Fryktar feilinformasjon om val på TikTok

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar ved New York University har testa om sosiale medium oppdagar og slepper igjennom feilinformasjon i samband med det amerikanske mellomvalet.

Forskarane sende inn ti engelskspråklege og ti spanske annonsar som inneheldt feilinformasjon til TikTok, Facebook og YouTube.

Desse inkluderte annonsar med feil valdato, falske påstandar om krav for å røyste og retorikk som rår folk frå å røyste. TikTok godkjende ni av dei ti annonsane med feilinformasjon.

Berre annonsen om at ein måtte vere koronavaksinert for å røyste ved valet, blei luka ut av TikTok.

Det skriv The Guardian.

TikTok verst

Dei førebelse resultata frå undersøkinga vart publiserte av Global Witness og Cybersecurity for Democracy-teamet ved New York University førre veke.

Trass i at TikTok ikkje tillèt politisk reklame på plattforma, syner studien frå NYU at videodelingsappen kom dårlegast ut av plattformene som blei testa.

TikTok godkjende fleire av dei falske reklamane enn YouTube og Facebook.

Etter at annonsane vart godkjende av plattformene, sletta forskarane dei slik at dei ikkje blei publisert.

Fryktar konsekvensane

8. november er det mellomval i USA, og ekspertar fryktar konsekvensane av at feilinformasjon ikkje blir stogga av TikTok.

Appen har 80 millionar brukarar i månaden i USA, og ifølgje The Guardian er TikTok hovudkjelda til nyheiter for mange unge.

– Det har vore ein eksponentiell auke i brukarar, noko som berre betyr at det vil vere meir feilinformasjon som TikTok treng å proaktivt arbeide for å stoppe, elles risikerer vi å møte ei ny krise, seier forskar Olivia Little i Media Matters for America til The Guardian.

Avisa skriv at TikTok allereie har hatt utfordringar med feilinformasjon ved USA-valet i 2020, om val i Kenya og om Ukraina-krigen. Ifølgje ein rapport frå selskapet, fjerna TikTok i siste halvdel av 2020 350 000 videoar relatert til feilinformasjon om val.

Nye retningslinjer

Til Global Witness, som står bak undersøkinga, svarar ein talsperson for TikTok at plattforma er ein stad for autentisk og underhaldande innhald, og det er grunnen til at dei forbyr og fjernar feilinformasjon om val og betalt politisk reklame frå plattforma.

– Vi set pris på tilbakemeldingar frå frivillige organisasjonar, forskarar og andre ekspertar som hjelper oss å kontinuerleg styrkje prosessane og retningslinjene våre.

TikTok har kunngjort ei rekkje retningslinjer for å hindre at feilinformasjon om val blir spreidd via appen. Dei har mellom anna lansert eit valsenter, og i september kunngjorde dei at regjerings- og politikarkontoar skal verifiserast. Vidare forbyr dei videoar retta mot kampanjeinnsamling, og vil blokkere verifiserte politiske kontoar frå å bruke funksjonen for å tene pengar.

Ekspertar er likevel uroa, spesielt fordi TikTok sin struktur gjer det vanskeleg for eksterne å undersøkje spreiinga av feilinformasjon.


Propagandaplakatar. Offentleg eigedom

Fakta

  • Undersøkinga blei gjennomført av Global Witness og Cybersecurity for Democracy (C4D) ved NYU Tandon.
  • Forskarteamet såg på Facebook (Meta), TikTok, og YouTube (Google) si evne til å oppdage og fjerne feilinformasjon om val opp mot det amerikanske mellomvalet.
  • Annonsane frå forskarane inneheldt direkte feilinformasjon om valet eller informasjon for å diskreditere valprosessen.
  • Forskarane erklærte ikkje annonsane som politiske og gjekk ikkje igjennom ein prosess for stadfesting av identitet. Alle annonsane dei sende inn bryt med retningslinjene til Meta, TikTok og Google.
  • TikTok kom dårlegast ut. Facebook luka ut ein del, medan YouTube lukkast i å både oppdage og blokkere feilinformasjonen. Forskarane gjennomførte ei tilsvarande undersøking i samband med valet i Brasil tidlegare i haust. Der skåra plattformene enda dårlegare.