er det veldig greitt at vi kan hjelpe før det blir store utfordringar.

Bianca står framføre stolane i auditoriet og smiler mot kamera.

Bianca Bysheim Voll svarar på spørsmål som blir sende inn til ung.no. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Både Bianca og Mohammed hadde brukt ung.no sjølv før dei blei involvert i arbeidet, og dei har inntrykk av at sida er godt kjent blant dei fleste unge.

– Det eg trur ungdommar driv med mest, er å berre google noko. Og då kjem det ofte artiklar frå ung.no. Det var sånn eg først blei kjent med ung.no. Eg berre googla, og så kom det ein eller anna person som svarte på noko, minnest Mohammed.

Feilinformasjon på avvege

Mohammed Al-Karbawi er likevel uroa over at det er mykje feilinformasjon som kjem ungdom sin veg gjennom plattformer som TikTok og Snapchat. Han trur ein del ungdommar får mykje av informasjonen sin gjennom TikTok.

– Kanskje dei søker opp noko, eller så får dei opp noko av seg sjølv på grunn av algoritmar. Så får du opp noko på grunn av det du har søkt på før.

Difor synest han det er viktig at det finst kanalar som ung.no, som er retta mot ungdom og som er kvalitetssikra.

Ungdommane står i ein halvsirkel og pratar med kvarandre.

Mohammed Al-Karbawi , Lucas Storaunet, Emilia Nordsletta Aslaksen og Bianca Bysheim Voll var med på arrangementet som ein del av DigiUng sitt ungdomspanel. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

18 år gamle Bianca har inntrykk av at hennar generasjon er meir kjeldekritiske enn tidlegare generasjonar, og fortel at ho har hatt om det i skulen og har lært meir om å skilje ut informasjonen på internett.

– Det er framleis veldig mykje feilinformasjon på avvege. Og folk tar veldig mykje for god fisk frå sketchy kjelder eller kanalar som TikTok, som ikkje akkurat er Store norske leksikon.


Les også: Statar, skular og kringkastarar forbyr TikTok – bør du òg droppe appen? Ekspertane svarar

Ei hand med ein telefon med logoen til TikTok

Illustrasjonsfoto: Solen Feyissa on Unsplash