Tek eit oppgjer med rasisme i skulen: – Vi har vore den brune jenta i skulegarden

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 30.11.2020 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er sjølvsagt at middelaldrande, kvite menn ikkje opplever rasisme, men det tyder ikkje at det ikkje eksisterer, understreker Sandra Abena Nøsen Opoku. Foto: Privat

– Då rasismedebatten kom til Noreg innsåg eg at eg nesten tok det som ei sjølvfølgje å få kommentarar. Det er ein del av å sjå ut slik som eg gjer, fortel Sandra Abena Nøsen Opoku (23).

Framtida.no pratar med ho, systera Theresa Elise (20) og Emma Effie Morrison Lund (21) på eit videomøte frå kvar sin krok i Trondheim og Oslo.

Saman har dei tre starta Afryea Collective – eit kreativt fellesskap for kvinner og kjønnsminoritetar, og eit nettverk mot rasisme.

23-åringen fortel at ho fekk nok ein oppvekkar då alle historiane kom rennande inn, etter at Afryea i juni oppmoda folk til å dele sine opplevingar med rasisme i Noreg.

– Då innsåg eg at det jo ikkje er greitt, det skal ikkje vere slik, seier Sandra.

«Rasisme eksisterer ikkje i Noreg»

Initiativet kom i etterkant av at George Floyd vart drepen i møte med amerikansk politi i slutten av mai. Videoen av hans siste minutt vart sett av millionar av menneske, og «I can’t breath» stod skrive på tallause banner og plakatar på dei mange Black Lives Matter-demonstrasjonane verda rundt.

Frå demonstrasjonen «We can’t breathe – rettferd for George Floyd» utanfor Stortinget i Oslo, fredag 5. juni.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

På støttemarkeringa i Trondheim var Theresa Elise ein av dei i folkehavet som ba om rettferd, og ho vart sterkt rørt då fleire spontant tok til podiet for å dele sine eigne opplevingar.

– Om ein påpeiker at rasisme er eit problem, så krev folk at ein deler personlege erfaringar og at ein skal ta opp traumer for at dei skal tru på deg, seier Theresa Elise Nøsen Opoku.

– Eg hadde aldri høyrt folk dele erfaringane som eg også har kjent på. Vi har alltid skjønt at vi ikkje var dei einaste, men det har aldri vore så tydeleg, fortel 20-åringen, som også sjølv heldt appell.

Dei tre kvinnene har kjend kvarandre heile livet. Far til Nøsen Opoku-systrene er frå Ghana, og det same er mor til Lund. Likevel er det først no nyleg dei tre har snakka skikkeleg saman om korleis det er å vakse opp som brun i Noreg.

– Vi har snakka med etnisk norske vennar, men då har dei sagt: «Kanskje du misforstår? Kanskje det ikkje er så gale?» fortel Emma.

Då var det også eit slag i magen å kome heim etter markeringa, og scrolle seg gjennom kommentarfelta på sosiale medium.

– Same dag, rett etter demonstrasjonen, får vi lese på Facebook at rasisme ikkje er noko vi slit med i Noreg, og at vi må slutte å klage, fortel Theresa Elise.

Saman med veninna Lydia Tefera bestemde dei tre seg for å samle fleire historier for å vise fram kor mange som har kjent rasisme på kroppen, slik at kommentarfelt-troll ikkje lenger kan nekte for det.

Den brune jenta i skulegarden

Afryea fekk nær 120 anonyme historiar i innboksen.

Skjermdump frå Instagram: @afryea.collective

Nær 60 prosent av historiene dei fekk fortalde om hendingar på skulen.

Sjølv var ikkje Afryea-gründerane sjokkerte:

– Vi har alle tre har gått på skule sjølv, og vore den brune jenta i skulegarden, forklarar Emma Effie Morrison Lund (21)

Det som overraska dei meir var at så mange av historiane handla om lærarar og skuletilsette.

– At det kjem kommentarar frå barn i skulegarden var vi alle innforstått med, men at lærarar i så stor grad ikkje tok det på alvor, ikkje såg alle studentane, og sjølv kom med rasistiske merknadar – det var den største overraskinga, utdjupar Sandra.

– Den eine timen kan gjere stor forskjell

Nyleg skreiv Nøsen Opoku-systrene eit innlegg hjå Adresseavisa om saka.

Der etterlyser dei lærarar og skuletilsette som tek rasistiske haldningar på alvor, og som har kunnskap og mot til å handtere rasisme og forskjellshandsaming i klasserommet.

– Det er forståeleg at det kan vere ukomfortabelt, men vi lovar deg at det er meir ukomfortabelt å dagleg verte minna på denne utanforskapen, enn det er for deg å få ein slutt på det, skriv dei.

I intervjuet med Framtida.no legg Emma Lund til at tematikken må inn allereie i lærarutdanninga. Lærarane lyt få verktøya dei treng for å handtere rasistiske ytringar og spørsmål om rasisme i Noreg, slik at dei ikkje vegrar seg for å diskutere og handtere det.

Theresa Elise fortel at ein lærar nyleg sende ho undervisningsopplegget sitt, der ho i ein skuletime ville gje elevane sine i oppgåve å lese kronikken til Afryea-gründerane og late dei reflektere kring kva dei sjølve ville gjort om dei vart utsette for rasistiske ytringar.

– Den eine timen kan gjere stor forskjell, understrekar Emma.

Pensum må vere meir enn vikingar

Emma Effie Morrison Lund etterlyser meir mangfaldig historieundervisning i skulen. Foto: Privat

I tillegg meiner dei tre kvinnene at pensum må ha rom for svart historie og svarte oppnåingar.

– Det norske samfunnet har ikkje tilrettelagt for at vi skal lære om heile historia til det mangfaldige Noreg. På skulen har vi aldri lært om svart historie. Det synest eg er ganske kjipt. Vi bør vete alt om historia vår – ikkje berre om vikingar, seier Emma.

Sjølv har 21-åringen lært det ho veit om svart historie i Noreg frå mor si, eldre generasjonar og sosiale medium.

Det var slik ho fekk høyre om Eugene Ejike Obiora som miste livet då han vart pågrepen av politiet i Trondheim i september 2006. Sivilombudsmannen slo 3,5 år seinare fast at Noreg då hadde brote menneskerettane.

Og det var også slik ho fekk høyre om trivselsparken som vart sett i stand i Frognerparken for å feire grunnlovsjubileet til Noreg i 1914.

Dette postkortet vart trykt i samband med grunnlovsjubileet i 1914, og trivselsparken som vart opna i Frogner. Foto: Nasjonalbiblioteket/Flickr/Fritt gjenbruk

I trivselsparken vart det nemleg oppretta ein såkalla «Kongolandsby», med 20 stråhytter og 80 svarte afrikanarar. At desse 80 «kongolesarane» truleg var frå Senegal, var det ikkje mange på Frogner som brydde seg stort om.

1,4 millionar menneske var innom frå mai til oktober det året, for å sjå på «livet i Afrika» og understreke bilete av kor annleis «dei» var frå «oss».

Og kor mykje veit norske elevar i dag om den dansk-norske slavehandelen?

 «Eg ser deg»

Utover hausten skal Afryea samarbeide med Trondheim kommune om korleis skulen og barnehagar kan førebygge og møte rasisme.

Samstundes held Afryea fram med å løfte fram unike stemmer, halde panelsamtalar og bygge eit nettverk, slik at ein kan stå sterkare saman.

Afryea held såkalla KanKo-møter, som er debattar og interaktive samtalar. Mottoet deira er «Strengthen Identity, Celebrate Diversity and Build Community». Foto: Privat

Theresa, Emma og Sandra håpar engasjementet som har vist seg for å nedkjempe rasismen i Noreg no kan føre til varig endring – så sant ein held debatten gåande, held fram med å lytte og arbeider aktivt for å vere antirasist.

– Folk eg har snakka med før om ting som har skjedd og som då møtte meg med «Ja, men du overdriv, det er ikkje så ille som du skal ha det til», har no kome bort til meg og sagt at dei forstår kva eg prøvde å fortelje dei. Dei har fått meir kunnskap, fortel Sandra.

– For min del betydde det alt å få den bekreftelsen på at «eg ser deg».

Amanuel Meselu (19) fekk avslag av huseigar fordi han har etiopisk familiebakgrunn. Foto: Privat og skjrmdump