Ny studie hevdar Fifa20 vidarefører rasistiske stereotypiar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har du lagt merke til at dei svarte fotballspelarane i Fifa20 er flinkast til å spurte?

Eller at dei kvite spelarane gjerne er best på tekniske ferdigheiter, som å ta gode frispark?

Ein ny studie hevdar spelet Fifa20 reproduserer rasistiske stereotypiar som også er til stades i fotballen i den ekte verda.

Fifa-serien er blant tidenes mest vellukka sportsspel. Sidan første versjon vart lansert i 1993, fleire hundre millionar spel vorte selde.

«Svarte spelarar er fysiske, medan kvite er meir intelligente»

Forskarane Paul Ian Campbell frå Universitetet i Leicester og Marcus Maloney frå Universitetet i Coventry har granska korleis Fifa20 – som kom ut i 2019 – rangerer dei digitale fotballheltane. Funna skriv dei om i ein artikkel hjå forskingsnettstaden The Conversation.

Nivået til kvar spelar er bestemt av ein samla poengsum mellom 1–99.

For å setje den samla poengsummen, vert spelarane vurderte i 29 ulike ferdigheiter – som kor høgt dei kan hoppe, kor gode dei er på langskot og kor sterke dei er.

Desse poengsummane baserer seg på ei tolking av ferdigheitene til dei ekte spelarane – Kylian Mbappé i den verkelege verda, påverkar korleis Fifa-versjonen av Mbappé vert vurdert.

Forskarane oppdaga at i ferdigheiter som spelet vurderer som fysiske, vart svarte spelarar i nesten alle tilfelle rangert høgare enn kvite spelarar.

Når det gjeld spelarane sine tekniske eller kognitive ferdigheiter, så var det motsett. Dei kvite digitale spelarane vart i snitt rangert høgare enn svarte spelarar, i nesten alle kategoriar.

Svarte spelarar er til dømes flinkare til å spurte (79,15 mot 71.63 poeng), medan kvite spelarar tek meir nøyaktige frispark (67,98 mot 64,53 poeng).

– For å seie det enkelt, studien vår synte at dei samla poengsummane for dei digitale spelarane sine idrettsferdigheiter var i direkte samsvar med dei rasistiske stereotypane knytt til svarte og kvite fotballspelarar i den verkelege verda.

Vert vurdert ulikt for same ferdigheiter

Campbell og Maloney peikar på tidlegare forsking som viser at sportskommentatorar i overveldande grad «ser» og roser kvite spelarar for intelligens, og svarte spelarar for fysiske eigenskapar – sjølv om spelarane gjer akkurat det same på bana.

Forskarane sporar fordommane tilbake til pseudovitskap frå opplysningstida, då kvite menneske vart sett på som meir intelligente og siviliserte enn svarte menneske.

– Desse oppfatningane vart brukte for å argumentere for at svarte menneske var naturleg meir uthaldande, raskare, sterkare og mindre intelligente enn kvite menneske, skriv forskarane.

Oppfatninga var at svarte menneske var betre tilpassa fysisk arbeid, og «naturlege atletar».

Fryktar for kva lærdomar barn sit att med

Spelopplevinga vert påverka av ferdigheitene dei digitale spelarane har. Ein digital spelar som scorar dårleg i balanse, kan kjennest vanskelegare å styre enn ein som scorar høgt.

Det betyr, ifølgje forskarane, at det kan kjennest ulikt å spele med ein svart og ein kvit spelar. Dei fryktar difor at dette kan lære barn at folk er forskjellige ut frå hudfarge.

– Der er ein risiko at barn i praksis vert lærte at svarte og kvite atletar er betydeleg «ulike» gjennom syn, lyd og berøring – gjennom noko så tilsynelatande uskuldig og banalt som leik, avsluttar forskarane.

EA Sports avviser skuldingane

EA Sports, som står bak Fifa20, avviser skuldingane.

– Når ein tek høgde for posisjon, så er der ingen samanheng mellom hudtone og ferdigheiter i spelet vårt, uttalar ein talsperson til The Conversation.

EA Sports peikar på at dataa presentert i studien gjev eit smalt og ufullstendig innblikk i spelar-rangeringane.

Studien har teke føre seg 88 av kring 17.000 digitale spelarar, og tek heller ikkje høgde for at spelarane har ulike posisjonar på bana, seier EA Sports.

– Rasisme høyrer ikkje heime i fotballverda, og det høyrer ikkje heime i nokon av våre spel. Vi anerkjenner at fordommar framleis eksisterer i sporten, men det er vår plikt som ein leiar i verdsfotballen å stå mot dei.


I samband med Black History Month Norway har me sett saman ei liste med norsk, svart historie du kanskje ikkje har fått med deg. Foto: Måleri/Eidsvollminnet, Wikimedia/Klaus Forbregd / NTNU, Gorm Kallestad / NTB.