Lærlingar seier dei blir mobba på jobb

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tala kjem fram i Utdanningsdirektoratet sine lærlingundersøkingar. I 2020 svarte 6,2 prosent av lærlingane innan restaurant- og matfag at dei vart mobba på jobb. Året etter var det 8,5 prosent som svarte det same, medan 5,5 prosent svarte at dei vart mobba i 2022-tala, melder NRK Vestland.

I andre enden av skalaen, altså der det er minst mobbing av lærlingar, finn vi Design og handverk, der 1,8 prosent av lærlingane har oppgitt at dei vart mobba i fjor.

Vel 14.000 lærlingar deltok i undersøkinga.

Tek undersøkinga på høgste alvor

I 2021 fortalde 14 prosent av kokkelærlingane i Vestland at dei vart mobba. I fjor hadde talet gått ned til 6,5 prosent, men det er likevel over landsgjennomsnittet.

Avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, Bjørn Lyngedal, seier at dei tek undersøkinga på høgste alvor.

– I 2021 var tala svært urovekkjande, men heldigvis gjekk dei kraftig ned i fjor. Vi må rett og slett kurse lærebedriftene om korleis dei skal behandle lærlingar på ein skikkeleg måte, seier han.

Lyngedal trur at nedstenginga under pandemien medverka til at mobbetala var så høge i 2021.


Foto: Statsraad Lehmkuhl, Ingrid Wollberg/Statsraad Lehmkuhl