Noreg nedover på lukkemålingar: – Ulikskap er ein stor lykketjuv

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– FHI ser ikkje på lukke i form av begjær og nyting, altså. Me studerer livskvalitet, som handlar om tryggleik og opplevinga av både å ha ein eigenverdi og vere del av noko større. Det påverkar i sin tur den psykiske og fysiske helsa vår. God livskvalitet er difor både eit mål og eit middel.

Lukkeforskar ved FHI, Ragnhild Bang Nes. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Seniorforskar Ragnhild Bang Nes ved Folkehelseinstituttet senkar peikefingeren. Dei siste minutta har den vifta ivrig mot pc-skjermen framom ho, og på fjorårets tal frå Verdslukke-rapporten, som i praksis altså er ein rapport om livskvalitet.

Som før, syner diagramma høg lukkeskår i alle dei nordiske landa, med Finland, Danmark og Island øvst på lista. Noreg held derimot fram med å dumpe nedover på rangeringa.

I 2017 hadde me førsteplassen. I fjor hamna me på 8.-plass mellom Sverige og Israel.

– Noreg er framleis ein av verdas mest tilfredse nasjonar, og skilnaden mellom Finland og Noreg er statistisk sett ikkje veldig stor. Men det er urovekkjande at nedgangen i Noreg ser ut til å vere ein pågåande trend. Det kan vere teikn på at me har samfunnsstrukturelle problem, seier Bang Nes.

Frå 1. til 8.-plass

FNs World Happiness Report blir lansert 20. mars kvart år, på den internasjonale lukkedagen.

Rapporten baserer seg på Gallup World Polls undersøkingar i 146 land, der deltakarane blir bedne om evaluere liva sine gjennom ulike spørsmål. Spørsmåla er konsentrert rundt 12 ulike livskvalitetsmål, slik som fridom, fysisk og psykisk tryggleik, helse, fellesskap og moglegheit for sjølvutvikling.

Sjølve lukkerangeringa er basert på eitt spørsmål om kor nøgde dei er med livet på ein skala frå 0–10.

Finland kjem godt ut på lykkemålingar. Illustrasjonsfoto: Tommaso Fornoni, Unsplash.com

Årets rapport er enno ikkje offentleggjort, men Ragnhild Bang Nes kan seie såpass at ho ikkje ventar dei heilt store endringane frå i fjor.

Då låg lukkesnittet i Noreg på 7,4. Finland hadde 7,8, medan Afghanistan låg nedst på lista med ein skår på 2,4.

Nederland er det landet i verda med minst ulikskap i livskvalitet innbyggjarane i mellom.

Skeive ekstra utsette

– Det er særleg nordmenn med dårleg økonomi og som er arbeidsledige, uføre, eller har redusert psykisk eller fysisk helse, som rapporterer om dårleg livskvalitet. Unge, skeive og personar med nedsett funksjonsevne har ekstra dårleg skår, fortel Bang Nes.

Og der Finland og Danmark har hatt stigande lukkesnitt heilt sidan 2012, er Noreg altså det einaste landet i Norden som har gått stikk motsett veg. Det er ganske oppsiktsvekkjande i seg sjølv:

– Parallelt med lågare tilfredsheit, ser me mindre framtidsoptimisme og auka bekymring rundt økonomi og arbeid, særleg blant nordmenn under 40 år, seier Bang Nes og held fram:

– Me veit at den sosiale ulikskapen i Noreg har auka i den same tida me har falle på rangeringa, og at me har fått fleire låginntektsfamiliar og barn som veks opp i fattigdom. Me kan likevel ikkje slå heilt sikkert fast at aukande ulikskap er grunnen til at me fell. Men det er klart, det er mykje som peikar i den retninga. Ulikskap er ein stor lukketjuv.

I Oslo var snittprisen for å leige bustad på 14.621 kroner i andre kvartal av 2022, melder E24. Foto: Oscar Daniel Rangel/Unsplash

Nasjonal plan

Samstundes kan ein kanskje undre seg over at lukkenivået i Noreg har vore såpass stabilt, medan velstanden vår har stige jamt og trutt.

Bang Nes seier det mellom anna kan forklarast med at jo betre me har det, jo høgare forventningar får me – og at det femte kakestykket sjeldan gjer oss like tilfredse som det første.

Me har også ein tendens til å samanlikne oss med dei som har det endå betre enn oss sjølv.

– Sjølv om lukkeforsking viser at hovuddelen av den psykologiske grunnstemninga vår er genetisk bestemt, skjer alt i eit samspel med miljøet. For forskinga syner også at dei som lever i dårlege kår, har lågare arvelegheit for lukke. Vanskelege levekår ser ut til å «overskrive» det genetiske lukkepotensialet vårt. Miljøet og livsvilkåra er også det me har størst moglegheit til å gjere noko med, påpeiker ho.

Gjennomsnittleg månadsløn på den russiske stillehavsøya Sakhalin var i 2015 på 6.500 kroner. Dei aller fleste lever i fattigdom, trass i olja som vart oppdaga for over 20 år sidan. Foto: Elise Løvereide

Lukkeleg strategi

Livskvalitet er no eit uttala satsingsområde både for FN, OECD, EU og Noreg. Det er difor 50 prosent av alle OECD-landa har skaffa seg rammeverk for å måle livskvalitet.

I 2021 annonserte også den norske regjeringa arbeidet med ein nasjonal livskvalitetsstrategi. Ifølgje festtalen frå dåverande barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad, skal strategien bidra til å utvikle politiske tiltak som skapar eit meir helsefremjande og rettvist samfunn.

Eit viktig fundament for strategien er nettopp livskvalitetsmålingane Ragnhild Bang Nes og kollegaene hennar ved forskingssenteret Promenta ved UiO og FHI jobbar med.

Dei har det fremste forskingsmiljøet i landet på livskvalitet og studerer både fordeling av livskvalitet, årsaker til at fordelinga er slik og tiltak for å betre den.

Når dei samanliknar sine resultat frå Gallup World Poll, ser dei akkurat dei same trendane som i Folkehelseundersøkingane i norske fylke og SSBs livskvalitetsundersøkingar: Dei som har det aller best, er dei med god utdanning og inntekt, god helse, støttande relasjonar og tillit til andre.

Ein million i minus

I fjor oppgav likevel rundt 17–18 prosent av alle vaksne nordmenn, nær ein million menneske, at dei opplever dårleg livskvalitet. Under pandemien gjorde 28 prosent det same.

I somme grupper – som dei som lever med helseproblem, dårleg økonomi eller står utanfor arbeidslivet, er andelen som opplever dårleg livskvalitet over 40 prosent, heilt uavhengig av pandemien, fortel Ragnhild Bang Nes.

Koronatida har påverka søvnen vår, viser forsking. Foto: Ben Blennerhassett, Unsplash

Det skulle vel borge for at politikarane er i full gang med å syte for likare levekår, omfordeling av velstanden, eit trygt og breitt helsetilbod, inkluderande arbeidsmarknad og sosialt inkluderande nærmiljø …?

Ragnhild Bang Nes smiler litt oppgitt før ho svarar:

– Med slike negative målingar er det viktigare enn nokon gong å førebyggje for å hindre at problema eskalerer. Men i staden ser me jo nedbygging av både primærhelsetenestene og spesialisthelsetenestene og veksande ulikskap, seier ho og held fram:

– 70 prosent av aleineforsørgjarane er til dømes fysisk og psykisk slitne fleire gonger i veka og dei som opplever levekårsvanskar og er utan arbeid har fire til seksdobbel risiko for dårleg livskvalitet. Den målte livskvaliteten blant nordmenn har faktisk aldri vore så skeivdelt som han er no.

Utfordrar Kjerkhol

Ho vedgår – litt motvillig – at ho er noko tvilande til om dagens helseminister Ingvild Kjerkol er på rett spor:

– Ho har eit stort potensial til å gjere noko med rammevilkåra for auka livskvalitet i folkehelsearbeidet, for å seie det slik. Det trengst mykje meir merksemd rundt sosioøkonomisk ulikskap, og tiltak som både kan førebyggje og jamne ut. Byggjer du dansegolv, så vil jo folk danse.


Maud Angelica Behn held fram det ho omtaler som favorittmåleriet sitt på utstillinga, kalla «Duft av lykke». – Det eg ville vise, er at det enkle kan vere lykkeleg. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK