Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg fortalde ei venninne at eg var sjuk, eit ekstremt stort og skummelt steg for meg, og opplevde at ho forvalta løyndomen min som sladder på byen.

Ingeborg Senneset (37) sitt sterkaste minne frå då ho var 20 år gammal, er ikkje eit ho kan sjå tilbake på med glede.

– Det var slutten på vennskapet og eit tilbakesteg i mi openheit.

Satsa på sjukepleie

I åra etter har Senneset, som til dagleg arbeider som journalist i Aftenposten, fått heider for openheita si.

Omslag: Egmont People

I 2013 gav ho ut boka Anorektisk, som gav eit innblikk i korleis norsk psykiatri blir opplevd frå innsida, frå nokon som har vore psykiatrisk pasient i tre år. Tidlegare i haust kom så Ordbok for overlevelse, der Senneset freistar å førebu unge på vaksenlivet med ein overlevingsguide.

«Til sjuande og sist er boka viktig. Ho byggjer på openheit og ærlegdom,» skreiv Marie Meltzer-Høvig (16) i si Framtida-melding av boka.

Trønderen har òg fått mykje ros for korleis ho tek til motmæle mot konspirasjonsteoriar, vaksineskepsis og pseudovitskap. Engasjementet gjorde at ho vart stemt fram til Årets medienavn i 2021 og vart tildelt Mensaprisen same året.

Som 20-åring var det derimot sjukepleia Senneset satsa på, ikkje journalistikken. Men ho visste likevel ikkje kva ho skulle verte i livet:

– Trudde eigentleg ikkje eg skulle leve lenger enn til kanskje 25.

2005

Ingeborg Senneset var 20 år gammal i 2005, og på øyret hadde ho Foo Fighters, System of a Down og nyheiter.

– Eg var i Trondheim, hadde hatt eit friår etter vidaregåande der eg jobba tre jobbar, festa, fekk kjærast, trente, smilte, byrja på sjukepleiehøgskulen og prøvde å skjule kor eteforstyrra eg var.

Elles i verda var 2005 eit innhaldsrikt år. Etter nokre google-søk vert trønderen minna på at Noreg fekk ei fleirtalsregjering, for første gong sidan ho var fødd.

I tillegg kom noverande Nato-sjef Jens Stoltenberg tilbake som statsminister etter ein valfiasko i 2001, då Arbeidarpartiet gjekk kraftig tilbake.

Stoltenberg II-regjeringa sat i åtte år, frå 2005 til 2013. Her ved avgangen. Foto: Senterpartiet (Sp)/Wikimedia Commons/ CC BY 2.0

– Dette var òg eit år for terror. 7. juli, dagen etter at London vart tildelt sommar-OL i 2012, vart dei ramma av sjølvmordsbomber. 56 menneske døydde, inkludert dei fire sjølvmordsbombarane, og 700 vart skadde.

2005 var òg eit år med mange naturkatastrofar og menneskeskapte katastrofar:

– Eit frampeik til i dag, legg Senneset til.

Orkanen «Katrina» raserte New Orleans. Over 1 million menneske vart evakuerte, og nærare to tusen personar omkom i den tropiske orkanen.

Orkanen Katrina tok mange liv og forårsaka enorme skadar i New Orleans. Foto: Steve Wilson/Wikimedia Commons/CC BY 2.0

Same året døydde Pave Johannes Paul 2, og prins Sverre Magnus vart fødd.

– Alt dette verkar veldig langt unna no, men hugsar alle hendingane godt. Eg var opphengt i nyheiter, sjølv om eg valde sjukepleie over journalistikk i første runde.

– Ja, og så vart Jennifer Aniston og Brad Pitt skilt. Big shock.

Akutt-optimist

20-årsdagen sin trur Senneset ho har fortrengt. Av ulike årsaker hadde ho eit veldig anstrengt forhold til bursdagar i mange år.

– I dag elskar eg bursdag, feirar framleis at eg ikkje er daud, men lever og har så mykje godt rundt meg.

Sjølv om ho ikkje minnest sin eigen 20-årsdag betyr ikkje det at han var dårleg, presiserer ho. Det vart berre teke færre bilete:

– Facebook kom to år etterpå, derfrå og ut vart jo alt dokumentert. Våre festbilete vart tekne av fotografar som gjekk rundt på utestadane og la dei ut på nett i etterkant. Sjå dei tre Partynett-bileta… Dei er av dei betre. You kids have no idea.

Den viktigaste personen for Ingeborg (20) var nok mamma.

– Ho har stått last og brast alltid, også når eg har mista meg sjølv.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Det var kronisk ganske dystert syn, men eg var og er ein akutt-optimist og ekstremt lett å engasjere og glede. Rettferdssans for andre og arbeidsmoral for eigen del har redda meg frå mangt eit mørkt hol.

Om Ingeborg (37) hadde treft seg sjølv som 20-åring hadde ho vore glad for at denne jenta skal få det så mykje betre, men òg vondt av dei hindera ho skal over først.

– Ikkje lytt for mykje til di indre stemme. Løft blikket.


Les også: Som 20-åring kom Kaveh Rashidi inn på bustadmarknaden takka vere finanskrisa

Til venstre er kjendislege Kaveh Rashidi fotografert i 2015. Til høgre er han fotografert i samband med programleiarrolla under årets tv-aksjon på NRK. Foto: Privat/David Dundas,NRK