Klæbo har laga film om Klæbo: – Har måtta leggje bort å vere veslebror
Ola Høsflot Klæbo er musikar, kunstnar, og no regissør. Saman med Stian Engh har han laga film om Johannes Høsflot Klæbo.
– Eg har på ein måte tatt tak i ting eg ikkje har turt å spørje om tidlegare. For nå har vi måtta. Og så trur eg at eg forstår meir korleis han er som person, og korleis hovudet hans fungerer, spesielt i sesong.
Fredag 14. november kjem dokumentarfilmen Klæbo, som tar for seg oppløpet og den historiske prestasjonen til langrennsløpar Johannes Høsflot Klæbo i VM 2025.
Ola Høsflot Klæbo (24), som er broren til Johannes, har òg blitt beskrive som eit langrennstalent. Han har likevel vald ein ganske annan veg enn storebror og er musikar under artistnamnet OKEY, og han lagar graffitikunst.
No har han saman med Stian Engh (26) hatt regi på filmen om broren. Dei to har òg filma og klippa filmen, og Ola Høsflot Klæbo har laga all musikken.
Framtida møter dei to i Sal 1 på Colosseum kino, kor dokumentaren skal ha sin fyrste festpremiere.
Måtte leggje bort å vere veslebror
Høsflot Klæbo seier det har vore spesielt å lage ein film om si eiga bror.
– Det er eit eller anna med at du skal blottleggje både han, men også heile resten av familien. Det er snakk om dei menneska du er mest glad i i heile verda, og så skal ein følge dei på gode og tunge dagar, og klippe det saman til ei historie. Det har vore veldig rart. Men det gir jo òg ein moglegheit til å få lov til å fortelje historia slik den faktisk er frå innsida, seier Ola Høsflot Klæbo.
Han seier det ein film om eit idrettshovud som er heilt avhengig av menneska rundt seg, og korleis den familien jobbar felles mot eit mål om at ein av dei skal bli best i verda.
– Målet vårt har heile tida vore å lage ein film som er så ærleg som mogleg, og då må ein tørre å ta tak i dei tinga. Då har det skjedd at eg har måtta leggje bort det å vere veslebror, og tatt på meg rolla som filmfotograf eller regissør. Og så har Stian vore heilt essensiell, slik at vi faktisk har klart å stille dei spørsmåla, seier han.
Høsflot Klæbo seier òg at oppgåva blei vanskeleg fordi idrettsutøvarar er avhengige av ein stabil psyke, og at å rote for mykje i det ubehagelege kan resultere i dårlegare idrettsprestasjonar.
– Johannes blei sjuk berre veker før VM, og måtte reise heim frå høgdetrening, avbryte planar og tenke heilt nytt. Då bad vi han kome og sette seg i stolen. Det var ein ubehageleg dag på jobb, for då stilte eg spørsmål som eg normalt sett aldri hadde stilt som bror. Men som filmskapar var det heilt avgjerande, seier Høsflot Klæbo.
Han seier det har ført ham nærare broren.
Ekstrem læringskurve
Stian Engh har jobba mykje med foto og video, men seier han ikkje har sett så mykje på langrenn før dette prosjektet.
– Eg fekk ein telefon i oktober i fjor, om eg ville vere med å lage film om Johannes. Då sa eg ja med ein gong. Hadde eg visst då, kor stort det skulle bli, og kor mykje jobb eg måtte leggje ned, så hadde eg nok gått to rundar med meg sjølv. Det hadde eg. Men eg angrar ingenting, seier Engh.
Ingen av dei to har gjort noko i denne skalaen før.
– Vi har forsøkt å førebu oss på at det kjem til å kome ein del meiningar om filmen, både fordi det er nasjonalsporten, men òg fordi Johannes har blitt den profilen han har blitt, seier Høsflot Klæbo.
Filmen har allereie blitt kritisert av Danby Choi. Han meiner den ikkje kan kallast ein dokumentar, fordi Johannes Høsflot Klæbo betalar for den, og fordi broren er med å lage den.
Johannes Høsflot Klæbo svara don gongen kritikken med at han er usamd, og meiner objektiviteten blir ivaretatt fordi filmen har eit eksternt produksjonsfirma.
Sjølv om dei to regissørane har jobba mykje med å førebu seg på kritikk og meiningar, trur ikkje Høsflot Klæbo dei er heilt klare for alt som kjem.
– Vi har laga kortare videoar og slikt, men aldri noko som dette. Læringskurva har vore ekstrem, men det er kanskje det som har vore det mest morosame med prosjektet òg. At ein får heilt frie taumar, seier Engh, som er stolt over resultatet av det harde arbeidet.
– Det er veldig lett å gi seg før målstreken, men vi har stått løpet ut og lagt heile livet inn i at dette skal bli så bra som mogleg. Eg er stolt av det vi har laga, og gler meg til folk får sjå det, seier han.











