USA: Jackie (21) har opplevd to masseskytingar – etterlyser våpenlover
– Vi kan ikkje lenger tillate at dette skjer, seier Jackie Matthews. Ho etterlyser nye lover.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg er 21 år gammal, og dette er den andre masseskytinga eg har levd gjennom, fortel amerikanske Jackie Matthews på TikTok.
21-åringen er student ved Michigan State University, der ein gjerningsmann måndag drap tre studentar og såra fem i ei masseskyting.
For ti år sidan var ho elev på naboskulen til Sandy Hook, og måtte i lockdown i frykt for fleire åtak.
Barneskulen Sandy Hook var i desember 2012 åstad for ei av dei mest grufulle og dødelege skuleskytingane i amerikansk historie. 20 barn og seks vaksne vart drepne.
– Faktumet at dette er den andre masseskytinga eg har levd gjennom er ufatteleg, seier Matthews.
For @NBCNews, I spoke with Jackie Matthews, the student in this viral TikTok, who survived both the Sandy Hook massacre when she was 11 and the Michigan State shooting last night.
She told me these shootings are becoming too familiar for too many people. https://t.co/BTIT23lSzd pic.twitter.com/QjE5WiFn6o
— Kalhan (@KalhanR) February 14, 2023
71 masseskytingar på seks veker
I 2022 var det 647 masseskytingar i USA, ifølgje organisasjonen Gun Violence Archive. Over 44.000 menneske miste livet til våpenvald i løpet av året.
I løpet av dei seks første vekene av 2023 har det vore 71 masseskytingar i USA, melder USA Today.
Skytinga ved universitetet i Michigan var den 71. Til NBC sin TODAY fortel Matthews, som ikkje bur på campus, at ho akkurat hadde kome heim då ho fekk melding om at det var ein aktiv skyttar på universitetsområdet.
– Det var då eg og alle romkameratane mine låste dørene, skrudde av lyset og starta å kontakte alle vi kjenner for å sikre at dei var ok.
Etterlyser lover
Til TODAY seier Jackie Matthews at ho filma TikTok-videoen fordi ho ville rette merksemd mot kor høg oddsen er for å oppleve ein masseskyting i USA. Ho seier ho er redd for å reise tilbake til universitetet når timane startar opp att.
I videoen understrekar 21-åringen at det ikkje lenger er nok med kjærleik og bøner.
– Det trengst lovgjevnad, det trengst handling. Dette er ikkje ok. Vi kan ikkje lenger tillate at dette skjer. Vi kan ikkje lenger vere handlingslamma.