Torsdag 16. juni inviterer regjeringa til bursdagsfeiring av H.K.H prinsesse Ingrid Alexandra, som fylte 18 år 21. januar i år.
På scena står mellom anna Hkeem og Ina Svenningdal.
På gjestelista finn me regjeringsmedlemmane, alle landets fylkesordførarar, ungdomspartileiarane og ei rekkje representantar for norsk ungdomsorganisasjonsliv.
I tillegg kjem fleire gjestar som har utmerkt seg innan kultur, idrett og berekraft:

1Artist, aktivist, samisk representant Ella Marie Hætta Isaksen
ISÁK-vokalist Ella Marie Hætta Isaksen (24) vart for alvor kjent då ho vann Stjernekamp i 2018 og har markert seg som ei tydeleg stemme innanfor miljø og samiske rettar.

2Girl in Red
Marie Ulven Ringheim (23) frå Horten har vorte hylla av internasjonale stjerner som Taylor Swift. Artisten skriv låtar om å forelska seg i jenter, difor har spørsmålet «Do you listen to Girl in red?» vorte ein måte å spørja om nokon er lesbisk.
3Tubaist August Schieldrop
23-åringen frå Oslo vert omtala som eit av Noregs største blåsetalent. Tubaisten er utdanna ved Noregs musikkhøgskole og har opptredd som solist med Oslo-Filharmonien.

4Rappar Myra
Bergenske Regina Tucker (27) kom til Noreg som flyktning frå Sierra-Leone i ung alder og har vorte kjend for norske TV-sjåarar gjennom deltaking i både Stjernekamp og Hver gang vi møtes.
5Elektronika- og frijazzartist Bendik Giske
Samtidsmusikar Bendik Giske (40) er saksofonist, komponist og preformanceartist innanfor improvisert jazz og samtidsmusikk.

6Folkemusikar Marja Mortensson
Marja Mortensson (27) har vekt åtgaum for måten ho formidlar sørsamisk joik på.

7Skodespelar Thea Sofie Loch Ness
Hjerteslag-skodespelar Thea Sofie Loch Næss (25) slo igjennom i spelefilmen Natt til 17. og har seinare vore å sjå i Netflix-produksjonen The Last Kingdom.

8Forfattar Erika Fatland
Journalist og forfattar Erika Fatland (38) har fått mykje merksemd for sine gode reiseskildringar. Den siste tida har ho fått mykje merksemd for reiseskildringa Grensen, der ho tek føre seg alle landa som grensar til Russland.

9Forfattar Zeshan Shakar
Oslo-forfattar Zeshan Shakar (39) slo igjennom med eit brak med debutromanen Tante Ulrikkes vei, og har tidlegare vore med på kronprinsesse Mette-Marit sitt litteraturtog.

10Skihoppar Maren Lundby
Skihoppar Maren Lundby (27) har fått mykje ros for å bana veg for likestilling i hoppsporten.
11E-sportutøvar Sindre Setsaas
Sindre Setsaas er i verdstoppen i virtuell racing.
12Handballspelar Camilla Herrem
Handballspelar Camilla Herrem (35) har ei lang fartstid på det norske landslaget og er blant deltakarane i årets Mesternes mester.
13Skiskyttar Marte Olsbu Røiseland
Marte Olsbu Røiseland (31) frå Froland i Agder har sanka mange medaljar i skiskyttarsporet.

14Freestyleutøvar Birk Ruud
Freestylekøyrar Birk Ruud (22) er olympisk meister i big air, og har vore å sjå på skjermen i 71 grader nord.
15Langrennsløpar Helene Marie Fossesholm
Helene Marie Fossesholm (21) er ein norsk langrennsløpar og terrengsyklist frå Vestfossen, som har vorte omtala som «den nye Marit Bjørgen».
16Sjakkspelar Magnus Carlsen
Magnus Carlsen (31) er norsk stormeister og fem gonger verdsmeister i sjakk.
17Alpinist Lucas Braathen
Lucas Braathen (22) vert omtala som eit av Noregs største alpintalent og vart tidenes yngste til å vinna sesongopninga i Sölden i Austerrike i 2020.
18Interaksjonsdesignar og No Isolation-gründer Karen Dolva
Norske Karen Dolva var i 2020 på BBC si liste over 100 kvinner som går i bresjen for endring. 32-åringen er interaksjonsdesignar og gründer av teknologibedrifta No Isolation, som har spesialisert seg på robotar som skal fungera som avatarar for langtidssjuke born.
Les Framtida-intervjuet frå oppstarten i 2016: Robot skal gå på skulen for sjuke barn
19Tursjef i Wild X Ali Abdullah
Jaktentusiast Ali Abdullah har vore på DN si liste over Ledestjerner. Etter at han kom til Noreg frå Irak har han funne interesse for norsk friluftsliv og starta Wild X, ein miljøvern- og friluftslivsorganisasjon for unge med fleirkulturell bakgrunn.
20Strandryddar Simen Andreas Henrik Knutsen
Surfar og entreprenør Simen Knutsen har grunnlagt organisasjonen Nordic Ocean Watch og jobbar som berekraftsdirektør i ÆRA.
21TikTok-psykolog Maria Abrahamsen Østhassel
Psykolog Maria Østhassel står bak profilen @psyktdeg i sosiale medium, og har nesten 30.000 følgjarar på TikTok.
22Fjong-gründer Sigrun Syverud
Fjong-gründer Sigrun Syverud tek sikte på å gjera klesindustrien meir berekraftig med utleige av klede.
23Tidlegare salssjef i «Too good to go» Bendik Walderhaug
I 2020 var Bendik Walderhaug blant dei utvalde i DN-serien Ledestjerner. Som salssjef i Too good to go var matredding ei kampsak.
24Ingebjørg Nueva Finnebråten – Børsdamer og jurymedlem for Bærekraftsprisen til Ungt Entreprenørskap
Ingebjørg Nueva Finnebråten starta Børsdamer då ho var i foreldrepermisjon i 2017. Børsdamer er ei plattform for kvinner som er interessert i økonomiske investeringar.
25Minecraft-byggjar Joakim Mo Raudøy
Minecraft-byggjar Joakim Mo Raudøy fekk i 2021 Sparebank 1 Søre Sunnmøre sitt talentstipend.