Spelmelding: Donkey Kong Bananza – seld frå fyrste minutt
Er det nye Donkey Kong-spelet bra nok for å overtyda dei som er i tvil om Switch 2 er verdt det? Meldar Ola Birgittsønn Vik er positiv.

Sjølv om Switch 2 har brote salsrekord på salsrekord, manglar framleis nye spel. Med berre Mario Kart World som nytt eksklusivt spel frå Nintendo, er salsprisen på over 7000 kroner ganske stiv. Er det nye Donkey Kong-spelet bra nok for å overtyda dei som er i tvil om Switch 2 er verdt det?
Du spelar som han alles kjende og kjære Donkey Kong, no med eit heilt nytt design. Du startar i ei gruve der du grev etter gull og store, bananforma edelsteinar. Merkeleg nok eit du bananane, sjølv om dei openbert er laga av stein. Plutseleg rasar bakken saman, og du blir dratt djupt under jorda. Her møter du ein som har vorte forvandla til ein snakkande stein av dei vonde Void Co. Dokker får høyra legenda om jordas indre som kan oppfylla alle ynskjer, og blir einige om å saman grava djupare, nedkjempa Void Co. og oppdaga løyndomane som skjuler seg under bakken.
På vegen ned møter dokkar aper og sebraar, organismar laga av stein som du kan knusa så mange gongar du vil (dei regenererast, det går bra), og masse meir. Du blir også å få evna til å forvandla deg til ulike dyr, som gjer deg nye moglegheiter for å bevega deg, og aller viktigast, knusa meir.
Sjarm: 5
Eg var seld frå fyrste minutt. Du kan øydeleggja nesten alt i spelet, og det er så gøy å berre grave så mykje ein orkar. Gullet sprutar ut overalt, og plutseleg oppdagar du hemmelegheiter. Spelet treff ein veldig fin balanse i open-verda sjangeren. Det er delt opp passe store verder, og det er mykje å gjera. Du kan samla på bananar og fossil, slost i gladiator-arenaer eller byggja hus. Det var så lett å bli soge inn i loopen; «Eg skal berre finne den bananen, så skal eg berre bort dit, og eg gjer berre ferdig denne banen så ser eg kjapt kva som er i neste nivå, og så…». Dette var eit ideelt spel for meg som elskar å samla på ting, men det er ingenting i vegen for å ignorera fossil og bananar for å fokusera på historia.
I kjend Nintendo-stil er det kjempegøy å kontrollera Donkey Kong, dei har verkeleg perfeksjonert korleis ein får mest ut av dei små tinga. For å samla opp gullet som sprutar overalt når du grev, må du klappa (ikkje på ekte, du treng berre trykkja på ein knapp). Klappa sendar ei sjokkbølgje som visar om det er nokre skjulte skattar i nærleiken. Så då grev du etter skatten, det kjem meir gull, du må klappa, du ser ein skatt, så grav du … du skjønn teikninga. Det er så tilfredsstillande i seg sjølve at eg kunne gjort det i timevis, og resten av spelet blir ein fin bonus.
Bananane blir brukt for å oppgradera evner, som meir liv og betra graving, som gjer det litt meir givande å samla dei enn månane i Mario Odyssey. Fossila kan bytast mot klede som gir deg kul ny stil, og ulike evnar.
Animasjon: 6
Om du har sett ein trailer eller berre coveret, er det openbert kven som har vorte forvandla til ein stein og vorte partnaren din i spelet. Likevel gjer spelet sitt beste for å halda det skjult, sjølv i menyane blir karakteren omtalt som «odd rock» før mysteriet blir avslørt. Dette auget for detaljar kan ein sjå overalt i spelet, frå korleis animasjonane er annleis i kalde og varme stadar, til frykta i auga til fiendar som akkurat har fått ein kampestein midt i fleisen.
Musikk: 4
Utviklarane har openbert masse kjærleik for serien. Musikken når du legg deg eller vinn over bossar er henta frå gamle spel, fossila var ofte referansar til tidlegare fiendar, og nokre av banane var i klassisk 2D, som Donkey Kong Country. Det var nok for å smiska med fans og heidra historia, men det vart aldri for mykje. Sjølv DK rapen frå Donkey Kong 64 har fått sin plass i spelet, til min store fornøyelse.
Musikken elles i spelet er bra, men ikkje veldig lett å hugsa. Han fungerer kjempegodt for å gi stemning til omgivnadene, men det er ikkje mange melodiar eg går og nynnar på i ettertid.
Bananar: 6
Spelet er på mange måtar oppfølgjaren til Mario Odyssey frå 2017. Månane er bytt ut med bananar, Bowser er erstatta av ein kapitalistisk ape, men mykje er framleis likt. Du utforskar fleire verder med ulike tema, alt frå havlandsbyar til isverder, og har frie taumar til å gjera som du vil. Du bestemmer sjølv om du vil følgja historia, leita etter skjulte skattar, eller knusa alt som knusast kan.
Den største forskjellen frå Odyssey er korleis du kan bevega deg og i kva du kan gjera. Der du som Mario hadde uendelege moglegheiter for å hoppa, spretta og rulla, og dessutan ein hærskare av fiendar du kunne ta kontroll over, krev Donkey Kong litt meir av spelaren. Mykje av hoppinga er bytt ut med tre slå-knappar i ulike retningar, og generelt bevegar du deg litt saktare. Det betyr ikkje at spelet er dårleg å kontrollera, snarare tvert om. Etter litt øving blir ein vand å bevega seg, og om ikkje lenge surfar du over landskapet, klatrar og rullar med kraftig presisjon.
Gameplay: 6
Den andre store forskjellen frå Odyssey er kor mykje fridom du har til å manipulera verda. Nintendo har teke eit par knep frå sine nyaste Zelda spel. Ikkje endå med at du kan klatra på så å seia alle overflatene, det er ting overalt du kan manipulera og leika med. Du kan ta eit stykke jord, dyppa det i vatn for å gjera det til gjørme, for så å kasta det på veggen for å laga ei bru. Spelet er fylt med slike intuitive system. Ofte kjende eg at eg var smartare enn spelet, og kunne bruka fantasien for å finna mine eigne løysingar på problema.
Du kan også spela med ein venn. Vennen kontrollerer DK sin partnar, som ved hjelp av stemma kan knusa ting. Du har mange alternativ for korleis du siktar, anten med spaken, musepeikar-funksjonen som fungerer overraskande bra, eller ved å peika på skjermen. Det er også litt avgrensa motion-controls for den som spelar som DK; du kan finjustera kastane din ved å bevega på spaken, eller slå vilt rundt deg for å grava fortare. To-spelar modusen er ikkje kjempespennande, men betra enn ingenting.
Skjult i menyane kan du også finna DK artist, eit spel der du kan leika skulptør. Her kan du hakka på, fargeleggja og gjera kva enn du vil med steinmodellar av DK og frukt. Ikkje veit eg kvifor det er med, men eg har i alle fall mista nokre timar medan eg prøvde å laga det raraste kunstverket eg kom på.
Sjølv om eg for det meste har positive ting å seia om spelet, er det framleis eit spørsmål igjen; er det verdt det? Switch 2 er dyr i seg sjølv, og sidan spelet kostar nærmare 800 kroner, så er det ei ganske dyr investering. Eg tenkjer at det ikkje er noko i vegen med å venta litt, sjå korleis t.d. det nye Metroid spelet blir teke imot når det kjem ut. Men om du likte Mario Odyssey blir du ikkje å angra på kjøpet. Det tok meg 30–40 tima å samla saman alt eg kunne i spelet, og det er ingen tvil om at eg blir å venda tilbake til spelet om ikkje såg lenge.
Terningkast: 6