Berre tre av ti unge veit kor mykje dei skal ha i overtidsbetaling

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trude Vollheim er direktør i Arbeidstilsynet. Foto: Thor Nielsen/Arbeidstilsynet

– Det er viktig at dei unge får ein god start på arbeidslivet. For at det skal vere mogleg, må både dei unge og arbeidsgivarane ha god kunnskap om kva rettar og pliktar som gjeld i tilsettingsforholdet, seier direktør i Arbeidstilsynet, Trude Vollheim, på nettsidene til Arbeidstilsynet.

I ei fersk undersøking frå Arbeidstilsynet, gjennomført i aldersgruppa 18–26 år, kjem det mellom anna fram at berre tre av ti veit at dei har krav på minimum 40 prosent av timeløna i overtidsbetaling.

– Resultata frå undersøkinga samsvarer med erfaringane vi gjer oss på tilsyn, seier ho.

Det er likevel grunn til optimisme. Ni av ti er klar over at dei har krav på arbeidskontrakt og opplæring.

Vollheim rår likevel unge som skal ut i arbeid, om å setje seg godt inn i kva rettar ein har i ein jobb, og at ein ikkje signerer arbeidskontrakten før ein har sett grundig gjennom han.


Snart er det sommarjobbsesong! Er du klar over kva rettar og plikter du har som arbeidstakar? Illustrasjonsfoto: Pixabay . Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen