Ungdomsskulereforma: Svenneby opnar for å droppa karakterar første ungdomsskuleåret

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ein del ting me ikkje har teke stilling til, som kor lang ungdomsskulen skal vera.

Det seier Unge Høgre-leiar Ola Svenneby på telefon til Framtida.no. 

Ungdomspartiet stiller seg likevel bak Høgre sitt forslag til ungdomsskulereform, som vart offentleggjort denne veka.

Les også: Regjeringa skal teste nye eksamensformer

Skulepolitisk blindsone

– Me er glade for at ein i det heile teke diskuterer ungdomsskulen, for det har vore ei slags blindsone i norsk utdanningspolitikk.

Unge Høgre skulle i nokre tilfelle sett at det vart sett enno sterkare lut til, men gler seg over at moderpartiet vil ha meir valfridom og yrkesfag inn i ungdomsskulen.

For Unge Høgre er det overordna at kunnskap er viktigast og at elevane ikkje brukar mykje tid på ting som ikkje bidreg til meir læring.

Tek ikkje forslaget seriøst

Høgre vil testa ut ei ordning der elevane byrjar på ungdomsskulen eitt år tidlegare. Det betyr at ungdomsskulen skal starta på 7. trinn og vara i fire år, noko som betyr at barneskulen vert eitt år kortare.

– Kva seier du til kritikarane, som fryktar dette er å snikinnføra karakterar tidlegare?

– Det synest eg er å ikkje ta forslaget seriøst. For det første er det eit prøveprosjekt og om problemet er karakterane er eg sikker på at det ikkje er noko problem å droppa karakterar det første året. Målet er å betre overgangen frå barneskulen til ungdomsskulen, då me veit at mange mistar motivasjonen, seier Svenneby.


Les innlegget: «At ein robot no kan erstatte lærarane sine roller og elevane si eiga læring bekymrar meg»

William Matteus Fonn (17) er uroa for norskfaget i lys av kunstig intelligens. Illustrasjonsfoto: Åshild Slåen