Fleire elevar blir mobba i skulen

Over åtte av ti elevar trivst på skulen, men andelen elevar som opplever mobbing, aukar på alle trinn. Det viser tal frå Elevundersøkelsen 2022.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag offentleggjorde Utdanningsdirektoratet funn frå Elevundersøkelsen 2022. Undersøkinga viser at det har vorte meir mobbing i skulen samanlikna med 2021 – og mobbetala i skulen aukar på alle trinn.

Mobbing er mest utbreidd blant dei yngste elevane. På 7. trinn svarer 10 prosent at dei har vore utsette for mobbing, medan delen på VG1 er 4 prosent.

Undersøkinga viser ein svak nedgang frå år til år sidan 2016 i trivsel og motivasjon på 7. trinn. Denne nedgangen ser ein også i 2022.

Kunnskapsministeren uroa

– Desse problema må vi ta tak i før dei blir til større utfordringar seinare i utdanningsløpet, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) i ei pressemelding.

Kunnskapsminister Tonje Brenna fotografert under regjeringas pressekonferanse for born om Ukraina-krigen onsdag 20. april. Foto: Andrea Nøttveit

Sjølv om dei fleste elevar trivst på skulen, seier Brenna at ho ser med bekymring på nedgangen i motivasjonen til elevane og opplevinga deira av skulemiljøet.

– For mange elevar går framleis ut av ungdomsskulen med resultat som kan gjere vegen vidare krevjande, seier kunnskapsministeren.

Om lag 460.000 elevar svarte på undersøkinga.


Les også: Lærlingar seier dei blir mobba på jobb

Illustrasjonsfoto: lasse bergqvist on Unsplash