Kva gjer oss ulykkelege?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ungdommar blir berre meir og meir ulykkelege. Lykkenivået for unge mellom 15-24 år har sokke med 11 prosentpoeng frå 2009 til 2019, ifølge ei stor undersøking. Kvifor er det slik?

Kva er det som gjer at ungdommar over heile verda føler seg mindre fornøgde med livet? Kva er det som er nytt no, og kva kan gjerast for å endra det?

Avhengig av mobilen

Det er ingen løyndom at me ungdommar er avhengige av mobilen vår, og kanskje er det nettopp derfor me blir meir og meir misnøgde med vårt eige liv. På sosiale medium blir me utsette for perfekte, urealistiske og problemfrie liv. Og problemet her er at me samanliknar oss sjølve med fasadane som folk gøymer seg bak.

For sjølv om me veit at alt som blir lagt ut på sosiale medium ikkje er røynda, jaktar me etter noko slikt.

Problemet her er at me samanliknar oss sjølve med fasadane som folk gøymer seg bak

Det har aldri vore så enkelt å samanlikna, stenga ute og slenge stygge kommentarar til andre som no. No er det berre få tastetrykk og skaden er gjort. Du treng ikkje eingong å sjå vedkomande i auga.

Kva kan me gjera?

Du ser venane dine heng ilag utan deg på snapchat-storyen og du ser perfekte kroppar på Instagram. Er det rart me blir overvelda då? Nei, det er ikkje det, men kva kan me gjere med det?

Me kan ikkje berre legga mobilen i frå oss og leva eit liv utan han. Mobilen er ein stor del av ungdommen, og eg trur ikkje løysinga er å kutte han ut. Me burde heller setja grenser og snakka om det me ser og opplever på internett. Kanskje dei store påverkarane burde starte å promotera eit meir realistisk liv.

Det er ikkje lett å veta kva som er årsaka til at ungdom blir meir ulykkelege. Eller kva me skal gjera for å endra denna kursen, men eg trur me alle kan ha godt av å senka skuldrene. Å snakka med dei rundt oss. Fordi du er ikkje aleine. Du er ikkje den einaste som føler deg slik. Så la oss heller snakka med kvarandre om følelsane våre. La oss innrømma kjenslene våre, og gjera kvarandre betre.


Pressefoto.