Desse er nominerte til årets Gullbarbie
No krev Press at Forbrukartilsynet får utvida myndigheit for å rydde opp i reklame- og marknadsføringsbransjen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tannbleikinga Prowhitening, kleskjeda Zara og reality-konseptet Ex on the Beach Norge er nominerte til årets Gullbarbie.
Kvart år vert prisen delt ut til ein reklame- og medieaktør som er «best på å få ungdom til å føle seg verst». Bak utdelinga står Press – Redd Barna Ungdom.
– Ex on the Beach, Prowhitening og Zara er kvar for seg delar av bransjar som fører til kroppspress blant barn og unge. Realityseriar, kosmetiske behandlingar og kleskjeder. Med desse nominasjonane håpar vi å setje lys på kor utbreidd dette problemet er, seier leiar Isaac Elstad Røssnes i ei pressemelding.
Difor er dei nominerte:
Prowhitening
Prowhitening har sidan 2015 selt sett som let forbrukarar bleike tennene sine heime. Bedrifta er nominert til årets Gullbarbie for å aktivt ha brukt påverkarar til å selje idéen om at kvite tenner er nødvendig til unge:
– Tannbleiking hjå dei fleste tannlegar har ei aldersgrense på 18 år, medan Prowhitening skriv på nettsida si at dei «anbefaler at du er over 12 år» for å kjøpe produktet deira. Tannbleikestripsane fremjar eit einsidig skjønnheitsideal samstundes som produkta deira kan verke skadeleg på tennene, står det skrive i grunngjevinga hjå Gullbarbie.
Pressleiaren kritiserer bedrifta for å marknadsføre seg som eit trygt tannbleikingsprodukt, utan å nemne potensielle biverknadar.
– Dette gjer dei gjennom påverkarar som barn og unge stolar på. Det er ein skikkeleg egoistisk måte å drive bedrifta si på, seier Røssnes.
Zara
Klesgiganten Zara er nominert til verstingprisen fordi dei skal fremje eit einsidig skjønnheitsideal gjennom både produkta og marknadsføringa si.
I grunngjevinga peikar Gullbarbie på at den populære kleskjeda manglar variasjon i storleikane dei tilbyr, og viser lite kroppsmangfald i marknadsføringa si.
– Zara sin definisjon på korleis ein «normal» kropp ser ut, vert dermed veldig smal. Som ei stor bedrift bør Zara tilby klede til alle kroppar, men dette er ikkje realiteten i dag, held grunngjevinga fram.
Røssnes peikar på at det ikkje er nytt at klesbutikkar avgrensar variasjon i storleikar og modellmangfald:
– Likevel forventa eg at Zara, som er ei stor og populær kleskjede, skulle ta ansvar og stå fram som eit godt døme. Dessverre gjer dei ikkje det.
Ex on the Beach Norge
Realityserien Ex on the Beach Norge har rulla over norske skjermar sidan 2018. No er han for første gong nominert til Gullbarbie, skulda for å seksualisere deltakarane og for måten serien vert marknadsført til eit ungt publikum.
– Marknadsføringa er prega av kropp og sex, noko som vert spegla i programmet. Tidlegare deltakarar har også følt på sexpress frå andre deltakarar utan at produksjonen har gripe inn.
Gullbarbie peikar på at aldersgrensa for programmet er 14 år, noko dei meiner fører til at serien kan strøymast ukritisk til eit ungt publikum. Ex on the Beach Norge bidreg til ei auka seksualisering i mediebilete, ifølgje nominasjonen.
– Forholdet til sex som Ex on the Beach Norge er med på å normalisere overfor barn og unge er djupt problematisk. Kropp og sex gjennomsyrer seriekonseptet på ein måte som nærast oppfordrar til sexpress. Dette tek ikkje produksjonen på alvor, seier Press-leiaren.
– Mindre pupp og meir humor?
Til MinMote svarar Hanne McBride, kommunikasjonsdirektør i Warner Bros. Discovery, at dei helst skulle vore utan Gullbarbie-nominasjonen. Dei sender Ex on the Beach Norge.
– Prisen programmet er nominert til no, er ingen pris vi ynskjer oss. Jobben Press gjer er viktig, og vi heiar på ungdom som seier frå. Kanskje vi skulle brukt mindre kropp og meir varme i marknadsføringa. Mindre pupp og meir humor? seier McBride til MinMote.
Ho seier dei tek med seg innspela frå Press, trass i at dei ikkje er samde i alle premissane som ligg til grunn for nominasjonen.
Krev at Forbrukartilsynet får utvida myndigheit
Isaac Elstad Røssnes peikar på at det ikkje bør vere Press sitt ansvar å rydde opp i reklame- og marknadsføringsbransjen.
– Vi kan ikkje halde fram å ansvarleggjere éi bedrift av gongen når større politiske endringar er nødvendig, seier Press-leiaren.
Ungdomsorganisasjonen krev at Forbrukartilsynet får utvida myndigheit til å slå hardare ned på skadeleg reklame retta mot barn og unge.
– I mellomtida vil vi halde fram å kåre kven som er best på å få ungdom til å føle seg verst, avsluttar Røssnes.
- Les også om fjorårets vinnar: – Heilt utruleg at det går an å halde på slik i 2022
TIDLEGARE VINNARAR AV GULLBARBIE
2022: Brandy Melville
2021: Sophie Elise AS
2020: Blogg.no
2019: Victoria Secret
2018: Bik Bok
2017: Nettavisen
2016: Dagbladet