I dag er verdas internasjonale dag for lykke. Me har spurt fem unge kva som gjer dei glade.

I 2012 vedtok FNs generalforsamling å gjere 20. mars til den internasjonale dagen for lukke. Dagen vert markert for å understreke at lukke og velvære er eit universelt mål for alle menneske på jorda, og at dette må takast omsyn til i medlemslanda sine nasjonale planar.
I samband med den internasjonale dagen for lukke gir FNs Sustainable Development Solutions Network (SDSN) ut ein lykkerapport med namnet World Happiness Report.
Her blir det presentert ein indeks som rangerer land etter kor lukkelege innbyggjarane er. Om lag 3000 personar i kvart land blir spurde om å vurdere sitt noverande liv på ein skala frå 0 til 10, der 0 er det verste mogleg livet og 10 er det beste mogleg livet. Jo nærare landets skår er 10, desto lukkelegare er befolkninga.
I år er Noreg på 7. plass, med ein skår på 7,3 medan Finland toppar lista med 7,7. Nedst på lista finn me Afghanistan.
Me tok ein tur på gata for å høyre kva som gjer folk glad:
Julie Bakken (17)
– Kjærasten min! Han er snill og søt.

Julie Bakken (17)
Oliver Köhler (17)
– Kjærasten min. Ho er veldig snill og morosam. Eg blir glad av å henge med henne.

Oliver Köhler (17)
Hilma Aure Modal (17)
– Musikk! Eg syng og speler gitar, og eg bruker mykje tid på det i kvardagen. Det endrar på humøret mitt og gjer meg glad.

Hilma Aure Modal (17)
Isabella Rasmussen (16)
– Kjærasten min og familien fordi eg har det gøy med dei. Dei seier morosame ting og me har det gøy saman.

Isabella Rasmussen (16)
Ferdinand Folmoe (17)
– Kjærasten min og fotball!

Ferdinand Folmoe (17)