Høgre vil teste ekstra ungdomsskuleår

Høgre foreslår at kommunar bør kunne teste ut å flytte eitt år frå barneskulen til ungdomsskulen, slik at det blir seks barneskuleår og fire på ungdomsskulen.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fire år på ungdomsskulen er eit grep Høgre meiner kan gi meir tid til å venne seg til krav og fagoppdeling.

– Det å starte litt tidlegare på ungdomsskulen gjer at ein venner seg til forventningane, seier Høgre-leiar Erna Solberg til NRK.

– Det er veldig viktig å hugse på at ved sida av å byrje på ungdomsskulen og få karakterar for første gong, er det veldig mykje anna som skjer når du er ungdom, seier ho.

Høgre legg tysdag klokka 10 fram forslag til ungdomsskulereform. Yrkesfag som obligatorisk valfag og betre rådgiving er også blant forslaga partiet meiner kan sikre at fleire ungdommar vel rett linje på vidaregåande og at færre fell frå.


Arina Aamir sitt politiske førebilete er finansminister Jan Tore Sanner. Foto: Plan International Norge