Noreg er det minst lykkelege landet i Norden – naboland toppar lista

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei nordiske landa kjem som vanleg best ut på den årlege lykkekåringa, og i kjend stil kaprar Finland førsteplassen, framfor høvesvis Danmark og Island.

Noreg er det minst lykkelege landet i Norden, med sjuande plass.

– Utfordringar i Noreg er fallande livskvalitet, særleg blant dei unge, og aukande forskjellar, forklarer lykkeforskar i Folkehelseinstituttet, Ragnhild Bang Nes, til NTB.

Lykkekåringa blir gjennomført av FN, og inneheld nasjonale rangeringar av kor nøgd ein er, basert på data frå Gallup World Poll.

Finland dominerer

På ein skala frå 1 til 10, skårar befolkninga i Noreg på 7,3. Vinnarlandet Finland får på si side ein skår på 7,8, og tronar øvst på pallen for sjette år på rad.

– Finland er signifikant framfor andreplassen Danmark. Det er låg forskjell i landet og mindre forskjellar i livskvalitet enn i Noreg, og samtidig har innbyggjarane ein tryggleik i gode velferdsordningar. Kanskje er finnane meir beskjedne, med lågare forventningar enn oss, noko som samla gjer til at dei har stabilisert seg på toppen av lista, forklarer Bang Nes.

Lykkeforskaren frå FHI seier at ein forventar Noreg generelt høgt på lykkekåringa, men at det i dei siste åra har vore ei nedgåande kurve.

– Det er litt urovekkjande at Noreg har hatt ein nedgåande trend. Det kan nok forklarast med at ein i mange år hadde stabile tider i Noreg, men dei siste åra har innbyggjarane møtt meir motstand enn det ein er vant til.

Den negative trenden kan delvis komme av søkkande livskvalitet blant dei unge under og etter pandemien, tøffare økonomiske tider, større uvisse i arbeidslivet og forskjellen internt i befolkninga, meiner Bang Nes.

– I Noreg har vi også hatt ei vedvarande positiv utvikling på mange område dei siste tiåra, ikkje minst velstandsmessig. Kanskje er vi dårlegare rusta i møte med dagens utfordringar her til lands, enn ein er andre stader.

Ukraina skårar lågt

– Ukraina hamnar i år på 92.-plass. Nedgangen i livskvalitet er stor og har sjølvsagt ein tydeleg samanheng med krigføringa i landet, etter Russlands invasjon av Ukraina i februar i fjor, forklarer Bang Nes.

Data frå Ukraina er samla inn i september i fjor, etter krigsutbrotet. Sjølve rangeringa bruker tal for perioden 2020–2022.

– Eg antek vi kan komme til å sjå endå større utslag i negativ forstand i Ukraina neste år. Tilliten til dei nasjonale styresmaktene deira voks i 2022 i begge land, men mykje meir i Ukraina enn i Russland, seier Bang Nes.

Eit sterkt samhald og tillit til styresmaktene internt i Ukraina trur forskaren slår positivt inn på lykkekåringa.

– Trass i omfanget av lidingar og skade i Ukraina, var livsevalueringane i september 2022 høgare enn i kjølvatnet av annekteringa av Krim i 2014. Det kan reflektere ei sterkare kjensle av felles mål, samhald og tillit til leiinga i landet.

Afghanistan nedst på lista

Krigsherja land som Afghanistan og Libanon finn ein på botnplasseringane, saman med Sierra Leone.

– Dessverre er det altfor mange innbyggjarar i desse landa som har det generelt fælt. Det har ein naturleg samanheng med at desse landa er prega av krig og elende, og har vore det over lengre tid.

Heilt nedst på lista finn vi Afghanistan, med ein skåre på 1,9. Generelt ligg land sør for Sahara og krigsherja land lågt på lykkekåringa.

– Det er hjarteskjerande å sjå at innbyggjarane i landa nedst på lista, stadig opplever at livet blir vanskelegare. Det er ei utvikling som går i feil retning, seier ho.

Topplista er dominert av europeiske land

Åtte av dei ti øvste landa på lista er europeiske, utanom Israel og New Zealand.

– Europeiske land, og særleg dei nordiske, leverer godt i forhold til kva menneske flest treng. I dei fleste europeiske land får innbyggjarane tilfredsstilt primærbehova sine, inkludert dei psykologiske som tryggleik og fridom.

Finland og Danmark har lege øvst på den internasjonale rangeringa dei siste seks åra, og har hatt stigande gjennomsnittsskårar, medan Noreg som einaste land i Norden har falle noko på den internasjonale rangeringa i nokre år.

– Nasjonar med høg tillit både til andre innbyggjarar og styresmaktene, skårar generelt høgt på lykkekåringa. Det speglar også lista i år, forklarer lykkeforskaren.

Lista rangerer 137 land

World Happiness Report (WHR) har vore gitt ut av FNs nettverk for berekraftig utvikling kvart år sidan 2012.

Årets lykkerapport rangerer livskvaliteten i 137 land.

Omtrent 1000 personar frå kvart land deltek i denne undersøkinga kvart år, og blir bedne om å evaluere ulike sider av livskvaliteten.


Illustrasjonsfoto: Paola Chaaya, Unsplash