Kristian (17) er uroa for fråfallet i idretten – vil ha fleire hobbylag

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er mykje å henta i idrett, difor er det synd at så mange sluttar på grunn av at konkurransefokuset vert så stort og det kjennest ut som ein deltidsjobb.

Det seier Kristian Daljord (17) på telefon til Framtida.no. 

I november var vidaregåandeeleven frå Tromsø deltakar under Framtidsmøtet, der 50 ungdommar var invitert av Kronprinsparets fond og KS for å gje innspel om psykisk helse.

Ungdommane kom men ti konkrete råd, og Daljord fremma forslaget om eigne hobbylag, som ei motvekt til prestasjonsfokuset som gjer at mange unge droppar ut av idretten.

6 av 10 sluttar før dei er 18 år

– Mange droppar ut rundt 14-15-16-årsalderen, fordi prestasjonsfokuset er så stort, seier Daljord.

Han viser til ein rapport frå NOVA, som viser at 6 av 10 som er med i idrett droppar ut før dei er 18 år.

17-åringen fryktar fråfallet påverkar både den fysiske og psykiske helsa til unge negativt, og peikar på at idretten kan vera ein særleg viktig sosial arena for dei som ikkje trivst på skulen.

– For mange er det veldig sosialt å vera på trening. Om det er den einaste plassen du har vener og trivst, så mistar du mykje sosialt om du sluttar, seier Daljord.

Kvinne triksar med fotball

Illustrasjonsfoto: Rhett Lewis on Unsplash

Negativt for folkehelsa

Som representant i ungdomsrådet i Tromsø og gjennom samarbeid med Tromsø idrettsråd har Daljord fått innsikt i problematikken med unge som droppar ut.

Daljord peikar på at NIF oppmodar krinsane til å ha lågterskeltilbod, men meiner det burde vore enno tydelegare krav om dette.

Sjølv slutta han med fotball då han flytta frå Sortland til Tromsø i sjuårsalderen, og har inntrykk av at lagidrettane skil seg ut negativt.

– Det er spesielt fotball. Fotball er blant dei største idrettane me har. Det er lagspel der ein speler i ulike divisjonar og turneringar. Om ein ikkje er så god og bommar på målet vert ein nok ikkje superpopulær, så då vert det kanskje naturleg at ein sluttar.

– Kva tenkjer du er konsekvensane av fråfallet i idretten?

– Eg trur det er med å påverka folkehelsa negativt på mange område, men òg det psykiske. Det er mange vegar frå fotballbanen og inn på rommet for å game, slik at ein møter færre folk og det går ut over psyken, seier Daljord.

Kompleks situasjon

Noregs idrettsforbund har jobba mykje med problematikken om fråfall i idretten. Rådgjevar i Noregs idrettsforbund, Linda Jacobsen, forklarar i ein e-post til Framtida.no via kommunikasjonsavdelinga at situasjonen er kompleks.

Linda Jacobsen er rådgjevar i Noregs idrettsforbund. Foto: NIF

– Enkelte ungdomar får andre interesser, skule, lekser og andre gjeremål tek meir tid og har fleire krav enn før, og deltakinga i organisert idrett kan krevja meir enn tidlegare. Årsakene til fråfall i ungdomsåra er mange, og det finst ikkje berre ei årsak til at ungdom vel å slutte med organisert idrett. Enkelte sluttar fordi det ikkje er gøy lenger, og at den organiserte idretten blir for prestasjonsfokusert.

Ho meiner mange idrettslag gjer ein fantastisk jobb med å inkludera og legga til rette for ulike ambisjonar og ønsker, men at det framleis er ein veg å gå.

– Vi skulle sjølvsagt ønske at fleire ungdommar i aldersgruppa heldt fram lenger i den organiserte idretten lokalt, men er samtidig glade for at mange ikkje sluttar heilt med fysisk aktivitet, fortel Jacobsen og held fram:

– Vi trur den organiserte idretten har ein ekstra dimensjon å tilby gjennom å vera et sosialt samlingspunkt med faste oppmøtetidspunkt og treningstider. Dette skaper forplikting både ovanfor seg sjølv og laget/gruppa ein er ein del av – og ikkje minst sosial tilhøyrsle – som er viktig for oss.

Ulike ambisjonsnivå

NIF ynskjer at fleire idrettslag tilbyr aktivitetar for ulike ambisjonsnivå.

– Det er ikkje alle barn og unge som ønsker å trene og konkurrera fleire dagar i veka. Nokre idrettslag er allereie gode til å lytta til ungdom og tilby ulike aktivitetar ut ifrå ungdom sine behov og ønsker, men idretten kan bli enda betre på dette området. Ungdom sjølv må gjerne utfordra sitt lokale idrettslag til å legga til rette for meir av dette. Ungdom kan også sjølv ta initiativ til og bidra til slik aktivitet innanfor idrettslaget.

Ho svarar at det likevel vil vera krevjande å krevja eit slikt tilbod sidan idrettslaga er sjølvstendige einingar styrt av styre og årsmøtet.

Etterlyser aktivitetsguide

Kristian Daljord peikar på at NIF allereie har ei ordning med aktivitetsguide, som skal gjera innvandrarar kjent med tilbodet. Han etterlyser ei tilsvarande oversikt for unge i alderen 13–19 år.

– Dette er ein spennande tanke og idé! svarar Jacobsen, og held fram:

– Sidan ein stor andel barn og ungdom allereie er innom den organiserte idretten trur vi det er nesten endå viktigare å ta godt vare på medlemmene våre, og tilby dei eit aktivitetstilbod i tråd med det dei sjølv ønsker og har behov for – slik at dei held fram så lenge som mogleg og gjerne livet ut.


Martim Santos (10) syntest det var kult å oppdage ein idrett som han kunne verte god i. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg