Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 25.11.2022 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når du har vore gjennom noko vanskeleg, så blir du på ein måte endå gladare når du blir glad, seier Behn til NTB.

Ho er spent og gira, for onsdag stiller ho for første gong ut sine eigne måleri som del av ei haustutstilling på kulturhuset i Ås.

– Eg trur det blir veldig gøy. Det blir kult å høyre kva folk tenkjer om bileta.

Maud Angelica Behn held fram det ho omtaler som favorittmåleriet sitt på utstillinga, kalla «Duft av lykke». – Det eg ville vise, er at det enkle kan vere lykkeleg. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

19-åringen deler allereie jamleg skisser og teikningar på Instagram. Men då ho vart spurd om å lage noko til utstillinga innanfor «lykke», måtte ho tenkje litt over kva det er.

– For meg er lykke å gå ut av komfortsona og klare noko. Eller å få noko ut av ein enkeltaugneblink, eller berre vere med venner og ha det koseleg. Aller mest er det kanskje å setje pris på ting og folka rundt deg, seier ho.

Sorgtungt

Mange hugsar talen Behn heldt i gravferda til faren, etter at han tok sitt eige liv jula 2019. I tida etterpå har ho fortalt mykje om sorga, og engasjert seg for psykisk helse. I fjor gav ho også ut ei bok som handla om sorg.

Men no handlar det altså om lykke.

– Eg synest eigentleg det har vore veldig forfriskande. Og veldig digg. Eg har berre vore sånn: Ok, kva betyr lykke for meg? Korleis kan eg gå inn i desse kjenslene?

Maud Angelica Behn fotografert under rigginga til kunstutstillinga i Ås kulturhus. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Lykke i tre former

Behn har med seg tre oljemåleri og to trykk til utstillinga. Eitt av måleria viser ei jente med varm kopp, som nyt ein augneblink for seg sjølv. Eit anna viser søstera Emma og ei venninne som spring i regnet, men likevel er glade saman.

Og det tredje viser ei dame som spring med flagrande kjole.

– Det er meir eksplosiv lykke. Det å endeleg kunne vere glad etter å ha hatt det vanskeleg lenge. Bak henne er det visne, lilla blomster, og så spring ho mot sola og vekk frå dei visne blomstrane.

– Bak henne er det visne, lilla blomar, og så spring ho mot sola og vekk frå dei visne blomane, seier Maud Angelica Behn om måleriet «Gi blomster til solen». Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

På himmelen har kunstnaren gått litt «crazy» med fargane, fortel ho.

– Viss eg ser ein fin himmel, så pleier eg å tenkje på far min, så då tenkte eg at det kunne vere i biletet, seier ho.

Inspirert av faren

19-åringen har kunstnarar rundt seg på alle kantar i familien. Både på farssida og morssida.

Ho seier at ho har henta mykje inspirasjon i fargebruken frå faren. Men om ho skal gå i hans fotspor som biletkunstnar, er enno ikkje sikkert.

– Eg aner ikkje kva eg har lyst å bli. Men anten kunsten blir ein jobb eller ikkje, så vil eg nok aldri stoppe med det.

Maud Angelica Behn seier at ho som kunstnar har latt seg inspirere av fargebruken til faren. Her er Ari Behn fotografert ved biletet «100 strokes before I go» under ei utstilling i Drammen i 2017. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK

Akkurat no har ho eit friår etter vidaregåande.

– Så får vi sjå kvar det tek meg. Eg håpar at eg kan gjere litt fleire utstillingar. Eg kjem til å teikne, men det kan vere at det berre blir for meg sjølv òg, seier ho.

Ut av komfortsona

I første omgang har det vore eit lite eksperiment å prøve meir oljemåling. For det har 19-åringen gjort lite av før.

– Det er også så interessant, fordi om fem år kjem sikkert kunsten min til å sjå heilt annleis ut. Då er kanskje versjonen min av lykke også heilt annleis.

Maud Angelica viser fram dei ulike verka ho har bidratt med på utstillinga, som har temaet «lykke». Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Til saman bidreg 20 kunstnarar med verk på utstillinga i Ås, som er open fram til søndag og blir arrangert av galleriet Northart. Det skal også haldast ein auksjon med inntekt til Mental Helse, som Behn har donert eit trykk til.


Grafisk designar og GIF-skapar Nora Fikse sit mellom nokre av teikningane sine.

Nora Fikse arbeider fulltid som grafisk designar og gif-skapar. Foto: Privat