Studentar jobbar nesten 1,5 timar meir i veka – studentleiar er uroa

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er ikkje overraska over at studentar må jobba meir, det er noko vi har åtvara mot lenge. Me er uroa for at deltidsjobben går utover studia.

Det seier leiar av Norsk studentorganisasjon, Maika Marie Godal Dam, i ei pressemelding.

1,4 timar meir i arbeid

I dag kom tala frå Studiebarometeret, ei årleg undersøking gjennomført av NOKUT. Rundt 28.000 2. og 5. år-studentar frå kring 1900 studieprogram på alle norske universitet og høgskular har svara på kor tilfredse dei er med studiane.

Ifølgje undersøkinga jobba ein norsk student 8 timar ved sidan av studiane i 2021, eit tal som auka til 9,4 timar i 2022.

Auken kjem både av at fleire studentar er i arbeid, og at studentane i arbeid jobbar fleire timar enn tidlegare. NOKUT peikar på låg arbeidsløyse og høg prisauke som to moglege årsaker til auken.

NSO krev høgare studiestøtte

NSO er uroa over at studentar brukar stadig fleire timar på løna arbeid ved sidan av studiane.

– Studentane sin økonomi har gått nedover dei siste 30 åra, og auka inflasjon pressar studentøkonomien ytterlegare, seier Godal Dam i pressemeldinga.

NSO krev at studiestøtta vert auka til 1.5G. G viser til grunnbeløpet frå NAV, som per mai 2022 låg på 111 477 kroner.

Godal Dam peikar på at ei slik auke vil gjera studentøkonomien mindre sårbar for auka prisar i framtida.

Undersøkinga viser også at studentane er mindre nøgde med både studiar og det sosiale, noko NSO-leiaren koplar til at studentane jobbar meir.

– Vi er jo studentar for å studera. Då seier det seg sjølv at studentar får eit dårlegare læringsmiljø og lågare motivasjon når dei ikkje kan prioritera tida si til å studera, avsluttar Dam.

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. Foto: Ilja C. Hendel/Regjeringa

Borten Moe: – Gjennomført eit stort løft

Minister for høgare utdanning, Ola Borten Moe (Sp), peikar på pandemirestriksjonar, krig i Europa og økonomisk uvisse som faktorar som kan bidra til at studentane er mindre nøgde.

Han understrekar ovanfor NTB at regjeringa tek tilbakemeldingane på alvor, men er ikkje like uroa som NSO for mengda løna arbeid. 

– Eg synest det er fint å sjå at fleire studentar har høve til å jobbe litt ved sida av studiane, i ein periode med låg arbeidsløyse og høg inflasjon og prisvekst. For å møte denne nye røyndommen har vi gjennomført eit stort løft saman med SV på studentøkonomien, seier statsråden til NTB.