«Språket eg vaks opp med heime, døyr sakte»

Amanda Frøseth Hindenes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget stod først publisert hjå Nordhordland, og er gjengjeve med løyve. 

Eg er del av ein minoritet. Eg er nynorskbrukar. Språket eg vaks opp med heime, døyr sakte, men sikkert ut, og vert bytt ut med bokmål.

På sosiale medium rasar unge fordi nynorsk er ein del av karakterane på skulen. Men kven sin feil er det eigentleg? Og kvifor klagar ikkje nynorskelevane meir over bokmål?

Svaret er enkelt, me er omringa av bokmål. I aviser, i bøker, på nett, rettskrivingsprogram og reklame.

Berre 6 prosent av barnebøker vert gitt ut på nynorsk. 18,8 prosent av NRK sine artiklar er på nynorsk, og dei når berre akkurat målet på 25 prosent i verbalinnslag på radio og TV. Er det rart bokmålselevar ikkje kan nynorsk?

I staden for å rasa mot nynorsken, som er ein viktig del av Noregs historie, bør dei heller fokusera på mangelen på nynorsk i media. At bokmålselevar lærer seg å skriva nynorsk, vil skape fellesskap og forståing mellom dei som brukar dei to skriftspråka.

I haust var det nynorskdagar i Alver kommune. Det er fint at det vert sett fokus på nynorsk, men samstundes er det ei trist påminning om at nynorsk stadig får mindre plass. Det faktum at me treng nynorskdagar, og ikkje bokmålsdagar, fortel oss at dei to målformene ikkje på noko vis er jamstilte. Å vera nynorskbrukar er å tilhøyra ein minoritet.

Nasjonalkjensla står sterkt hos mange nordmenn. Om Noreg vert omtalt i ein internasjonal film, svulmar me av stoltheit. Kvifor er det då så mange som vel bokmål eller byter til bokmål? Nynorsk er basert på dei norske dialektane, medan bokmål er ei fornorsking av dansk. Kvar er nasjonalkjensla?

Nynorskelevar byter til bokmål for å passe betre inn. Nynorskelevane vel å knota framfor å vera stolte av språket sitt. Det er kanskje ikkje så rart når ein les kommentarfelt på sosiale medium der nynorsken blir hetsa.

For nokre år sidan stod til og med leiaren i Unge Høgre fram i media medan han brende nynorsklista, som han hadde døypt om til Spynorsk. Denne type hets av det nynorske får mange ungdommar til å gå vekk frå nynorsk, for det er vanskeleg å stå rakrygga i stormen. Dei gjev etter for presset.

Eg vert opprørt og trist når eg ser nynorskelevar byta til bokmål berre for å tekkast fleirtalet. Dei vel vekk ein viktig del av den norske kulturarven. For meg er nynorsk det vakraste språket, det språket som kan laga den finaste poesien.

Min draum er at nynorsken får auka popularitet og bruk i samfunnet. For meg er nynorsk ein stor del av identiteten min som bygdejente, vestlandsjente, ja rett og slett som ein stolt stril.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Danske Agnes Lenz Mathiasen (24) er styremedlem i Foreningen Nordens Ungdom og reagerer på at danske DR dubbarn norske og svenske seriar.