Meteorologisk institutt: Sommaren i fjor vart den varmaste nokosinne målt på Svalbard

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sommaren 2022 vart den varmaste nokosinne målt på Svalbard, ifølgje Meteorologisk institutt. Kalendersommaren blir definert som juni, juli og august, der snittemperaturen i desse tre månadene vart målte til 7,4 grader på Svalbard i fjor.

Meteorologisk institutt la torsdag fram ei oppsummering av korleis vêret var i Noreg i 2022, samtidig som det vart lagt fram ei rekkje framtidsanslag.

– Vi ser at ekstremvêr rundt om i verda blir kraftigare og hyppigare, seier klimaforskar Hans Olav Hygen ved Meteorologisk institutt til NTB.

– Det er grunn til bekymring. Det blir store endringar, og Noreg er sårbar både direkte og indirekte ved at vi er ein del av verda, seier Hygen.

Han legg likevel til at det ikkje er håplaust. Men vi må handle raskt, meiner han.

– Vi må ta tak i dette. Vi må jobbe med klimatilpassing og utsleppskutt, og vi må sjå på korleis vi kan styrkje oss mot dette innanlands, men også i samhandling med resten av verda.

Sommaren 2022 vart den varmaste som nokosinne er målt på Svalbard. Foto: Are Føli / NTB / NPK

Meir tørke og styrtregn i Noreg

Fjoråret vart det niande varmaste året som er målt i Noreg sidan målingane starta i 1905. Snittemperaturen vart 0,7 grader over det som blir definert som normalen.

Samtidig vart det eit vått år i Noreg med 5 prosent meir nedbør enn normalt. Medan det i Sør-Noreg var tidvis uvanleg tørt, var det stikk motsett i nord. Der vart det målt unormalt mykje nedbør.

Og akkurat denne trenden blir spegla i dei langsiktige anslaga for korleis ekstremvêret vil bli i Noreg lengre fram i tid.

Anslag for året 2100 i Noreg viser ein auke av nedbør i form av styrtregn, som vil vere kraftigare og hyppigare. Unntaket er Søraust-Noreg. Det stadig varmare klimaet på kontinentet vil breie seg nordover og påverke dei sørlegaste delane av Noreg. Dette vil skape meir tørke om sommaren, ifølgje Meteorologisk institutt.

– Risikoen for sommartørke i Søraust-Noreg er heilt reelt til stades – og aukande. Men det er kraftig nedbør som vi ser vil bli den store utfordringa i Noreg, og då etterfølgjande konsekvensar i form av skred, skade på infrastruktur, og alt det andre vi les om i avisene, seier Hygen.

Her frå flaumen i Voss i november. Foto: Tom Hansen / NTB / NPK

Varmerekordar og ekstremvêret Gyda

Tørken i Sør-Noreg i fjor bidrog mellom anna til tomme vassmagasin og høgare straumprisar.

Året starta med det som skulle bli det einaste ekstremvêret i 2022 då ekstremvêret Gyda slo til 12. og 13. januar. Då var det ekstremnedbør og vind, og det vart sett 30 stasjonsrekordar for døgnnedbør. I Møre og Romsdal vart det ny fylkesrekord då det kom 152,9 millimeter nedbør i Tomrefjord 13. januar.

Det vart også sett temperaturrekordar. I mars var det ekstremt varmt – altså varmare enn i heile normalperioden frå 1991 til 2020 – i delar av Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Møre og Romsdal og kysten av Sogn og Fjordane. Det vart sett 38 rekordar for maksimumstemperatur i mars.

Fleire bustader vart evakuerte i Ørskog etter eit jordras i Bjørndalen under ekstremvêret Gyda. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB / NPK

Sommaren var ekstremt varm i Finnmark og svært varm eller varm i Troms. Elles var det varmt i juni og kjøligare i juli då dei fleste hadde ferie.

Totalt var det 129 sommardagar med minst 20 grader i Noreg sett under eitt. 53 av dei var høgsommardagar (minst 25 grader) og 16 tropedagar (minst 30 grader).

Kaldt i desember

På hausten var det eit nytt uvêr på Vestlandet med ei såkalla atmosfærisk elv 11. og 12. november. Det kom 129,5 millimeter nedbør i Fjaler 11. november. Uvêret gav også fønvind som gav fylkesvarmerekordar i Viken (18,1 grader i Sigdal) og Innlandet (17,5 grader i Nord-Aurdal).

Desember blir samanfatta som ein kald månad. Det var 30–40 centimeter snø på Karmøy 16. desember, medan det også var snø i fjøra på Vestlandet. Månaden var den kaldaste desemberen sidan 2012.

Låg sol og kulde i Oslo i desember – som var ein kald månad i heile landet. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Årets høgaste temperatur vart målt i Lysebotn 20. juli då gradestokken viste 33,6 grader, medan det kaldaste som vart målt var 35,9 minusgrader i Karasjok 13. desember.

Oppdatert: Saka er utvida med kommentarar frå klimaforskar


Illustrasjonsfoto: tvbayernlive via Canva