Rapport: Ein av fem unge seier at dei ikkje har venner

Tala frå rapporten om den psykiske helsa til unge, «Hvordan har du det – egentlig?», utført av Opinion for Mental Helse, klargjer kvardagen for tenåringar i Noreg. Linda Berg-Heggelund, generalsekretær i Mental Helse, seier det er vonde resultat som fortener merksemd.
– Vi ser også frå rapporten at halvparten av dei som har store psykiske helseutfordringar, ikkje søkjer hjelp, verken hos foreldre, venner, på skulen eller i helsevesenet, seier ho.
I løpet av eitt år melder kvar femte ungdom om svært eller ganske dårleg psykisk helse, og meir enn kvar fjerde stadfestar å ha kjent på angst- eller depresjonssymptom.
Studien er basert på djupneintervju og spørjeskjema blant ungdom og unge vaksne i alderen 12 til 20 år. Totalt har 1005 unge frå heile landet svart.
– Ma inn i klasserommet
Nesten éin av tre er bekymra for eiga psykisk helse. Tre av ti opplever mobbing i ei aller anna form. Mange av problema er knytte til eller blir forsterka av skulekvardagen.
– Vi må inn i klasserommet, tilby skuleprogram innan psykisk helse, skape møteplassar utanfor skulen og leggje til rette for tiltak som faktisk verkar. Vi må normalisere psykisk helse, seier Berg-Heggelund.
Rapporten vart lansert i samband med Mental Helse-konferansen torsdag. Kronprinsesse Mette-Marit deltok på konferansen på Quality Airport Hotel Gardermoen.