Stor auke i spørsmål frå ungdom

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ung.no er viktig for norske ungdommar, det ser vi av auken. Her får dagens unge svar på spørsmål dei kanskje kvir seg for å spørje andre. Og dei får det frå kvalifiserte fagpersonar, seier Mari Trommald, direktør i Bufdir, i ei pressemelding.

I fjor svarte ung.no på nesten 105.000 spørsmål frå ungdom mellom 13 og 20 år. Pågangen har auka i fleire år. Frå 2017 har talet på svar på spørsmål per år auka med over 110 prosent.

Skjermdump frå ung.no

Fleire spørsmål om eteforstyrringar

Nettstaden ung.no hadde 21,5 millionar besøk i 2021. Tenesta har i dag 270 fagpersonar spreidde utover heile landet, som svarar ungdommen på det dei lurer på.

Også i år er det flest spørsmål om temaa kropp, helse, psykisk helse og kjensler.

Men i år skil eitt tema seg ut med ein markant auke i talet på spørsmål: eteforstyrringar. Her har det auka frå 1200 spørsmål i 2020 til 2000 spørsmål i 2021.


Daniel Spjeld. Foto: The Human Aspect og Matias Hagen