Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er nok meir på pulten på kontoret enn folk kanskje ser for seg. For sjølv om eg innimellom er på moteveker og spennande fotoshoots, er det på kontoret saman med resten av redaksjonen eg er aller mest.

Ingeborg Heldal (49) samanfattar ein vanleg dag som ansvarleg redaktør hos KK. Mykje av tida går med til ulike møter, diskusjonar med journalistane, å skrive leiar eller kommentarar til magasinet, velje ut bilete og til å lese gjennom saker:

– Men det er aldri to dagar som er heilt like.

49-åringen frå Ringsaker vart først kjend i 1999. Då var ho klasseforstandar ved Uranienborg skole og hamna i media sitt søkjelys etter at dåverande president Bill Clinton stoppa og prata med ho framfor Slottet.

I dag driv ho redaksjonen i Noregs eldste kvinnemagasin.

Powerwomen

Ingeborg Heldal er ein av kvinnene ein møter i den nye dokumentarserien Powerwomen Norge. Der får sjåarane vere med i kvardagen til ho, Isabelle Ringnes, Anita Krohn Traaseth, Iman Meskini og Leah Isadora Behn – anten det er jobbmøte eller familietreff.

Anita Krohn Traaseth, Iman Meskini, Leah Behn, Ingeborg Heldal og Isabelle Ringnes viser kvardagen i serien Powerwomen Noreg. Foto: Viaplay

Med Heldal er ein med bak dørene til KK, der ho har vore redaktør sidan 2017.

– Før det hadde eg mellom anna vore journalist i same magasin, og redaktør i Side2 og Cosmopolitan, fortel Heldal.

Redaktøren har mellom anna ei bachelorgrad i journalistikk, og meiner utdanninga på mange måtar budde ho på arbeidskvardagen ho har i dag:

– Utdanninga gav meg ein fagleg tryggleik, som var veldig god å ha særleg i dei første leiarjobbane, der det ofte var litt skummelt å vere den som skulle ta dei fleste avgjerslene.

– Jobben min er ein draum

KK-redaktøren fortel at ho tok vegen inn i journalistikken fordi ho var glad i språk og historieforteljing på alle flater:

– Og så har eg ein stor forkjærleik for magasin og det å formidle både gjennom språk og bilete. I tillegg til å vere glad i språk er eg også ein estetikar, så magasin vart eit naturleg val for meg.

– Svarte det til forventningane? 

– Det gjekk eigentleg over alle forventningar eg hadde! Jobben min er ein draum! Eg får jobbe med noko eg er så utruleg glad i, kombinere det eg synest eg gøy med ting som eg også synest er viktig. Det gjer at eg synest jobben vert veldig gjevande.

I 2019 vart Ingeborg Heldal nominert til prisen Årets redaktør av Oslo Redaktørforening, og rosa for sine strategiske val og journalistiske prioriteringar.

Kvart år inviterer KK kvinner til å springe KK-mila. Her med Else Kåss Furuseth og Olaf Tufte. Foto; Privat

Vert rasande av at folk trur magasinbransjen er vas

Det mest utfordrande med å leie KK-redaksjonen er at det tidvis er veldig mykje jobb, og det kan verte vanskeleg å prioritere, fortel Heldal.

– Kva er det beste med jobben?

– At han er variert og spennande, at eg har ein direkte påverknad på kva folk les, og kan setje fokus på ting eg brenn for som kvinnehelse og mangfald.

– Kva feiloppfatningar har folk om yrket ditt og det du driv med?

– At magasinbransjen berre driv med overflatisk vas! Då vert eg rasande! fortel Heldal.

Redaktøren peikar på at det ikkje finst eit medium i Noreg som skriv meir om kvinnehelse enn KK.

– Vi skriv sjølvsagt også om klede, mote, interiør, hår og strikkeoppskrifter – lesarane har kome til KK for inspirasjon i snart 150 år! Men vi klarar jo å ha både to, tre og fire tankar i hovudet på ein gong! konstaterer Heldal og held fram:

– Eg meiner det heilt fint går an å skrive om ting som er viktig og alvorleg utan at vi treng å velje vekk det som er inspirerande og gøy!

Tidlegare i år, då mediebransjen møttest til prisdryss i Bergen, vart KK heidra med prisen Årets magasin.

KK vart kåra til Årets magasin i 2022. Foto: Privat

«Årets magasin har gjort en tydelig profilendring de siste årene, og valgt å være et magasin som tar standpunkt og viser samfunnsansvar. Mangfold og bærekraft er viktige pilarer magasinet bygger alle redaksjonelle valg på,» stod det i grunngjevinga.

Beyoncé og Liv Ullmann

Ingeborg Heldal meiner redaktørjobben passar for alle som er glade i språk, historieforteljing og menneske.

Ho rår unge som siktar mot yrket til å starte med å lese mange gode bøker:

– Ingenting gjev betre språk enn å la seg inspirere av god litteratur. Søk jobb i lokalavisa der du bur, det er ei fantastisk erfaring å ha med seg. Jobb hardt og målretta, det er verd det, tru meg!

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

Eg trur det må vere då eg møtte Beyoncé på jobb i Madrid. Ho er jo sjølve dronninga! Og var eit av dei vennlegaste menneska eg har møtt. Å få gje KK sin ærespris til Liv Ullmann står også langt oppe på lista!

I 2020 fekk Liv Ullmann æresprisen i KK si årlege «Årets kvinner»-kåring. Foto: Privat

Sjølv drøymer Heldal om å få ha redaktørjobben i KK riktig lenge enno.

– Men ein stad der framme drøymer eg om eit hus ved vatnet der eg sit og skriv bøker.


Grafisk designar og GIF-skapar Nora Fikse sit mellom nokre av teikningane sine.

Nora Fikse arbeider fulltid som grafisk designar og gif-skapar. Foto: Privat

Fakta

Namn: Ingeborg Heldal

Alder: 49

Frå: Brøttum i Ringsaker

Yrke: Redaktør i KK

Utdanning: Tysk grunnfag, historie mellomfag, sosiologi grunnfag, pedagogikk grunnfag, bachelor i journalistikk.