Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har alltid vore interessert i musikk, men kan verken synge, rappe, produsere beats eller spele instrument! Men eg har alltid hatt lyst til å jobbe i musikkbransjen behind the scenes.

Manbir Singh Plaha jobbar som prosjektleiar og promoansvarleg i musikkselskapet Universal Music Norge og er visepresident for deira satsing Def Jam Recordings Norway, ein jobb som inneber mykje kontakt med Noregs musikkbransje. 

Marstein, Astrid S og Common

I desse dagar jobbar han med Marstein og Jon Ranes fra UNDERGRUNN, som nyleg har sleppt kvart sitt solo debutalbum. 

Tidlegare har han jobba med namn som Jonas Benyoub, OnklP, Broiler, Common (US), Hkeem og Astrid S.

– Eg har mange vener som er artistar og som jobbar med artistar. Så eg har vore med dei rundt i mange år og sett korleis det fungerer. Så det inspirerte meg veldig til å kome meg inn i bransjen, forklarar Plaha.  

Manbir Singh Plaha i kulissene då Onkel P gjesta Lindmo på NRK1. Foto: Privat

Ingen vanleg 8-16-jobb

37-åringen har studert reklame og merkevarekommunikatør ved Norges Kreative Fagskole.

Det var i 2015 at Plaha tok ein sjans og søkte på jobben i Universal Music Norge etter tips frå ein bekjent som hadde jobba der.

– Svarte det til forventningane?

– Eg forventa at det ikkje er ein vanleg 8-16 jobb der du gjer det samme dag inn, dag ut. Og det er det absolutt ikkje! Ein møter mange nye folk, artistane ein jobbar med er forskjellige og ein blir utfordra på forskjellige måtar.

Ein vanleg arbeidsdag inneber alt frå å vera med artistar ut på promoarbeid i radio, tv eller intervju med journalistar, senda og svara på e-postar, laga budsjett for artistane og koma på kreative idear for å marknadsføra musikken.

Manbir Singh Plaha (til høgre) med superstjerna The Weeknd og Abiel Tee. Foto: Privat

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Nei, eg utdanna meg til noko heilt anna enn det eg jobbar med i dag. Men det har kome godt med at eg lærte meg å jobba med merkevarer. For artister er jo som eit brand (red.anm merkevare).

Draumedag med Common

Det mest utrulege som har skjedd 37-åringen på jobb er då han fekk henga med den amerikanske artisten Common ein heil dag. 

– Eg er stor fan av han frå før! Vi var på ein heil promodag, så eg fekk bli kjent med han. Hadde gode samtalar om alt og ingenting. Det var ein veldig bra dag på jobb.

Manbir Singh Plaha med superstjerna Common. Foto: Privat

Det beste med jobben synest Plaha er at han får møta mange spanande menneske, dra på konsertar og festivalar, og at han blir utfordra dagleg.

– Kva er det mest utfordrande?

– Nokre gonger kan ein ha ein kul idé, men det endar opp med å koste altfor mykje. Hehe

Nettverk er alfa og omega

Plaha trur at veldig mange har ein tanke om at ein må kunne alt om musikk for å jobbe i eit plateselskap, noko han tilbakeviser.

– Ein treng ikkje å vera ein artist, produsent eller kunne spele instrument for å jobba her.

Han trur likevel yrket passar for alle som brenn for musikk, og å vera ein del av eit lag som er med å dytte ein artist til neste nivå.

Manbir Singh Plaha (til venstre) er òg visepresident i Def Jam Recordings Norway, som ligg under Universal Music Norge. Foto: Privat

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Nettverk! Be out there. Nettverk er alfa og omega for å bli kjent med menneske som er i denne bransjen. Ikkje ver redd for å bli kjent med eller stille spørsmål til dei som jobbar innan den bransjen du har lyst til å jobba med.

Og Plaha sin draum for framtida er klar:

– Ein dag sitja på toppen.


Foto: Marit M. Simonsen via SNL/CC BY NC SA 3.0, Privat.

Manbir Singh Plaha

Alder: 37

Frå: Groruddalen, Oslo

Yrke: Vice president for Def Jam Norway. Prosjekt og promotion manager hos Def Jam Norway og Universal Music Norge

Utdanning: Reklame og merkevarekommunikatør