Arbeidstilsynet: – Unge arbeidstakarar skal ikkje ha nattarbeid

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Unge arbeidstakarar skal vernast ekstra mot arbeid som kan vere skadeleg for dei. Dette inneber at dei i endå større grad enn vaksne skal skjermast for nattarbeid, som vi veit kan gi negative effektar på mellom anna helsa og det sosiale.

Det seier seksjonsleiar Anette Østmo Farstad i Arbeidstilsynet i ein pressemelding.

Arbeidsmiljølova seier at arbeid mellom kl. 21.00 og kl. 06.00 er nattarbeid, som i utgangspunktet ikkje er tillate for nokon. Unntak kan gjerast om arbeidet ikkje kunne vore gjort på dagtid istadanfor på natta, som ved restaurantar og serveringsstadar.

Forbode med arbeid etter midnatt

Restaurantar og serveringsstader kan tilsetje unge over 15 år. Også i denne bransjen skal unge skjermast for nattarbeid, med nokre få unntak.

Unntaka gjeld mellom anna for reingjering, lett vakthald eller om ein har lærekontrakt i ei hotell- og overnattingsverksemd. Men også då er det forbode for ungdom under 18 år å jobbe lengre enn til midnatt.

– I Arbeidstilsynet ser vi at enkelte arbeidsgivarar ikkje er kjende med forbodet mot nattarbeid for unge arbeidstakarar, seier Farstad.

Når det skal tilsetjast personar under 18 år har arbeidsgivar plikt til å ta standpunkt til om arbeidet kan vere til skade, og gjere det som er nødvendig for å vareta tryggleiken, helsa og utviklinga til arbeidstakaren. Dei skal gjennomføre ei risikovurdering, som skal følgjast av konkrete tiltak.


Les også om arbeidskvardagen som redaktør i KK: – Jobben min er ein draum! fortel Ingeborg Heldal (49)

Ingeborg Heldal er redaktør i KK. Foto: Privat