Rings of Power og Lord of the Rings-stjerner: – Fantasy har aldri vore fullstendig kvit

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Verda vår har aldri vore fullstendig kvit, fantasy har aldri vore fullstendig kvit, Midgard er ikkje fullstendig kvit. BIPOC høyrer heime i Midgard og dei er her for å bli.

Det skriv skodespelarane i The Lord of the Rings: The Rings of Power i ei fellesutsegn onsdag. BIPOC står for «black, indigenous, people of Colour».

Dei tek eit oppgjer med den utrøyttelege rasismen, trugslane, trakasseringa og hatpraten som ikkje-kvite skodespelarar tilknytte serien har vorte utsette for på ein dagleg basis.

– Vi nektar å ignorere det eller å tolerere det, skriv dei.

Innboks full av hat

Allereie før Amazon Prime-serien hadde premiere, møtte castinga reaksjonar: nokre var misnøgde med at Midgard hadde vorte meir inkluderande sidan sist gong Tolkien-verda var på skjermen.

Kritiske røyster meinte serien hadde vorte for «woke», og at Rings of Power ikkje gjengav Midgard slik Tolkien ville.

Puertoricanske Ismael Crus Córdova spelar alven Arondir i serien, og er ein av skodespelarane som har fått gjennomgå av rasistar for å ta plass i Tolkien-universet.

Dei siste to åra har innboksen hans vore full av hat nesten kvar einaste dag, fortalde han Esquire tidlegare i september. Córdova har drøymt om å spele alv sidan han var liten, men han såg ikkje seg sjølv representert i Peter Jackson sine filmtolkingar av Tolkien:

– Når eg sa «eg vil vere ein alv», så sa folk «alvar ser ikkje ut som deg», fortel skodespelaren til TIME.

Når han høyrde om rolla som Arondir i Rings of Power, så kjendest det ut som han vart kalla.

#Youareallwelcomehere

Heller ikkje stjernene frå den opphavlege Lord of the Rings-filmtrilogien aksepterer rasismen og hatet som har vorte retta mot Rings of Power-skodespelarane.

Elijah Wood, Dominic Monaghan og Billy Boyd – som spelte høvesvis hobbitane Frodo, Merry og Pippin – har lagt ut bilete saman på Twitter, med beskjeden «de er alle velkomne her» skrive på alvespråk.

 Den same bodskapen deler Sean Astin, som spelte Sam, på capsen sin.


Det første bildet frå Lord of the Rings- serien som kjem i september. FOTO: Amazon Studios