Lidia (20): «365 dagar med kulde, svolt og tårer»

Lidia sit framoverlent i ein stol.

Lidia Bielova
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksta vart halden som ein appell under eittårsmarkeringa av den russiske invasjonen av Ukraina framføre Stortinget. Appellen er omsett frå engelsk til nynorsk og gjeven att med løyve.

Det har gått eit år sidan Russland starta sin fullskalainvasjon av territoriet til ein sjølvstendig stat i sentrum av Europa – Ukraina. Eitt år verkar kort.

Men dette er 365 dagar med kulde, svolt og tårer frå barn, mødrer og gamle menneske. Med smerte, sinne, hat, sorg, liding, død og tap av kjære. Med øydelegging av byar og av heile landet.

Berre tenk på dette talet: 365 dagar!

Kvar ukrainar fekk livet sitt dramatisk endra den 24. februar 2022.

Livet til alle ukrainarar endra seg dramatisk den 24. februar 2022. Det er ein augeblink der livet vart delt i to delar, så radikalt motsette, kontrastar, der du framleis kan høyre ekkoet av latter, støyande kveldar og koselege middagar. Der silhuettane av dei ein er glad i dansar, og ein kan kjenne varmen frå klemmar som gjev ro.

Dette er ei tid for å sørgje over draumar, planar, over harmonien ved fred og over gleda ved å leve det livet som kvar og ein av oss fortener. Dagar med frykt, veker med lengting, månader med angst og eit år med håp.

Håp for ei lysare framtid, der alle utan å nøle seier «vi sjåast» om morgonen utan å vere redd for om ein kjem heim att, der kyrkjeklokker ikkje slår farvel til unge menn og kvinner som gav alt for landet sitt, håp for fred, der det ikkje er rom for mødrer sine tårer for søner som er borte for alltid.

Lidia har mange venar som framleis er i Ukraina. Biletet er teke før den russiske invasjonen. 24. februar 2022 vart livet hennar dramatisk endra. Foto: Privat

Ukrainarar søkjer siger, og har vist verda evna si til å slå russisk militærmakt. I februar 2022 var mange politikarar i Vesten overtydde om at Ukraina ikkje ville stå imot den russiske invasjonen. Likevel, i eit år med fullskala krig, har dei væpna styrkane til Ukraina forsvart hovudstaden Kyiv, kasta ut inntrengarar frå det nordlege Ukraina, gjennomført ein vellukka offensiv operasjon i Kharkiv og frigjort byen Kherson frå russisk okkupasjon.

Eg vil gjere dykk merksame på det faktum at mange ukrainarar melde seg frivillig til å kjempe for fedrelandet sitt, og dei fleste av desse er studentar som aldri hadde halde eit våpen i hendene, men trass i dette, var og er dei klare til å gi sitt liv for fedrelandet, for sine kjære, for vennar.

Difor prøver vi, dei ukrainske unge, å gjere vårt beste for ein rask siger over russisk fascisme og folkemordet på det ukrainske folket. Kvar og ein av oss prøver å bidra til å avslutte krigen: frå å skaffe midlar til våpen, til varme klede og mat til offera for denne krigen.

Av heile våre hjarte vil vi takke nordmenn – regjering, lokale styresmakter og vanlege folk – for den enorme hjelpa som er gitt til mitt land og til det ukrainske folket.

Ukrainas siger er ein garanti for stabilitet i verda. Russisk aggresjon utgjer ein trussel mot det europeiske kontinentet, det undergrev grunnprinsippa i folkeretten og krenker territorial integritet mellom nabostatar. Dette er ikkje berre Ukraina sitt problem, det er heile den siviliserte verda sitt problem.

Ikkje ein einaste dag, ikkje eit einaste minutt, gav landet vårt seg over til fienden. Vi har kjempa sidan 2014, og vi kjempar framleis. Vi blir sterkare kvar veke, og eg trur at folket ein dag vil få høyre desse orda: «Ukraina har vunne!»

Verda må samle seg om Ukraina for å hjelpe oss i denne krigen. Vi ber ikkje om meir enn det som er garantert for oss, som alle andre statar – retten til å leve i fred og tryggleik. Difor ber vi alle statar om å støtte Ukraina i kampen for fridom og sjølvstende.

Som eit globalt samfunn, må vi gjere vårt ytste for å sikre fred og stabilitet i Ukraina. Dette gjeld ikkje berre militær støtte, men også politisk, økonomisk og humanitær hjelp. Vi må stå saman for å sikre fred og fridom for alle menneske i verda.

Leve Ukraina! Leve Noreg!


Lidia ligg på ei seng med ein labrador retriever.

Lidia med hunden Michael som no er med besteforeldra. Foto: Privat