Høgre vil ha yrkesfag som obligatorisk valfag

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange opplever at ungdomsskulen er for teoretisk og innretta mot studiespesialisering, seier utdanningspolitisk talsperson Jan Tore Sanner i Høgre til NTB.

Tysdag legg partiet fram forslaget sitt til ungdomsskuleform. Blant tiltaka er grep som skal hjelpe tenåringane til å velje rett linje på vidaregåande – og gjerne yrkesfag.

Ein av fem elevar fullfører ikkje vidaregåande på fem–seks år. Høgre vil ha dette talet ned, og Sanner trur ein del av løysinga er at fleire får hjelp til å velje rett kurs.

– Får ikkje god nok rettleiing

– Det er openbert mange elevar som ikkje får god nok rettleiing og rådgiving før dei bestemmer seg for studiespesialisering eller yrkesfag. Eg trur det bidreg til at færre vel yrkesfagleg studieretning, seier Sanner.

– Mange opplever at ungdomsskulen er for teoretisk og innretta mot studiespesialisering, seier utdanningspolitisk talsperson Jan Tore Sanner (H). Tysdag legg han fram forslag til ei reform av ungdomsskulen saman med partileiar Erna Solberg. Arkivfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB/ NPK

Partiet vil at alle på ungdomsskulen skal ha eit obligatorisk valfag som svarer til ei yrkesfagleg studieretning. Det kan gjerast i samarbeid med dei vidaregåande skulane eller med lokalt næringsliv, ifølgje Sanner.

Høgre foreslår også at dei vidaregåande skulane og fylkeskommunen tek over ansvaret for gi ungdomsskuleelevane karriereråd.

– Rådgivarane på vidaregåande skule veit meir om moglegheitene der. Det blir for fragmentert med éi rådgivingsteneste på ungdomsskulen og ei anna på vidaregåande, meiner Sanner.

Han meiner det også kan vere behov for å styrkje kompetansen til rådgivarane.

Sanner påpeikar at det har vore ei positiv utvikling og at over halvparten vel yrkesfag no. Men han ønskjer at fleire skal velje dette framfor studiespesialisering. Det vil også sikre næringslivet fagarbeidarane dei treng.

Matte og skriving

Då partiet hans styrte skulesektoren, var mantraet «grunnleggande ferdigheiter»: Det vil seie lesing, skriving og rekning. Sanner avviser at dette fokuset kan ha bidrege til at skulen har vorte for teoretisk. Han meiner at dei nye læreplanane legg til rette for at undervisninga skal vere meir praktisk og variert, og oppmodar skulane til å utnytte moglegheitene.

– Eg ser inga motsetning mellom å vektleggje grunnleggjande ferdigheiter og samtidig leggje til rette for meir praktisk og variert undervisning. Grunnleggjande ferdigheiter er døropnaren for alle fag, også yrkesfag, seier den tidlegare kunnskapsministeren.


Arina Aamir sitt politiske førebilete er finansminister Jan Tore Sanner. Foto: Plan International Norge