Verdsmeistrane i fotball-VM for herrar får ti gongar så mykje som kvinnene

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søndag vert det omdiskuterte verdsmeisterskapet i Qatar sparka i gang. Etter fire veker står eitt lag att som vinnar – og dei hentar heim ein premiepott på 42 millionar dollar.

Det er rett over 417 millionar norske kroner.

Då kvinnelandslaga spelte verdsmeisterskap i 2019 var premiepotten ein tiandedel. USA sikra førsteplassen og 39,8 millionar norske kroner.

Det melder nyheitsbyrået AP News.

Herrane må på banen

Samla sett har Fifa øyremerkt nesten 4,7 milliardar norske kroner i premiepengar til årets Qatar-VM. I fotball-VM for kvinner i 2019 var den totale premiepotten rett under 300 millionar.

– I dag er verdsmeisterskapet for herrar det som finansierer alle Fifa-konkurransar, inkludert kvinnene sitt verdsmeisterskap. Men vi har sett nye trendar i inntektene, seier Fatma Samoura, generalsekretær i Fifa, ifølgje AP News.

Dette kan bety endringar i Fifa-premiane.

Ifølgje Gina Antoniello, amanuensis hjå NYU School of Professional Studies, lyt herrelag involvere seg før kvinnelag får likeløn.

– Så korleis kan vi få desse allierte? Fordi det er det rette å gjere. For kvinners rettar er menneskerettar, seier ho til AP News.


Becky Sauerbrunn er ein av dei amerikanske landslagsspelarane som jublar for likelønsavtalen. Foto: AP