Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.03.2023 16:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Afghanistan er i ruinar og verda ser på!

Det er 3. september 2021 og Hoda Khamosh ropar saman med fleire kvinner som har samla seg i Kabul for å protestera mot Taliban-regimet som har teke over makta i Afghanistan, stengt skular og nekta kvinner tilgang til offentlegheita.

Aktivistane har trossa frykta som herjar i heimlandet for å kjempa for framtida si.

No jobbar Hoda Khamosh for den same saka frå Noreg, der ho ventar på svar på asylsøknaden sin. Ho er ikkje kven som helst. Den afghanske 27-åringen var på Time si liste over 100 personar med mest påverknad i 2022.

Framtida.no møter ho på eit bibliotek saman med ein tolk, som har reist frå England til Noreg for å skriva eit portrett for nettstaden OpenDemocracy.

Khamosh arbeidde med kvinners rettar før Taliban tok tilbake makta i heimlandet, og var ei av kvinnene som tok til gatene i september 2021 for å protestera mot innskrenkinga av rettane sine.

Fødd på flukt frå Taliban

For andre gong i livet er Hoda Khamosh på flukt frå Taliban-regimet i heimlandet Afghanistan. Førre gongen var det foreldra hennar som måtte flykta og ta imot den nye dotter si som flyktningar i Iran i 1996.

Taliban sat med makta i Afghanistan fram til 2001 og nokre år seinare, då Hoda var 12 år gamal, flytta familien attende til hennar høgt elska heimland.

Den unge kvinna omtalar det som eit vanleg liv, men ho måtte kjempa for å få lov av familien til å studera og ikkje bli gifta vekk i ein alder av 12 år.

Trass i at det var eit strengt religiøst land, er Hoda ei av dei heldige jentene, som har fått veksa opp i eit Afghanistan der mykje har gått rette vegen for likestillinga i landet.

Etter at Taliban mista makta i 2001 auka talet på jenter og gutar som fekk tilgang på skule og utdanning. Ifølgje FN gjekk talet på jenter i skulen opp frå nesten ingen til 2,5 millionar fram mot 2018. I same periode auka talet på kvinnelege universitetsstudentar frå kring 5000 til 100 000.

Poet og aktivist Hoda Khamosh fortel historia si via tolk på eit bibliotek i Noreg.

Fram – og tilbake til Talibandagane

På kvinnedagen skal Hoda Khamosh på scena på Melahuset i Oslo for å setja fokus på situasjonen for afghanske kvinner. Til Framtida.no fortel ho om oppveksten i Afghanistan.

– Eg kunne studera og bestemma over framtida mi. Eg var involvert i mange aktivitetar og program for å hjelpa kvinner, særleg på landsbygda, fortel Hoda Khamosh på farsi.

Etter å ha fullført universitetsutdanninga i persisk språk og litteratur i 2015, fekk Hoda Khamosh jobb i Aga Khan Foundation.

Her jobba ho med ulike program retta mot kvinner, som mikrofinansiering og kampanjar knytt til menstruasjon og tabuet kring det.

– I løpet av dei 18 månadane sidan Taliban kom har alt gått bakover. Me er tilbake til Talibandagane i 1996. Kvinner kan ikkje jobba eller studera og er innesperra i heimen, fortvilar Hoda Khamosh.

Då verda trakk seg ut

Våren 2021 erklærte USAs president Joe Biden at amerikanske styrkar skulle trekkast ut av Afghanistan innan 1. september same året.

Den 15. august tok Taliban hovudstaden Kabul og erklærte dagen etterpå at krigen var over og at dei hadde fått det dei ville.

I ein periode var alle skulane stengt, men Taliban opna etter kvart skulane for born opp til 13 år. Men regimet nektar framleis jenter på mellomtrinnet og oppover å gå på skule.

I 2021 var fire av ti elevar jenter, men no er kring 80 prosent av dei 2,5 millionar jentene sende heim. Nokre få regionar som allereie hadde kjønnsdelt undervisning, har fått halde ope skulane.

Hoda Khamosh fotografert på demonstrasjon på Eidsvolls plass i Oslo for kvinner i Iran og Afghanistan.
Foto: Hanna Johre / NTB

Flukt og smerte

Frå Noreg gjer Hoda Khamosh det ho kan for å støtta sine medsøstrer, og fortel at ho er engasjert i eit nettverk som har sett opp hemmelege skular i heimlandet.

– Det er mykje smerte i å bli flyktning. Du har eit livsverk du har bygd, og no må du starta på nytt. Det er veldig vanskeleg å bygga opp att eit liv, seier Khamosh.

EUs asylbyrå meiner at Taliban si innføring av Sharia og avgrensing av kvinners tilgang på helse, arbeid, utdanning, rørsle- og ytringsfridom grensar til forfølging.

Kvinner og menn som demonstrerer gjer dette med livet som innsats.

I januar i år vart tidlegare parlamentsmedlem Mursal Nabizada (32) skoten og drepen i heimen sin i Kabul. Ho var ei av få kvinnelege parlamentsmedlem som ikkje flykta utanlands, slik aktivisten Hoda Khamosh måtte.

Kvinner på flukt

Hoda Khamosh peikar på korleis utdanna afghanarar har flykta landet og har vanskeleg for å førestilla seg korleis Afghanistan kan koma tilbake til den tilstanden landet var i. 

Særleg kvinner i Afghanistan hadde fått ei betydeleg sterkare stilling i samfunnet. I 2020 var 27 prosent av dei folkevalde i representantanes hus kvinner, ifølgje Verdsbanken. Dei fleste av dei 69 kvinnelege parlamentsmedlemmane bur no i eksil.

– Me hadde kvinner i leiarstillingar, me hadde kvinner som var ordførarar, me hadde kvinner i parlamentet som kunne forsvara rettane våre, me hadde kvinner som fekk internasjonal anerkjenning og hadde vunne prisar. No er alt gått i oppløysing og ingen kan jobba eller studera.

Hoda Khamosh (27) er kritisk til verdssamfunnet si legitimering av Taliban gjennom samtalar.

Sat inne ei veke i mørkeret

Ved å protestera, skriva og fortelja si historie, freistar Hoda Khamosh å vera ei stemme for dei afghanske kvinnene som lever under Taliban-regimet.

Ho hugsar dagane då det internasjonale samfunnet trekte seg ut av Afghanistan. Folk var ekstremt redde og prøvde å flykta.

– Det tok meg to og ein halv time å koma heim. I ei veke var eg inne og skrudde ikkje ein gong på lyset. Så redd var eg, fortel Hoda Khamosh.

Ho høyrde historier om Talibans brutalitetar og valdtekter, og var redd for mora og resten av familien.

«Kor får du pengar frå?»

Den 3. september bestemte ho og venene seg for at dei ikkje lenger ville sitja inne og gøyma seg.

– Me ville la verda og det internasjonale samfunnet få veta kva tilstand dei forlét oss i. Dei forlét oss til desse terroristane, og me ville la dei høyra kva tilstand me var i og høyra stemmene våre, fortel Hoda Khamosh.

Hoda Khamosh (midten) fotografert under demonstrasjonen i Kabul 3. september 2021. Foto: AP Photo/Wali Sabawoon

27-åringen trossa både frykta og familien, tok med seg plakaten sin og demonstrerte. Hoda Khamosh fortel om ei venninne som vart slått i hovudet med ein pistol, og at ho sjølv har opplevd ein spontanabort etter ein protest i november 2021.

– Taliban kom til protestane. Ein av dei drog meg i håret, slo meg med ein pistol og sa: «Kven støttar deg?», «Kor får du pengar frå?» Eg var ekstremt redd, eg var så redd. På den tida var eg faktisk gravid og hendingane den dagen gjorde meg sjuk og eg spontanaborterte, fortel Khamosh.

Ho fortel òg at ho vart forsøkt påkøyrd etter at det vart kjent at ho skulle til Oslo for samtalar med Taliban.

Oppgjer med Taliban

Då Noreg i 2022 brukte 7 millionar kroner på å fly inn Taliban-leiarar for samtalar, vart Hoda Khamosh invitert for å møta dei. Med seg hadde ho bilete av to kvinnelege aktivistar, som ho kravde lauslatne.

Representantar frå Taliban Sakhaullah Sayed, Mutiul Haq Nabi Kheel og Amir Khan Muttaqi under møtet mellom norske humanitære organisasjonar og representantar frå Taliban på Soria Moria hotell i Oslo i fjor Foto: Stian Lysberg Solum / POOL / NTB

– Taliban laug og sa at det ikkje var nokre kvinner i fengsel, men me visste at det var over 100 kvinner i fengsel som vart torturert. Eg viste bileta av Tamana Zaryabi Paryani og Parawana Ibrahimkhel, mine kollegaar i protesten, for å visa dei døme på kvinner som har vorte torturert, slik som mange kvinner har blitt torturert, valdtekne og utsette for tvangsekteskap. Situasjonen er mykje verre enn dei har sagt i talar og offentlege utsegner, seier Khamosh.

Ho oppmodar verda til å ikkje legitimera Taliban ved å invitera dei til forhandlingar og internasjonale toppmøte.

– Taliban lyg. Det er ikkje noko poeng i å invitera dei til desse møta, seier Khamosh.

Ho er opprørt over at det internasjonale samfunnet har tolerert Taliban, og ser dei som eit betre alternativ enn Daesh – eller IS – som fleire fryktar kan ta over i deira stad.

– Dei er begge like ille. Dei er begge mordarar og terroristar. Me vil ikkje at Taliban skal legitimerast og bli anerkjent internasjonalt. Ikkje send Taliban pengar, ikkje støtt dei. Støtt grupper som står opp mot Taliban og kvinnene som protesterer mot Taliban.

Hoda Khamosh (27) har store draumar for heimlandet sitt.

Den draumen

– Eg vil bli statsminister eller president, ein god leiar. Eg vil at Afghanistan skal vera eit land der kvinner har rettar, akkurat som i Noreg, der kvinner har fullstendig fridom og der kvinner kan leia og me kan oppleva ekte fred, svarar Hoda Khamosh på spørsmål om hennar personlege draumar.

Hoda Khamosh brukar mykje av tida si på å halda seg oppdatert og informert på situasjonen for kvinner i Afghanistan, saman med kvinner i eksil og i heimlandet.

Ho er viss på at kvinnene vil koma sigrande ut av kampen mot Taliban, gjenvinna Afghanistan sitt sjølvstende, og byggja opp att liva sine.

– Me er ikkje fortidas kvinner. Me veit rettane våre og me veit kva me fortener. Me veit at me fortener mykje meir. Beviset for at me kan ta tilbake landet vårt er i det at me stod opp mot Taliban trass i dei mange krenkingane, som tortur, arrestasjonar og så vidare. I dag er det kvinner som har hindra Taliban i å bli anerkjent og legitimisert internasjonalt.


Malala Yousafzai fotografert under HISTORYTalks i Washington i september 2022. Foto: AP Photo/Nathan Howard)