Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lista over utrulege ting frå arbeidskvardagen til paleontolog Jørn Hurum byrjar å verte ganske lang. Han har reist tallause turar til Svalbard for å grave ut øgler, skrive fleirfaldige bøker, vore fast innslag i NRK-programmet Newton og skapt overskrifter verda rundt.

– Men å verte tilboden Ida over ein drink på ei steinmesse i Hamburg er vel blant dei villare, fortel han Framtida.no på e-post.

Ida er det mest komplette primatfossilet i verda, og kring 47 millionar år gammalt.

Unikumet Ida

Fossilet vart opphaveleg funne i 1983 i Messel i Tyskland. På den tida då «Ida» levde, var området ein fuktig jungel.

I moderne tid har Messel vore kjent for å huse enorme mengder unike fossil, noko som førte til at både profesjonelle og amatørar drog på fossiljakt i området.

Kven som fann Ida, er det ingen som veit. På 80-talet var det nemleg ulovleg for privatpersonar å samle på fossil. Ida vart difor halden hemmeleg og gøymt vekk hos ein privat samlar i over 20 år.

Fossilet «Ida» er kalla opp etter dottera til Jørn Hurum. Foto: Marit M. Simonsen via SNL/CC BY NC SA 3.0

I desember 2006 var Jørn Hurum på fossilmesse i Hamburg. Der vart han kontakta av ein seljar som heitte Thomas Perner som tilbaud han Ida over ein paraplydrink.

Paleontologen sov knapt dei neste dagane, og då han var komen attende til Naturhistorisk museum i Oslo bestemte museet seg for å kjøpe fossilet.

Tre år seinare, i 2009, vart Ida presentert for verda og vart ein sensasjon.

Paleontologdraumen

Jørn Hurum fatta først interesse for faget då han las boka Ola og eventyret om dyra som barn.

– Eg bestemte meg for å verte paleontolog då eg var 6 år, minnest 55-åringen frå Mjøndalen.

Paleontologi er faget som forskar på alt som har med fossil å gjere. Hurum valde yrkesvegen fordi han har lyst til å lære så mykje som mogeleg, og oppdage nye fossil som kan fortelje om livets utvikling:

– Fossil er det einaste handfaste som kan fortelje om kor eg og alt anna liv kjem frå.

Med draumeyrket i siktet var det berre om å verte ferdig med skulen, slik at han kunne starte på paleontologistudiet ved Universitetet i Oslo.

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Utdanning er meir kjedeleg enn å jobbe i yrket.

Museumskvardagen

Etter 9 år på UiO hadde Hurum ei doktorgrad i bagasjen, og han vart tilsett på Naturhistorisk museum på Tøyen i Oslo. Hurum er tydeleg på at han har sikra seg draumejobben:

– Ved å jobbe på eit museum er det veldig opp til deg sjølv kor mykje og kva du gjer.

Mange trur nok at Hurum har ein kvardag der han heile tida reiser verda rundt og grev ut dinosaurar, men det er ikkje heilt tilfelle:

– Det er fleire dagar på kontoret framfor pc-en enn det er ute i felt og grave.

Likevel er arbeidskvardagane varierte, for ein vanleg dag som paleontolog finst ikkje.

– Akkurat no har eg brukt 11 år på å lage dei nye utstillingane om fossil og jordas historie på Naturhistorisk museum (opna i mai), men samstundes har eg kvart år grave ut øgler på Svalbard, halde føredrag om dinosaurar og skrive bøker.

Her er Jørn Hurum på feltarbeid på Svalbard. Foto: Privat

For sin eigen del drøymer Hurum om å få halde på akkurat som han gjer no, heilt til han lyt gå av med pensjon.

Yrket for nerdar som ikkje tenkjer på løn og status

Det aller beste med paleontologijobben meiner Hurum er fridomen til å gjere kva han sjølv vil med forskinga og formidlinga si.

– Kva er det mest utfordrande?

– At du må skaffe alle pengane til å gjere ting sjølv, slik som reiser og utgravingar.

– Kven passar yrket for?

– Nerdar som elskar fossil og ikkje tenkjer for mykje på løn og status.

Jørn Hurum rår unge til å satse på interessene sine og det dei har mest lyst til i livet.

 Ikkje ta ei utdanning fordi nokon seier det er lurt og du er sikra jobb. Bruk nokre år på å følgje draumen.

Samstundes påpeikar han at dei fleste som studerer paleontologi ikkje får ein forskarjobb etterpå. Mange vert lærarar, oljegeologar eller heilt andre ting.

– MEN dei har hatt det gøy i mange år, medan dei studerte.


Monica Thallinger er feltlege i Leger Uten Grenser.

Fakta

Namn: Jørn H. Hurum

Alder: 55

Frå: Mjøndalen

Yrke: Paleontolog (fossilekspert)

Utdanning: Professor