Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 28.12.2020 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dansk-norsk slavehandel frå 1600-talet

Du har nok alt høyrt om Trekanthandelen over Atlanterhavet, mellom Europa, Afrika og Amerika frå 1500- til 1800-talet, og skipa som frakta varer og menneske som vart seld som slavar.

Det danske slavefortet Christiansborg på Gullkysten, var senteret for den dansk-norske slavehandelen. I dag ville det vore i Ghana sin hovudstad Accra. Foto: Wikimedia

Også Danmark-Norge var engasjert i slavehandelen, og hadde slavefort i Ghana. Mellom 1660 og 1806 var 344 dansk-norske skip engasjert i farten, og nær 100 000 slavar vart transportert over Atlanterhavet på danske og norskeigde skip.

I snitt døydde éin av ti slavar under overfarten.

Det første kjende dansk-norske skipet som frakta slavar frå Gullkysten til Karibia for Vestindisk-guineisk Kompagni, tilhøyrte handelsmannen Jørgen Thor Møhlen i Bergen. Det var skipet «Cornelia» som ankom St. Thomas i 1674 med 103 slavar.

I 1792 vedtok Danmark ei lov som gjorde handel med slavar forbode, som det første landet i Europa. Handelsforbodet vart gjort gjeldande frå 1803, men sjølv etter dette var det framleis tillete med handel av slavar innad i Dansk Vestindia.

Ikkje før i 1848 vart sjølve slaveriet i dei danske koloniane på Dei vestindiske øyenve forbode.

Kjelde: NDLA, Wikipedia, Dansk-norsk slavehandel, Historien om den norske rasismen

Slavar i Noreg frå 1700-talet

Slavehandelen førte også til at det kom slavar til Noreg. Me veit svært lite om desse og  liva deira. I 1987 fann Per Ivar Hjeldsbakken ut at omkring 20 slavar vart ført til Noreg på 1700-talet, men det kan ha vore endå fleire.

Av det me veit, arbeidde slavar og tenestefolk frå Afrika, Asia og Amerika i Danmark-Norge i hushald saman med andre tenestefolk.

I dokument var det ingen offisiell måte å klassifisere desse på, slik at det er usikkert kva rolle dei hadde. Ein finn yrkesskildringar som «Fruens livegne negerinde» (Hedmark 1801), «neger» og «Tiener», men ofte ikkje noko som helst.

https://www.facebook.com/nasjonalbiblioteket/posts/10158587110738798

I avisene brukte ein også ord som viser til eigarskap. I ein avisartikkel frå ein dåp i Bergen 1777, er dåpsbarnet Juliana Maria skildra som «Negerinde [som] tilhører Mad. Dischingthun».

I avisa Norske Intelligenz-Seddeler omtala dei Christian Solimann som Bernt Anker sin «tilhørende Neger» i saka om hans dåp i Christina i 1786.

Slavane fekk også ofte kristne, europeiske namn, noko som var vanleg i Dansk Vestindia og Amerika.

Det er få saker som er blitt avklart juridisk i retten, og ein veit difor lite om fleirtalet var frie eller ufrie, tenarar eller slavar og korleis deira juridiske posisjon påverka liva deira i Danmark-Noreg.

Kjelde: Idunn.no, Slaver og ikke-europeiske tjenestefolk i  Danmark-Norge på 1700- og begynnelsen av 1800-tallet, 

Den første svarte embetsmannen

Christian Hansen Ernst (d. 17. august 1694) er ein myteomspunnen mann. Me veit lite om han, men han kan ha vore den første norske embetsmannen med afrikansk opphav.

Ulrik Frederik Gyldenløve, måla saman med det mange trur er Christian Hansen Ernst. Kopi av måleri. Tilhøyrer Eidsvollminnet

Ernst sitt opprinnelege namn skal ha vore Chris Henry Ernest.

Han skal ha blitt utnemnd som postmeister i Kragerø i 1681, og hadde i tillegg embetet som vegar og målar i Kragerø frå 1683.

Han var kanskje fødd i England, i alle fall oppheldt han seg i London då han i 1669 vart tilsett hjå den norske statthaldaren Ulrik Fredrik Gyldenløve, som var i London på den tida som utsending hjå den engelske kongen.

Då Gyldenløve reiste til Noreg for å vere statthaldar i 1673, følgde Ernst med.

Ein av historiane om Ernst er at han skal ha blitt knivstukke, kanskje i eit sjalusidrama, i eit smug i Kragerø.

Det me veit sikkert er i alle fall at han vart gravlagd i Kragerø i 1694.

Dagnes skilt i Knivstikkersmauet. Foto: Wikimedia/ChickenFalls

Den segnomspunne historia førte til at byen fekk «Knivstikkersmauet», og balladen om «negeren i Kragerø» har vore ein del av byhistoria. For å heidre historia hang gardseigaren i 1995 opp eit stort skilt der Ernst er avbilda.

Men i 2015 vart skiltet teke ned, etter skuldingar om at karikatur-teikninga var støytande. Leiaren av bygningsrådet konkluderte med at det var rastistisk, og skiltet vart fjerna.

I Eidsvollsbygninga finst det eit portrett av Ulrik Frederik Gyldenløve frå ca. 1680, der Gyldenløve er kledd i rustning medan ein ung svart gut held hjelmen hans. Ein trur guten  er Christian Hansen Ernst.

Kjelde: Wikipedia, lokalhistoriewiki

Slaven som vart fri

Adam Jacobsen, fødd rundt 1769 på St. Croix, var fødd som barn av slavar i den dansk-norske kolonien St. Croix.

Han vart for siste gong seld som slave til skipsreiar Hans Herlofsson i Arendal, omlag i 1782. Han var omlag 13 år då han kom til Arendal. Han hadde blitt døypt på St. Croix, og 30. mars 1788 vart han konfirmert i Arendal.

Ein trur at Herlofssons ynskte å bruka Jacobsen for å vise fram sin rikdom, ved å ha ein såkalla «negerslave».

Herlofsson skal ha betalt 300 riksdalar for Jacobsen. Sjølv om han ikkje skulle ha løn måtte han ha klede og mat, og totalsummen skal dimed ha vore dyrare enn å betala ein tenar vanleg løn.

På eit tidspunkt forsøkte Jacobsen å rømme frå Herlofsen, og byfogden vart involvert. Han skreiv til stiftamtmannen i Kristiansand, Hans Christoph Diderik Victor von Levetzow, at han tvilte på om Jacobsen kunne vere ufri i Noreg, sjølv om han var kjøpt på St. Croix.

Dette fordi Noreg ikkje hadde liveigenskap eller trelldom. I tillegg var Jacobsen både døypt og konfirmert, og dimed eit likeverdig medlem av kyrkjelyden i byen.

Dimed vart Jacobsen sett fri.

Kjelde: lokalhistoriewiki.no

Jon Alfred Møen og rasebiologien

I løpet av 1700-talet vart det gjengs oppfatning at menneskehslekta kunne delast inn i ulike rasar. I praksis gjorde dette det lettare å legitimera at nokon var fødde til å leia, medan andre var fødde slavar.

Dobbeltside i andreutgaven av Jon Alfred Mjøens bok om rasehygiene, 1938. Her har han forsøkt å kategorisere det han trudde var de ulike menneskerasane, basert på ytre fysiologiske kjenneteikn. Foto: Nasjonalbiblioteket.

– Det blei skapt eit bilete om at nokon, som afrikanske folk, ikkje var i stand til å styre seg sjølv – det ville vere betre for dei om dei opplyste og handlekraftige europearane tok dei til slavar og gjorde dei til gode kristne, seier Torgeir Skorgen, professor ved institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen og forfatter av boka Rasenes oppfinnelse: rasetenkningens historie, til nb.no.

Jon Alfred Mjøen. Foto: Ukjend/Oslo Museum

På 1800-talet byrja ein utvikla genetikk som vitskap, og med det vart også den såkalla rasebiologien meir utbreidd.

Ein av dei mest framtredande forskarane på området i Noreg på byrjinga av 1900-talet, var kjemikar og farmasøyt Jon Alfred Mjøen (f. 1860).

Han utgav boka Racehygiene i 1914, og etablerte tidsskriftet Den nordiske race i 1920. I 1912 var han med på stiftelsen av den internasjonale eugeniske (rasehygieniske) føderasjonen.

Mange av rasebiologane, inkludert Mjøen, meinte at ein kunne dele inn menneskeslekta i ulike rasar, som dei fleste meinte på den tida. Men i tillegg meinte dei også at «raseblanding» var skadeleg, og at ein måtte halde «den ariske rase» rein.

Med publiseringa av boka Racehygiene i 1914 fekk han skarp kritikk frå sentrale personar i det norske miljøet som dreiv med arvelegheitsforsking, mellom andre Kristine Bonnevie og Otto Lous Mohr, som meinte at arbeidet ikkje heldt eit vitskapeleg nivå.

Mjøen hadde likevel gode skussmål i ulike miljø i utlandet.

Kjelde: Nasjonalbiblioteket, snl.no

Moon walken kjem til Noreg

I 1865 vart slaveriet avskaffa i USA. Samtidig oppstod Ku Klux Klan og lynsjingane av dei frigjorde slavane tok til. Mange afroamerikanske musikarar reiste difor til Europa, og også Noreg.

Utsnitt av plakat: Geo Jackson var ein av dei som tidlig tok afrikansk-amerikansk musikktradisjon til Noreg. Henta frå Erlend Hegdals bok«Charleston i Grukkedalen»/Nasjonalbiblioteket

Før dei afro-amerikanske musikarane kom, hadde blackface-artistar blitt svært populære også i Noreg. Det var kvite musikarar som målte seg svarte i ansiktet og parodierte svarte artistar. Ei stund eksisterte dei side om side med dei ekte afroamerikanske musikarane, over heile landet.

I doktorarbeidet «Charleston i Grukkedalen» frå 2015, dokumenterer Erlend Skaatan Hegdal at dei første afroamerikanske musikarane kom til Noreg allereie på slutten av 1800-talet.

– Dei presenterte både afroamerikanske spirituals slik San Francisco Minstrels gjorde, men dei var også musikarar, dansarar og musikalske komikarar som Geo Jackson. Han dansa sanddans, der han strødde sand på scena, for å kunna gli med føtene mot underlaget. Då såg det ut som om han gjekk framover, sjølv om han faktisk glei bakover. Han var den aller første som introduserte cake walk i Europa. Det gjorde han i Kristiania i 1892, rundt hundre år før Michael Jacksons berømte moon walk, fortel Skaatan Hegdal til Uniforum.

Hegdal har tråla dokumentasjonen for å finne ut korleis desse musikarane vart mottekne i  Noreg.

Geo Jackson var ein av fleire afroamerikanske artistar som blei svært populære i Noreg og var på turnear i heile Skandinavia. Han gifta seg med ei dansk kvinne og hadde hovudbase i København.

Han gjorde stor suksess med brassbandet som kalla seg Negerkapellet, og var på lange turnear i Noreg rundt 1900-talet, og vart ein viktig ambassadør for aukt norsk kjennskap til afrikansk-amerikansk musikk.

– Han var ein viktig artist på den tida, men i bøker om norsk musikkhistorie er han knapt nemnd, fortel Hegdal.

Ruth Reese som tok spirituals til Noreg

Ruth Ann Reese (fødd 1921 i Alabama, USA; død 1990 i Oslo) var ein afroamerikansk songar og skribent.

Ho var mellom anna viktig for å spreie spirituals til Noreg, og la stor vekt på å synge på ein autentisk måte. I det afrikanske artismiljøet i Oslo skal ho ha vore både ein rollemodell og ei såkalla «Grand Old Lady».

Ruth Reese. Foto: Wikimedia/Klaus Forbregd / NTNU (1959)

Trass i segregering og rasisme gjennom oppveksten, kom ho seg gjennom høgare utdanning og tok lærareksamen. Etter dette tok ho ein bachelorgrad i musikkundervisning ved Northwestern University i Illinois. Etter å ha teke songarutdanning i New York og London, debuterte ho som operasongar i 1949. Ho turnerte i Europa og Midtausten, men fann kjærleiken og busette seg i Noreg i 1960.

I dag kan ein minnast ho ved å besøke Ruth Reeses plass, framfor Schous bryggeri på Grünerløkka i Oslo. Plassen vart i 2012 oppkalla etter artisten, som var ein av dei første artistane av afrikansk opphav som etablerte seg i Noreg.

Sjølv om ho ofte vert omtala som den første afroamerikanske artisten i Norge var ho tolv år for seint ute. Anne Brown, flytta til Oslo allereie i 1948 og vart heidra med fleire prisar for sangen sin i 1950-åra.

Kjelde: lokalhistoriewiki.no

Kongolandsbyen i 1914

I 1914 vart ein trivselspark sett opp i Frognerparken for å feire grunnlovsjubileet til Noreg i 1814.

Der vart det også ein såkalla «Kongolandsby», med 20 stråhytter og 80 svarte afrikanarar. At desse 80 «kongolesarane» truleg var frå Senegal, var det ikkje mange på Frogner som brydde seg stort om.

Dette postkortet vart trykt i samband med grunnlovsjubileet i 1914, og Kongolandsbyen som vart opna i Frogner. Foto: Nasjonalbiblioteket/Flickr/Fritt gjenbruk

I 1914 vart ein trivselspark sett opp i Frognerparken for å feire grunnlovsjubileet til Noreg i 1814.

Der vart det også ein såkalla «Kongolandsby», med 20 stråhytter og 80 svarte afrikanarar. At desse 80 «kongolesarane» truleg var frå Senegal, var det ikkje mange på Frogner som brydde seg stort om.

Opphaveleg meinte utstillingskomitéen at det burde halde å stille ut samar. Men direktør Oppegaard i komitéen, sa til Verdens Gang:

«Tanken om at la stemmeberettigede norske borgere fremvises for penge er for usmakelig. Vi har derfor sløifet denne del. Til gjengjæld har vi gjort negerlandsbyen til en praktfuld attraktion, meget større enn fra først av tænkt.»

Innbyggarane i Kongolandsbyen var kledde i tradisjonelle drakter, hadde med «autentiske» reiskapar, smykker, våpen og religiøse rekvisittar. I tillegg bygde dei hytter, laga mat, sang, dansa og gjorde religiøse ritual. Slik skulle folk i Oslo få eit innblikk i korleis ein levde i Afrika.

For dei aller fleste i Noreg, var det første gong dei såg folk med mørk hudfarge.

Heile 1,4 millionar menneske var innom frå mai til oktober det året, for å sjå på «livet i Afrika» og understreke bilete av kor annleis «dei» var frå «oss».

I avisene vart det også gjort eit tydeleg skille mellom oss og dei. Vekesbladet Urd skreiv mellom anna:

«Vi forlater de sortes landsby besjælet av en glad følelse: Det er deilig at vi er hvite, hvite — !»

I samband med hundreårsjubileet for grunnlova i 2014, freista kunstnarane Lars Cuzner og Mohammed Ali Fadlabis gjenskapa Kongolandsbyen, noko som skapte mykje merksemd. Dei ville gjere det for å setje lys på den norske rasismen og opna installasjonen European Attraction Limited i Frognerparken i Oslo i mai 2014.

Kjelde: ABCnyheter, Nasjonalbiblioteket

Dårlegare helsetilbod i 1997

Brevet er datert så seint som 10.02.1997. Ein person har fått avslag på behandlinstilbod på Kysthospitalet. Årsaka? At hen var framandkulturell.

Kjelde: BHMNorway/OMOD/Instagram

I vedtaket står det:

«Behandlingstilbudet er erfaringsmessig av svært begrenset verdi for fremmedkulturelle med kronisk smerteproblematikk. Som regel blir det bare frustrerende for pasient, og dessverre også for personalet»

I dag er det nok ikkje like vanleg med slike typar avslag, og mykje har blitt gjort i helsevesenet for å sikra fleirkulturell kunnskap og betra helsetilbodet til dei med innvandrarbakgrunn.

Likevel er det framleis ein veg å gå, skal me tru ulike undersøkingar.

I ein rapport frå 2009 kom det fram at berre halvparten av innvandrarane som deltok i helseundersøkinga i Oslo, sa at dei alltid hadde fått dei helsetenester dei hadde behov for. Undersøkinga viste også at personar med ikkje-vestleg bakgrunn var mindre nøgde med legen sin enn andre.

I SSB si levekårsundersøking for 2016 kom det fram at 6 prosent oppgir at dei har opplevd forskjellsbehandling på grunn av sin innvandrarbakgrunn i kontakt med helsevesenet.

I ein fersk studie av alle fødslar i Noreg i løpet av 26 år, i perioden 1990–2016, kom det fram at kvinner frå Sri Lanka, Pakistan, Somalia, Filippinane og tidlegare Jugoslavia har ein auka risiko for dødfødsel samanlikna med norskfødde kvinner.

Obiora-saka i 2006

I september 2006 miste Eugene Ejike Obiora livet då han vart pågrepen av politiet i Trondheim. Obiora var opphaveleg frå Nigeria og hadde budd i Noreg i over 20 år då han døydde, 48 år gamal.

Trondheim 12.09.2006: Nettverk mot statlig rasisme i Trondheim tok initiativet til eit fakkeltog i protest mot politiet si handsaming då Eugene Ejike Obiora døydde under pågripinga. Foto: Gorm Kallestad / NTB .

I 2006 var han på eit NAV-kontor i Trondheim for å klage på eit avslag på søknad om sosialhjelp. Ifølgje politiet skal han ha retta truslar mot dei tilsette der, medan ei av dei som arbeidde der har forklart at Obiora var roleg då ho forlot han.

Eit vaktselskap vart tilkalla, men i staden dukka politiet opp. Obiora skal ha nekta å forlata området og motsett seg arrest, og det oppstod eit basketak der han vart teken halsgrep på og lagt i bakken i såkalla «mageleie» av politiet.

Han døydde av hendinga og i Riksadvokatens klageavgjersle frå 21. desember 2007, står det mellom anna:

«Det var sammensatte årsaker til at Obiora døde. Døden inntrådte etter alt å dømme som følge av surstoffmangel og reaksjoner på dette. Surstoffmangelen var forårsaket av Obioras egne anstrengelser for å sette seg i mot politiets pågripelse, kombinert med pusteproblemer etter press mot halsen, og ikke minst at han av politiet ble plassert i mageleie over en viss tid og med utøvelse av makt fra polititjenestemennenes side i denne stilling».

Saka fekk stor merksemd grunna anklagane om overdriven maktbruk og rasisme, og fleire afrikanske foreiningar protesterte stort og arrangerte demonstrasjonar mot politivald.

I ein pressekonferanse i desember 2007, gjekk politimester Per M. Marum ut og tok til motmæle mot påstandane om at rasisme hadde noko med saka å gjer:

– Våre tenestemenn har opplevd det sårande at Obiora-saka er kopla til ein rasismedebatt. Det har ikkje kome fram noko som viser at saka har noko med rasisme å gjere.

Dei involverte politibetjentane vart frikjende og sett på som utan straffeansvar av Riksadvokaten, fordi dei var ukjende med konsekvensane av maktbruken.

Han konkluderte med at situasjonen ikkje gjorde det lovleg å nytta verkemiddel som kunne sette Obiora sitt liv i fare, men la vekt på at det var nok tvil om dei visste om farane ved teknikkane, særleg mageleie, og at dei fulgte arrestasjonsteknikkar dei var opplærte i.

Sivilombudsmannen slo 3,5 år seinare fast at Noreg hadde brote menneskerettane, ved å ikkje ha nok kunnskap om helsefarane ved metodane og god nok opplæring av politi-tilsette.

I åra etter vart det gjort ein ekstrainnsats frå politiet for å betre forstå minoritetar sitt møte med politiet.

N-ordet blir forbode for politiet i 2007

Organisasjonen African Youth in Norway, stod på 90-tallet i bresjen for ein kampanje mot norske ord som neger, farga og mulatt, og laga mellom anna brosjyren: «Kall meg hva jeg vil».

Snart 30 år seinare er det kanskje vanskeleg å sjå føre seg, men då var n-ordet sett på som eit heilt vanleg ord, som sjølv dagens statsminister Erna Solberg brukte.

Professor i nordisk språkvitskap Finn-Erik Vinje meinte i 2000 at «det er tradisjon i Norge for at ordet neger ikke er diskriminerende» og at det var ei nøytral skildring av menneske med mørkare hudfarge.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Black History Month Norway (@bhmnorway)

Sjølv om ein vanskeleg kan forby folk frå å seie kva dei vil, fekk African Youth in Norway ein siger då det i 2007 vart forbode for politiet å registrere folk som «neger».

Denne debatten blussa opp etter Obiora-saka, der det kom fram at i Sør-Trøndelag sine interne oppdragsloggar var han loggført som «neger», under kolonna for etnisk gruppe.

I 2006 fortalde politiinspektør Runa Bunæs i strategisk stab i Oslo politidistrikt at ordet vart brukt i politiet sine registreringssystem:

– I politiet er derfor neger et verdinøytralt ord, som brukes for å beskrive en person med mørk hudfarge.

Sylfest Lomheim som var direktør i Språkrådet uttalte at: «Politiet står på trygg grunn når de bruker ordet», og Truls Fyhn som var politimester i Tromsø, meinte at det var «et helt akseptabelt ord».

Politidirektør Ingelin Killengren meinte på si side at ordet «er et ord som er historisk sett belastende. Det er stigmatiserende og kan oppleves diskriminerende av dem som kalles det. Derfor skal vi i politiet ikke bruke det.»

Fyhn vart meld for rasisme, men frifunne av Spesialeininga i Politiet. Likevel meinte dei at slike ytringar kunne svekke politiet og i 2007 slo dei fast at politiet ikkje lenger fekk bruka dette ordet.

Same år kom det fram i ein rapport at éin av ti tilsette i Trondheims-politiet meinte det var greitt å bruke etniske merkelappar som «neger», «svarting», «pakkis» og «guling».

Samstundes viste ei undersøking seks av ti nordmenn syntest ordet var greit å bruka.

Seks år seinare, i 2013, viste ei ny undersøking at berre 7-9 prosent ville bruke dette ordet for å skildra ein svart/mørk person, og i dag er Språkrådet tydelege på at dei rår til å ikkje bruka ordet.

Black Lives Matter og Afryea-kollektivet i 2020

2020 har vore eit år der mange har fått augo opp for både svart historie og rasisme i Noreg. Etter at drapet på George Floyd vekkja sinnet hjå ei heil verd i slutten av mai, vart det i etterkant store demonstrasjonar, og menneske i fleire land tok til orde for eit etterlengta oppgjer med rasismen under slagordet Black lives matter.

Theresa Elise Nøsen Opoku, Emma Effie Morrison Lund og Sandra Abena Nøsen Opoku har starta Afryea som eit nettverk mot rasisme. Foto: Privat /Kollasj av Framtida.no

I Noreg starta tre unge kvinner Afryea Collective, for å setje lys på situasjonen i Noreg. Dei starta med å samla inn norske historiar om rasisme, der det mellom anna kom fram at svært mange har opplevd slikt på skulen.

Skjermdump frå Instagram: @afryea.collective

I 2017 vart det gjort ei større undersøking, som også viste at skulen var ein primærarena for rasisme.

Av dei med ein eller begge foreldre født i eit anna land, sa 14,2 prosent at dei opplevde urettferdig eller negativ forskjellsbehandling kvar veke medan dei gjekk på barneskulen, og 15 prosent på ungdomsskulen.

Heile 24 prosent, eller éin av fire, opplevde rasisme, diskriminering eller urettferdig behandling regelmessig, altså 2-3 gonger kvar månad eller oftare, på barneskulen, og så mange som 25,6 prosent på ungdomsskulen.

Etter Afryea skreiv eit meningsinnlegg om funna sine, har lærarar brukt dette i undervising på skulen. Nettverket har også oppmoda til å få meir svart historie inn i skulepensum.

Utover hausten 2020 har Afryea samarbeidd med Trondheim kommune om korleis skulen og barnehagar kan førebygge og møte rasisme.