Halvparten av isbreane i verda kan vere borte innan 2100

Sjølv om 1,5 gradersmålet i Parisavtalen blir nådd, kan halvparten av isbreane i verda vere historie innan slutten av hundreåret, viser ny forsking.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er særleg dei mindre isbreane som står i fare for å forsvinne, viser den nye studien som er publisert i tidsskriftet Science. Forskinga er det mest omfattande arbeidet gjort så langt rundt framtida til dei 215 000 isbreane i verda.

Forfattarane av studien understrekar viktigheita av å kutte klimagassutsleppet i verda for å avgrense konsekvensane av bresmelting – som havnivåstiging og utarming av vassressursar.

Fire scenario

Studien ser på fire scenario der den globale gjennomsnittstemperaturen aukar høvesvis 1,5, 2, 3 og 4 grader.

– Kvar gradsauke sørgjer for meir smelting, seier Regine Hock, medforfattar av studien, til AFP. Ho er tilknytt Universitetet i Oslo og Fairbanks-universitetet i Alaska, USA.

– Men det betyr også at dersom ein reduserer temperaturauken, blir tapet av isbreane redusert. Sånn sett er det også litt håp, seier ho.


Adventfjorden på Svalbard frys ikkje lenger til om vinteren. Arkivfoto: Bente Kjøllesdal