Høgsterett: Fosen-aksjonistane kan ikkje straffast

Fosen-aksjonistane som tok seg inn i Energidepartementet og blokkerte Finansdepartementet, kan ikkje straffast, slår Høgsterett fast.

NPK-NTB/Andrea Nøttveit
Publisert

– I dette tilfellet hadde demonstrantane opptredd fredeleg og ordentleg, aksjonen var ikkje meir forstyrrande enn nødvendig for å få fram bodskapen, og dei sikta hadde ikkje alternative ytringsmåtar som ville vore mindre forstyrrande og samtidig effektive, skriv Høgsterett i ei pressemelding.

Høgsterett legg vekt på at innbringinga til sentralarresten var unødvendig og mangla heimel i lov. Straff må då reknast som uforholdsmessig, og anken frå påtalemakta blir forkasta, skriv dei vidare.

Fleire demonstrantar som aksjonerte mot vindkraftutbygging på Fosen, fekk bøter for å ha teke seg inn i Energidepartementet og blokkert Finansdepartementet og Keysers gate 6 i Oslo i februar og mars i 2023.

Dei nekta å vedta bøtene, og saka gjekk dermed til retten, der dei vart frikjende både i tingretten og i lagmannsretten.

NRK har intervjua aksjonist Elle Rávdná Näkkäläjärvi, som er letta over dommen.

– Det følest veldig godt å vete at vi har vunne i tre rundar, det viser at det nyttar å ytra seg. Ein skal ikke straffast for å kjempe for menneskerettar.